Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Den gamle mannenSkriv ut Utskrift

En eldre mann ser tilbake på livet, feil han har gjort, tap og gode tider. Kom gjerne med kommentarer!

Karakter: 6 (10. klasse)

Nynorsk - EssayForfatter: Anonym



Ein gamal mann går aleine gjennom parken. Han går langs vegen mellom dei høge bjørkene som no byrja å få eit oransje skjær. Dråpane på det duggfriske graset skin som diamantar i sollyset som lurar seg gjennom dei tette, hausfarga greinene. Rosebuskane som ein gong stod så raude og flotte, har no visna. Eit etter eit blad fall ned og forsvann i grusen. Mannen såg på blada som år. Alle åra som hadde runne ut i sanden. All tida han kunne brukt annleis. Alle feila han hadde gjort i løpet av livet sitt.

 

Han set seg ned på ein benk. Eit blad fell forsiktig ned i den venstre hånda hans. Bladet er hjarteforma. Han tek hendene sine varsamt kring bladet og legg det inntil brystet, inntil hjartet sitt. Han lukkar augo forsiktig og kjenner ein varme gjennom heile kroppen. Han kan sjå henne for seg. Ho var så nydeleg der ho dansa i den himmelblå kjolen sin. Han opnar hendene og bladet forsvinn i et kviskrande vindkast, og det same gjorde Julie, den einaste han nokon gong hadde elska. Han visste ho var borte. Ho kom inn i livet hans like fort som ho forsvann. Men ho levde enno, i hjarta hans. Mannen reiste seg og gjekk vidare. Han var gamal nå og måtte støtte seg i stokken sin.

 

Etter ei vandring i tankar, minne og sakn kom han til brua, den kvite brua der dei pleidde å treffast, Lucy og han. Ho byrja å bli gamal no, akkurat som han. Det var nok ingen som brydde seg om henne lenger. Han stogga opp, hjerta hans gjorde eit rykk. I det nakne eiketreet på den andre sida av brua stod det inrissa Julie + Erling i eit hjarte. Det var her enno! Erling gjekk skjelvande bort til det gamle treet, som stod einsamt utan dei grøne blada sine. Treet blei eit bilete av han sjølv. Han tenkte på den stjerneklare kvelden i parken. Julie og han gjekk hand i hand bortover vergen. Ho hadde på seg ein kvit kjole og gjekk med lette steg. Dei sette seg ved sida av treet under den glitrande stjernehimmelen. Og denne nydelege sommerkvelden bestemte dei seg for at dei skulle gifte seg. Det var den lukkeligaste tida i livet hans.

 

Det var før sjukdommen, før all sorga, før døden. Den fjortande hausten deira som gifte blei Julie sjuk. Ho var sjuk i eit år før ho gjekk bort. Erling stod no heilt aleine framfor den einsame vegen som han og Julie gjekk den stjerneklare kvelden. Då han stod der i vinden med dei vakre haust trea, kunne han nesten føle nærveret hennar, og han kjende noko vått på det høgre kinnet sitt. Ei tåre. Ho rann ned til haka hans, og til slutt fall han ned blant dei visna roseblada. Det kom fleire tårer, og til slutt var heile kinnet og aougo hans fyllte opp med tårer. Han visste at han måtte gå den einsame vegen gjennom livet utan Lucy, men at han ein gong ville treffe henne igjen. Erling tørka tårene og gjekk vidare til vatnet. På ein benk sa teit ungt par og mata endene. Dei minte om han og Julie, og det var tydeleg at dei var forelska.

 

Ei varm og god kjensle strøymde gjennom kroppen hans, ned i dei utslitne beina og armane og gav han styrke. Det gjorde han varm rundt hjarta. Dette gjorde han trygg og gav han den tapte livsgnisten igjen. Hausten som tok livsgleden frå han for mange år sidan, hav han endeleg tilbake, og med eit var alt rundt han så vakkert. Dei rødbrune blada på eiketrea, stien av gule, oransje og raude blad på vegen og vinden som kviskra gode ord til ham. Erling kjende korleis alle dei tapte minna strøymde inn i hjarta hans og jagde vekk all sorga med at han ein gong ville treffe si kjære Julie igjen. For fyrste gong på ein liten evighet følte han at han hadde noko å sjå fram til. Han ville alltid sakna Julie, men han visste at kjærleiken deira var som vinden. Du kan ikkje sjå han, men du kan føla han..




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish