Brus

Sjanger
Essay
Språkform
Nynorsk
Tema
Drikke

Phhsssss, ein lyd vi kan høyre i tusenar av heimar i heile verda. Ja, du har heilt rett viss det er brus du tenker på nå. Det er nemlig det eg har tenkt å skrive eit essay om, for å vere heilt korrekt har eg visstnok begynt.

 

Phhssss, ei flaske blir opna, kullsyra strøymer ut. Ut frå flaska kor ho har lege i vekevis, utan å få utløp for si aggresjon, aggresjonen over nemleg å bli pressa ned i denne tronge plastflaska. Aggresjonen blir større og byggjar seg opp til eit hat, hatet blir så stort at brusen berre fossar over, renn nedover flaska og gjer deg klissete og ekkel på fingrane. Hatet dempast og skummet forsvinn sakte, men sikkert. Du hentar ein tørkerull, meir korrekt ein Lambi tørkerull, for den likar sauene best. Kven bryr seg om at sauene likar tørkepapiret du brukar, ikkje eg i kvert fall. Du tar og tørker lett av flaska og bordet, brusen blir suga opp i papiret, akkurat som sauereklamen kor sauen drikk heile vatnet kor guten fiskar. Bordet blir klissete, papiret heng fast, og du blir delvis irritert, kva er bra med brus eigentlig? Det er usunt påståes det, bordet blir klissete og mor blir sur, du må tidlegare i seng og tidlegare opp. Når du har komma deg gjennom dette ”helvetet” veit du at det nærmar seg noko, spenningstoppar som ein lærar ville sagt. Ja, skolen, kva er galt med han, lurer lærarane på, men det ein lærer ikkje veit er at ein elev har eit behov. Dette behovet er nemlig brus. Det fås ikkj kjøpt på skolane, fordi F.A.U synes ikkje ein brusautomat hører heime der. I Noreg er det påtvinga skolegang, men treng man skolegang for å bli som Davy Wathne? Det er det alle ungdommar drømmer om, egen Cola-automat på kontoret. Ungdommar blir rett og slett kåt av den slags. Du går og hentar eit glass, selvfølgelig står det Coca Cola på det for ellers er det ikkje eit skikkeleg brusglas. Du sett deg ned i ”stresslessen”, sett glaset på det klissete bordet, du grip etter brus flaska. Da handa din treff den kalde og klissete flaksa går det opp for deg kva som er så fenomenalt med brus. Vaksne menneske ville samanlikna det å drikke brus med å vinne i LOTTO eller ha sex, men du er heldigvis berre eit lite barn og derfor kan berre brusdrikking samanliknast med sist du drakk brus.

 

Du lyftar opp flaska og startar å helle ned i glaset, brusen dalar ned i glaset som ein foss, så kjem det brusande skummet. Det kjem ein lyd som kan samanliknas med ein flott dag på Mallorca, kor bølgjene slår inn mot alle dei knallraude turistane som ligg der og trur dei er så pene og brune. Når bølgjene har nådd så nær opp mot turistane som dei skulle, kjem det brusande brune skummet. Viss du puttar halve hovudet, meir eksakt øret ned i glaset, kor den eksklusive brusen er, kan du høyre ein lyd. Denne lyden minner om ein heilt vanleg dag i Bergen, altså det høyres ut som regn, dette får deg til å tenkje på dei uttørka plassane i Sahara kor det nesten aldri regner, drikk dei berre brus? Når du er ferdig med alle desse rituala kan du begynne å tenkje på å snart drikke denne brusen. Før du veit ordet av det, har du drukke heile glaset med brus. Nå kjem den gode kjensla av kjærleik og tryggleik, som du får når du drikk brus.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst