Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Alt for eit festmåltidSkriv ut Utskrift

Ein fortelling eg har laga. Kunne vert betre, men fekk grei karakter på den.

Karakter: 5/4

Nynorsk - FortellingForfatter:



Margrethe høyrer høge røyster ute i gangen. Jesper, kosebamsen hennar, ligg enno i armkroken der han låg då ho sovna. Ho ser nøye på bamsen. Den er sliten, eit auge manglar, og den har sting litt her og litt der. Trass i at den er så sliten og ikkje den vakraste, er det den einaste bamsen ho nokon gong kjem til å ha slik tryggleik hos.

 

Margrethe fokuserer på stemmene ute i gangen. Ho veit at mykje rart og skremmande har skjedd i landet i det siste, og at jødane har vore ute for mykje forferdelege ting. Ho har til og med høyrt om jødar som er i nokre slags leirar, som ho aldri hugsar namnet på. Det einaste ho veit om desse leirane, er at det ikkje forgår noko morosamt der. Røystene i gangen er ukjende. Ho høyrer mora sine protestar av og til, men mennene som snakkar, er både ukjende og sinte. Margrethe blir uroleg. Kva vil desse mennene med mor, undrar ho seg. Med eit høyrer ho eit høgt bras. Ting i både gangen og stua blir velta over ende. Ho vil reise seg, stoppe ugjerningane. Men ho orkar ikkje, tørr ikkje og forsett bare med å liggje der i den lune senga som gir tryggleik med Jesper i armkroken.

 

Margrethe har nettopp stått opp, ho tråkkar nedi først den eine tøffelen og så den andre. Ho subbar mot kjøkken. Etter hendingane i går, har Margrethe sove ein uroleg søvn. Ho hadde drøymt at mennene tok med mamma. At ho, Njål og Christoffer, brørne hennar, var åleine i heimen.

 

På vegen til kjøkkenet, såg ho papir og møblar slengt ut på golvet. Mamma sat rundt kjøkkenbordet grå i fjeset. Margrethe stoppa to sekund før ho gjekk bort til mora og strauk ho over ryggen. Ho fekk ikkje ut eit ord. Mora brast ut i gråt, og fekk fram nokre halvkvalte ord:

''Polen, Christoffer og Njål ..'' Med eit sank magen til Margrethe ned til golvet. Det var ikkje mamma dei var komen for, men for brørne! Tårene pressa seg fram og ho ville ikkje stoppe dei, bare la dei renne i all evig tid.

''Du, Sverige. Må, ingen protest ..'' Mamma såg på Margrethe, som med eit visste at ho ikkje hadde eit val. Ho skulle til Sverige så fort som råd.

 

Margrethe hoppa over frukosten, gjekk til rommet. Ho orka plent ikkje se mora så hjelpelaus. Ho fann det best i å berre begynne å pakke, ho måtte gjere noko for å få tida på fly igjen. Tankane svirra i hovudet. Kva med mamma når ho blir åleine då? Korleis skal eg klare meg i Sverige åleine, eg som berre er 10 år gammal? Korleis har brørne mine det? Lid dei, saknar dei meg og mamma?

 

Ho fann fram det viktigaste av tinga hennar : ein tannbørste, nokre klesplagg, Jesper, hårbørste, ei bok som ho allereie hadde lest titals av gonger og eit bilete av heile familien samla, der faren hennar ennå var i live.

 

Det bankar på døra, det er mamma som kjem inn. Ho ser litt betre ut, det er jo ho som skal vere den sterke.

''Saman skal vi klare det. Ein dag, ein lykkeleg dag, vil Hitler tape og då skal vi feire med festmåltid heile familien. Vi skal vere så lykkelege vi aldri før har vore. Men for å oppleve denne dagen, må vi alle ofre noko. Din ofring er å reise til Sverige kor du er trygg. Klarar du det, vennen min?'' Mamma ser på Margrethe. Ho smilar eit halvhjarta smil.

''Ja. Eg kunne gjort alt for å oppleve denne festdagen. Og om det så inneber at eg må reise til Sverige, så gjer eg det.'' Ho ser på mora, går to skritt nærmare, og klemmar mora. Slik står dei ei stund. Ei stund der dei finn tryggleik utanom alt rundt dei som er så skremmande.

 

På togstasjonen er det fullt kaos. Folk som spring fram og tilbake, tog som er klar til å kjøre, høge stemmer og barn som gret. Snart vil Margrethe vere eit av desse barna som gret. Togbilletten bestilte dei for ei veke sidan, etter mykje strev og søking. Så nå står dei her og ser etter toget deira. Ingen finn på noko å seie, så det er stillheit om munnane deira. Margrethe ser opp på mora. Ho har ei tåre som mora fort tørkar bort, det er liksom ho som skal vere den sterke og støttande.

''Der er toget ditt, vennen.'' Mora peiker på eit slitet, raudt tog som begynner å fulle seg opp. ''Best du kjem deg på fortast mogleg, sånn at plassen din ikkje blir for dårleg.'' Margrethe seiar seg einig, men klarar likevel ikkje røre ein muskel. Ho vil absolutt ikkje forlate mora si her på togstasjonen.

''Kom no.'' Mora tek handa til Margrethe og dreg litt for å få i gong farten. Det hjelp. Dei står no klare for å ta farvel, begge står stille og lar tårene renne. Det virka som dei stod der i fleire minuttar, men det tilsvara berre nærmare tjue sekund.

''Alt for ei festmåltid.'' Margrethe orka ikkje den tomme stillheiten lenger, og gav mora ein rask klem før ho gjekk på toget. Mora stritta ikkje imot, no skulle jenta hennar bli trygg.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish