Skattejakten

En tekst om to jenter som mister vennskapet sitt.

Sjanger
Fortelling
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2008.09.30

Eg står aleine i skulegarden. Det er kaldt og snøen faller tett og dekker baken med et tykt kvit lag. Eg har vori aleine lenge no. Det er ikkje det at ingen likar meg, det er vel heler at eg er ikkje så lett å kome innpå.

 

Bare noen få meter unna står Marit, saman med ein flokk nye vennar. Ho har jammen blitt populær. Vakker har ho også blitt. Reguleringa er blitt bytte ut med kvite rett tenner og det pistrete brune håret er bytte ut med ein vakker brun manke av krøller. Ho må ha kjent blikket mitt i nakken, for ho snudde seg brått rundt og auga våre møtast eit lite sekund. Eg fekk brått klump i halsen og snudde meg bort frå henne.

 

Tenk at me for bare nokon månader sia hadde vori bestevennar. Me hadde vori tettare enn tettast. Det er utroleg å tenkje på at ein liten konkurranse kunne rive ned et vennskap som har vart gjennom så

mange år.

 

Me møtast for første gong i barnehagen og har vori vennar sia. Me begynte på same barneskule og ungdomsskule, og man kan trykt seie at me ikkje var de mest populære. Sjølv om ingen av oss var så godt likt, virket det alltid som om Marit blei berre likt enn meg. Ho betydde alt for meg og var alltid der for meg, sjølv om ho fekk svi for det.

 

Eg huskar det som det var i går, at læraren ein dag på slutten av juni hadde kommi inn i klasserommet og annonsert at det skulle heldast ein skattejakt på skulen me går på. Dette blei starten på slutten for vårt vennskap.

 

Klassen vår blei delja inn i eit blått og eit raudt lag. Marit og eg kom på forskjellige lag. Marit på blått og eg på raudt. Eg var klar til å gå til læraren å protestere, men da eg snudde meg for å få meg Marit hadde ho allereie gått bort til sitt lag og de sto å lo i lag. Eg var litt såra, men eg tenkte at det ikkje var så viktig. Vi kunne jo vere saman i friminuttane. Eg gjekk stille bort til mitt eiga lag, kor ikkje ein enste person ensa at eg kom. Både lag fekk utdelja ein rebus som me måte løyse før me kunne gå vidare til neste oppgåve. Eg såg ikkje så mykje til Marit denne dagen og ho møtte ikkje opp til vår avtale etter skulen. Eg blei redd for at noko alvorleg hadde skjedd med henne, eg brukte heile ettermiddagen og kvelden på å prøve å få tak i henne, utan resultat. Eg låg lenge våken den kvelden. Kva hadde skjedd med Marit?

 

Eg kom tidleg på skulen dagen etter og sto å venta på Marit på vår faste møteplass, bak skuret framfor sykkelparkeringa. Eg venta og eg venta, men ho kom ikkje. Ho kom ikkje før tretti minuttar seinare gåande inn døra, hand i hand med Heidi, den mest populære jenta i klassen. Eg kunne ikkje tro mine egne auge. Marit gjekk hand i hand med jenta som hadde øydelagt livet mitt på barneskulen. Ho gjekk hand i hand med jenta som hadde erta meg og sendt folk etter meg for å banke meg opp. Da ho gjekk forbi pulten min såg ho ikkje eingong på meg. Ho oversåg meg totalt.

 

Eg prøvde å få snakket med henne, men kvar gong avblåste hun meg. Etter skulen drog eg heim til henne og heldigvis var ho heime. Ho smilte til meg og slapp meg inn. ”Heldigvis” tenkte eg ”alt var bare ein misforståing”. Ho sa at ho var lei seg for at ho hadde oversett meg og at ho skulle ønske at det ikkje hadde skjedd. Eg begynte å ta av meg skoa, men ho stoppa meg. ”Du kan igjen vere her, eg har besøk” sa ho.

” Å, av kven da?” sa eg nyfiken. Marit svarte med ein hull stemme: ”Eg er veldig lei for det Lise, men vi kan ikkje vere vennar meir. Eg liker deg ikkje lenger.”

 

Hjarte mitt sank i brystet og eg klarte ikkje å få fram eit enste ord. Plusseleg dukka Heidi opp i stue døra bak ryggen til Marit og sendte meg et smil fult av vondskap. Eg styrta ut av døra og løp og løp til eg ikkje hadde pust igjen. Eg gråt og gråt, og eg viste ikkje kor eg skulle gjøre av meg sjølv. Seint på kveld kom eg heim og styrta inn på rommet. Mor mi prøvde å snakke til meg, men eg orka ikkje å snakke med nokon. Dagen etter blei eg sjuk. Eg gjekk ikkje på skulen resten av året, eg låg bare heime i senga og fekk ikkje fram eit ord.

 

Marit og eg har ikkje snakka saman sia den snøtunge onsdagen da ho sa at me ikkje kunne vere vennar meir. Det er vel nesten seks månader sia no og eg forstår framleis ikkje kva som gjekk galt. Korleis kan alt forandre seg så fort? Korleis kan ein liten skattejakt øydelegge så mye? Korleis kan ein jente øydelegge eit vennskap så fort?

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst