Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Ei historie frå 1933Skriv ut Utskrift
En nynorsk besvarelse til juletentamen i 10. klasse. Temaet var avskjed.
Nynorsk - FortellingForfatter:



Henrik hadde alltid vore ein godt likt kar her i bygda. Alle ville alltid spørje han om noko, eller berre spørje om han ville bli med å vippe pinnen. Uansett kva det kva, om kyrkja brast saman, ville dei ha spurt Henrik. Alle likte han, gamal eller ung, jente eller gut. Han kunne vere seriøs når han var med vaksne, men morosam og leken med oss ungar. Han var ikkje ein primmadonna, men han var slett ikkje stygg.

 

Eg derimot blei aldri spurt nokon ting, og eg vart mange gonger så sint på Henrik at eg kunne slå tennene ut av den velskapte kjeften hans. Men eg gjorde det aldri, for når mitt forhold te han var på det dårligaste, hjelpte han meg ut av ei knipe eller det var nesten som han visste kva eg tenkte om han og då prøvde han å hjelpe meg med å få ut sinne. Eg kunne jo ikkje slå han når han spurte om det, det gir ikkje same gleda.

 

Henrik var av den typen som kunne alt, visste alt og gjorde alt. Han var best på skulen vårast, og best i all slags idrett. Men han hadde ein svakheit. Det var også hans styrke: han måtte alltid hjelpe og redde andre, sjølv om han sat seg sjølv i fare. Det gjorde han også den dagen det brann.

 

Joakim og eg sat og så på Henrik. Han haldt på med høyet. Det var en typisk Henrik-gjerning, han hjelpte far. Far hadde spurt meg også, men eg sa at Joakim og eg skulle hjelpe far hans. Då slutta han å mase fort. Eg fekk dårlegare og dårligare magefølelse. Eg kunne sjå at Joakim også blei tyngre te sinns. Han hadde sagt te sin far at han skulle hjelpe min far. Utan et ord gjekk me vekk.

 

Me gjekk mot Per, den einaste guten i bygda utanom Joakim og meg då, som ikkje blei imponert av Henrik. Me tre hadde nesten starta ein klubb, ein ”me-hatar-Henrik-klubb”. Eg vart sjølvsagt valt som ordstyrar sida eg kunne få  ”innside” stoff, medan eg vart bror hans. Me blei allereie møtt av Sindre på tunet deira. Sindre er far te Per. Han spurte meg korleis det gjekk med bror min, ikkje korleis det gjekk med meg, men med bror min. Eg svarte at det gjekk fint. Men han ga seg ikkje der, han spurte meg om framtidsplanane te Henrik. Eg svarte på nokon av spørsmåla, men te slutt orka eg ikkje meir og eg svarte uhøfleg og spydig: ”Spør han sjølv då”.

 

Eg lurte på korleis Per takla at far hans var medlem i fanklubben te Henrik. Me snakka litt, mens me sat og fiska med elva. Eg sa at dette var det fyrste møtet på veldig lengje. Per utalte forsiktig og roleg at han ikkje ville lenger vere med i denne klubben, at han ikkje synast at Henrik var så ille. Han sa at faren hans mente at han burde vere meir lik Henrik. Og at visst ikkje han skjerpa seg på skolen, blei han sendt på barneheim. Per ville verkeleg ikkje på barneheim, og han hadde spurt Henrik om hjelp. Faren hans mente også at eg hadde dårleg innflytelse på Per. Eg kunne ikkje forstå det, hadde Per tatt ein sånn retning. Han fekk eller ville ikkje vere samen med meg meir. Eg var uroleg og rista inni meg, men eg var tilsynelatande roleg på utsida. Det einaste teiknet på uroleg heita som herska på innsida, var eit sukk. Eg skulle ikkje ha spilt så roleg, for Joakim syntes også at dette var eit godt tidspunkt for sei at han også ville ut av klubben.

 

Det var den siste dråpa i begeret. Eg laup vekk. Langt vekk. Eg stoppa ikkje før eg så skulen. Den majestetiske nye skulen som vart bygd i fjord. Den sto på ein bakketopp og skulte utover dalen. Eg gjekk inn gjennom det opne vindauget. Det sto ei flaske bensin på bordet. For lærar Hansen hadde ein av dei nymotens automobilane, men han vart sikkert ikkje heime, bilen hans var jo vekke. Då fekk eg ideen. En perfekt plan for å få merksemd. Eg skulle bare ta litt fyr på skolebygget, ikkje mykje. Så skulle eg komme tilfeldigvis forbi, og så kunne eg slukne brannen.

 

Dessverre gjekk det ikkje sånn. Eg fekk te å tenne på, men sløkkinga gjekk det verre med. Eg pøste på med vann og tok av meg jakka og prøvde å slokke det med å slå genseren mot flammene. Eg kunne ikkje få det te, flammane kom nærmare og nærmare. Eg kunne nesten ikkje skimte stova lenger. Beina orka ikkje meir, eg måtte leggje meg ned. Temperaturen var umenneskeleg. Ein skikkelse viste seg i døra. Den kom nærmare, det var ein mannsskikkelse. Henrik sto plutseleg på sida av meg. Han løfta meg opp. Eg hadde aldri vore meir glad for å sjå Henrik. Eg hata meg sjølv for å ha vore sånn mot han. Han fekk meg ut i sikkerheit, men han gjekk sjølv inn igjen. Eg så han så vidt kvar gong han gjekk ut for å hente vatn i elva, og kvar gong han gjekk inn igjen. Eg haldt pusten kvar gong han var inne og klarte ikkje å puste igjen for han kom ut på vegen.

 

Den siste gongen kom han ikkje ut igjen. Eg tenkte på mye rart i begavelsen hans. Eg tenkte på meg sjølv, på Joakim og sjølvsagt på Henrik. Kva ville skje no. Ingen visste at eg var den som tente på. Alle hadde berre trudd at eg hjelpte bror min.

 

Eg tenkte på kor fantastisk han var, ikkje berre den dagen, men alle dagane. Han var noko spesielt. Eg trudde aldri eg kunne tilgje meg sjølv for å ha sette på den brannen. Og så berre for å få litt merksemd. Den siste avskjeden var vanskeleg, men eg kom meg igjennom det. Og eg føler eg har vekst som person, og eg vil aldri, aldri gløyme Henrik og det han sto for!




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish