Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Norske mann i hus og hytter

Norske mann i hus og hytter

En stil om om nasjonalromantikken, der det blir brukt eksempler fra norsk litteratur og kunst.

Sjanger
Artikkel
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
21.05.2008


«Det er typisk norsk å vere god», sa Gro Harlem Brundtland i 1994. Men kva er det å vere norsk? I møte med utlendingar blir Noreg framstilt som paradis. Og for mange av dei vi møter er kanskje Noreg for eit paradis å rekne. Men kva er eigentleg Noreg, og korleis blei det til?

 

Gjennom oppveksten vår heime og på skulen, lærer vi mykje om vikingtida. Vi høyrer om dei barske, heroiske vikingane som skapte landet Noreg og sigra over alle dei møtte på sin veg. Vi trur at gamle Noreg var det same for dei, som nye Noreg er for oss. Men historia er skriven, og dei som lærer den vekk gjer det på sin eigen måte.

 

Gamle Noreg, eller det norrøne Noregsveldet, var ingen nasjonalstat slik vi tenkjer oss den. Det var store og små bygder samla under hovdingar, som igjen var samla under ein konge. Når dei som kom derifrå reiste ut i verda, var dei ikkje nordmenn. Dei var kanskje møringar, trønderar, eller lofotværingar. Deira identitet og lojalitet låg hos slekta og bygda, medan lojaliteten til høvdingen kanskje låg hos kongen.


 

Så blei vi danske, på same måte som vi hadde vore norske. Før danskekongen måtte gi fattige Noreg til svenskekongen. Og det er først no vi blir til nordmenn, og kvinner. Men korleis klarte vi i løpet av 1800-talet å skape eit slikt nasjonalt samhald?

 

For den enkle sjel er nok svaret her at vi allereie var norske, og at skapinga av Noreg tok til fordi vi ønska fridom. Eg vil ikkje påstå at dette er feil. Men eg vil påstå at det måtte meir til for å skape Noreg, enn berre å spørje svenskekongen om lov. Først måtte vi alle samlast under felles fane, og både møringar, trønderar og lofotværingar måtte kjenne seg norske.

 

Dei som utvandra til Amerika på 1800-talet hadde ikkje fått den nasjonale kjensla i kroppen enda. Det var vanleg for dei å seie namnet på bygda, og ikkje landet, når dei skulle fortelje kvar dei kom frå. Arbeidet med å skape nordmenn var hardt, men det blei gjort. Nasjonalromantikken feide over Europa, og var den dominerande retninga innan kunst frå ca 1800 til 1870-talet i Noreg.

 

For å skape ein stat trengde vi ein felles identitet. Denne blei skapt blant anna ved å finne ei stolt, felles historie. Ved å finne og framheve det nasjonale særpreget, norske verdiar og tankar. Og til slutt ved å få folket til å identifisere seg med dette. I Noreg gjekk vi tilbake til tida før 1380, då det norrøne Noregsveldet var samla under ein norsk konge. Dei sterke, barske vikingane gav oss alle noko vi stolt kunne tenkje på i møte med utlendingar.

 

I 1819 startar går startskotet for den nasjonalromantiske litteraturen i Noreg, når Maurits Hansen gir ut «Nasjonale Fortellinger». Ei av historiene, ”Luren”, blir kjent og kjær for mange. Den handlar om bonden Thor, og hans familie. Thor er ein kristen mann, som har Snorre og Bibelen i bokhylla. Han er ein ætling etter dei gamle norske kongane, og både han og dei blir omtalt i svært positive ordelag. Vi møter han i vakker natur, og han kjem mot oss i bunad. Maurits Hansen viser fram mange verdiar, og eit norsk særpreg folket kan vere stolte av. Saman med dei fleste andre norske romantikarane har han reist ut til bøndene, som er ikkje har vore i kontakt med danske herskarar eller utanlandske handelsmenn i stor grad. Vi må i ettertid hugse på at bondesamfunnet ikkje var slik Hansen har framstilt det. Det florerte med både alkohol og kjønnssjukdommar, og mange måtte slite for å overleve.

 

I Ivar Aasens dikt ”Gamle Norig”, fortel han om den hardtarbeidande bonden som har bygd landet. Den idylliske våren og det vakre i det langstrakte landet vårt blir framheva. Ivar Aasen er ingen dårleg diktar, men det er ikkje det han er hugsa for. Nynorskens far har saman med bokmålets far, Knud Knudsen, skapt det norske språket. Gjennom gjensidig påverknad er språket vårt blitt slik det er i dag. Vi bør derfor takke begge to for at vi slepp å ha ei dansk potet i halsen når vi skal prate.

 

Måleriet «Framnæs og Balestrand», av Hans Gude, er eit typisk eksempel på nasjonalromantisk biletkunst. Dei norske fjella ruvar høgt opp mot himmelkvelvinga, og skaper saman med den urolege sjøen eit dramatisk og spennande bilete. Saman med dei idylliske trea, viser Gude her verkeleg fram den norske naturen frå si beste side. Folkesjela har i 1850 for alvor blitt ein del av dei som bur i Noreg.

 

Denne nasjonalkjensla er viktig for å gi folk identitet, og noko å vere stolt av. Denne følelsen har i dag bora seg fast i hjartet til dei fleste nordmenn, som er snare til å bli defensive viss utlendingar kritiserer landet vårt. Vi er nemleg det beste folket i heile verda. Alt det gale i Noreg er det utlendingar som har skylda for. Dei stel jobbane, naskar i butikkane og valdtek jentene våre. Vi nordmenn må stå saman, og kaste dei ut av landet. Muslimane i dag, er slik jødane var under andre verdskrigen. Kast dei ut alle som ein, vi skyr dei som pesten.

 

Eit nasjonalt fellesskap kan i nokre tilfelle bli ein mur mellom oss og «dei». Den sunne nasjonalfølelsen blir då bytta ut med nasjonalisme, eller i verste fall rasisme. I staden for å samle innbyggjarane i Noreg under felles verdiar som ytringsfridom, demokrati og rettssikkerheit som ved den franske revolusjonen, vil ein del menneske ha «Noreg for nordmenn». Dei framandfiendtlege tankane står sterkt i visse deler av befolkninga.

 

Eg vil derimot komme med den ville påstanden at dagens samfunn er det beste vi har hatt i Norge, hittil. Sjølv om vi har dei ville taxisjåførane frå Pakistan, og dei fæle thailandske importkonene som element i vårt samfunnsbilete. Både samanlikna med det menneskefiendtlege vikingsamfunnet, og det kvinnefiendtlege bondesamfunnet er forholda forbetra i stor grad. Vi lever dessverre framleis i eit mannssamfunn, men eg trur og håpar at likestillinga er på full fart framover.

 

«Ein mann lar seg ikkje drepe for ein penge kvar dag, eller litt eventyrlyst . Du må snakke til sjela for å oppildne han.» Nasjonalisme er nødvendig for å gå til krig. Sjølv om vi ikkje gjekk så drastisk til verks då vi lausreiv oss frå Sverige, var det nødvendig å samle folket for å få vår fridom. Gjennom førestillingar om det norske, og herleggjering av desse, skapte vi ein slagkraftig hær av røyster. Vi skrudde på folkesjela, kan vi seie. Og då vi saman ropte for fridom, klarte ikkje svenskekongen å avvise oss.

 

Den aggressive nasjonalismen har heldigvis aldri fått grobotn hos folket, og dei gode kreftene i Noreg møter framleis nye nordmenn velkommen. Vi må alle kjempe for at vi aldri blir eit land der rasisme er greitt, eller grensene er stengt for medmenneske i naud. For har ikkje våre fedre kjempa, og våre mødre gråte for at vi skulle vinne vår rett til slutt? Då bør vi kunne dele denne fridomen med dei som treng det, og heller ikkje sjå stygt på dei som har blitt norske i nyare tid.

 

Noreg blei skapt for å gi oss fridom. Og nordmenn blei skapt rett før, slik at vi kunne kjempe for dette. Vi har vekse opp med 17.mai tog, Freia mjølkesjokolade og påsketurar. Vi er glade i landet vårt, og alt det står for. Viss vi blir spurt om det, er det mange som frivillig vil ofre livet sitt for Noreg om det skulle vere nødvendig. Forhåpentlegvis blir det aldri det, og mest sannsynleg kjem det ikkje eit angrep frå eit anna land retta mot Noreg. Men nasjonalstaten Noreg blir angripen frå fleire hald i dag, utan at nokon ofrar livet sitt av den grunn.

 

Transnasjonale selskap er selskap med investeringar i mange land. Dei største av desse har budsjett på lik linje med eit middels stort land. Hovudkontoret deira kan flyttast frå land til land, og dei er dermed vanskeleg å kontrollere for nasjonalstatane. Dei er styrte av kapital, og ikkje av folket slik nasjonalstaten er. Dei er dermed ein fare for demokratiet, slik vi kjenner det.


 

Eit demokrati som er mektig nok til å kjempe mot den aukande makta selskapa har over land og folk, kan vere EU og liknande unionar. Viss verda blir samla i store land eller unionar, vil det bli lettare å kontrollere selskapa. I dag kan dei dessverre berre flykte til Cayman Islands, eller andre skatteparadis, viss dei føler at interessene(les kapitalen) deira blir trua.

 

Men om Cayman Islands var eit hjørne av ei verd delt opp i nokre få store delar, ville det vere vanskeleg å flykte frå demokratiet si makt. For Noreg vil det å bli medlem av EU bety at vi også blir eit lite bortgøymt hjørne av verda. Da blir individa framandgjort, og folkemeininga i Noreg blir uviktige.

 

Difor blir nok Noreg framleis eit eige land, sakte slukt av marknadskreftene. Det landet Maurits Hansen, Ivar Aasen, Hans Gude, Henrik Wergeland og Bjørnstjerne Bjørnson drøymde om, står i fare for å igjen bli ein del av ei verd der vi må leve etter andres lover. Men om det blir EU, eller Google som eig oss i framtida, er høgst usikkert. I mellomtida får vi kose oss med Freia Mjølkesjokolade frå Kraft Foods, og samle oss rundt tv-apparatet og sjå Norge Rundt. For så lenge vi kjenner oss som nordmenn, er vi nordmenn! Eller nordkvinner.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil