Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Eg satt på trappa og venta

Eg satt på trappa og venta

En novelle på nynorsk om to stykker som jobber med et skoleprosjekt. Den ene er tilbakeholden, mens den andre er bøllete.

Karakter: 5 (10. klasse)

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
12.03.2008
Tema
Vennskap

Eg satt på trappa og venta. Eg venta på at Sara skulle komme heim. Det var den typen eg var. Den som venta, for viss det berre var Ramona så vart det ingen hast. Ho hadde jo ikkje noko betre å finne på. Korleis hadde det blitt slik at eg var den typen? Når eg gjekk i barnehagen ville eg berre vere snill så eg ga fort frå meg leikebilen, viss nokon spurte. Det var vel sånn dei andre ungane lærte å ikkje bry seg om Ramona. Eg var berre der. Sånn var det også når eg satt der og venta på Sara. Me hadde et prosjekt saman. Prosjekt om vassenergi. Og som vanleg ble eg satt saman med problemungen. Sånn var det alltid, ikkje ein gong lærarane brydde seg om kva eg hadde å sei. Eg ville mykje hellar jobbe med Markus eller Linda, men kven brydde seg.

 

Så der satt eg og venta på Sara, bølla som alle visste gikk på stoff, men på ein eller anna måte klarte å lure foreldra og trenaren. Sara var god i kampsport, ho hadde mange medaljar på det litle rommet sitt. Eg hadde vori inne i det huset før skjønner du. Me hadde prøvd å begynne på prosjektet, men Sara var enda meir skremmande heime utan at foreldra var der enn på skolen. Ho prøvde å gi meg stoff, men eg sa nei. Det var fyrste gong eg verkeleg sa i mot nokon. Ho ble rasande og eg vart redd og løp heim. Men eg hadde nå ”manna”  meg opp til å prøve på nytt. Me hadde avtalt å møtes i dag klokka sju, men når klokka var ti på åtte og ho hadde ennå ikkje komme. Det var jo ikkje uvanleg, å komme for seint var noe som kjenneteikna Sara.

 

Eg satt der og tenka. Eg tenka på at eg ikkje hadde så mange vennar. Det er ikkje det at dei var særskilt dumme mot meg, det var berre det at dei aldri brydde seg. Om eg gjorde det bra eller dårleg så viste dei større oppmerksemd til traktoren utanfor klasserommet. Det var nok det som var verst, at dei ikkje brydde seg. Dei hadde ikkje noko meining om meg. Alle hadde ei meining om Sara. Eg hadde eigentlig ikkje noko imot Sara, men nå var eg lei av å vente på ho. Eg skjønte nå at eg var lei av alt, eg ville bli lagt merke til. Eg ville gjera noko drastisk, eg ville bli sett på når eg går forbi. Det gjekk opp for meg at det var tid for handling.                                                                                             

Der kom Sara. Eg hadde jo ikkje bestemt meg for kva eg skulle gjera. Ho kom så uventa.”Hei ” sa ho. Hei sånn heilt utan vidare. Hjernen var totalt avskilt frå kroppen, det var som eg så på det utanfor. Eg knytte handa utan at eg visste det i lomma. Eg tok handa seint ut. Den hadde retninga mot det maltrakterte andlet hennas. Eg lukka augo. Eg ville ikkje sjå på augeblikket der eg, ein 50-kilos byjente skulle utfordre landsdelsmeistaren i Tacko-Wandu. Plutseleg tok handa mi ei anda retning, ho gjekk nedover.

 

No sitt eg heime og høyre på musikk. No så alt så mykje betre ut. Meg og Sara hadde blitt vennar etter at eg hadde tatt ho i handa. Eg hadde fått den fyrste vennen min. Sjølv om det så lysare ut nå, så kan eg ikkje slutta å lure på kva dei vil sei i morgon.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil