Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Eitt folk, to skriftspråkSkriv ut Utskrift

Sidemålsoppgave om språkdebatten om Norges to skriftspråk.

Nynorsk - EssayForfatter:



Året er 1814, og Danmark må gje frå seg Noreg. Noreg får eiga grunnlov, men denne er skreve på dansk. Då reises spørsmålet: Kva skal språket hete? I grunnlova av 17. mai, hette det at alle embetsmenn skulle ”tale Landets sprog”, men allereie same år, 4. november blir det vedtatt at ”Alle Love udfærdiges i det norske Sprog” (§ 81). Etter frigjøringa frå Danmark, måtte Noreg bli kulturelt sjølvstendig, og ein viktig del av eit lands kultur og identitet er eiga språk. Med dette som utgangspunkt, utvikla det seg ein omfattande debatt om kva det norske skriftspråket skulle vere, der Ivar Aasen og Knud Knudsen var ivrige språkdebattantar. Korleis skulle det norske skriftspråket vere? Har to skriftspråk vore til ulempe eller fordel for Noreg?

 

I Noreg var det klasseskilje på denne tida, der embetsmenn og borgarskapet som haldt til i byane, snakka danskinspirert talemål, såkalla ”danna dagligtale”, mens fleirtalet i bygder og fjordar snakka norske dialektar. Dei dialektane det var mest reelt å samanlikne med gammalnorsk, var naturlegvis dei som var minst påverka av det danske embetsspråket. Det var særleg dialektane på Nord-Vestlandet og i nokre av dei norske dalane som var lite fordanska. Det er derfor ikkje tilfeldig at ein av dei største språkdebattantane, om ikkje den største av dei alle, Ivar Aasen, gjorde storverket med å konstruere eit moderne norsk språk med utganspunkt i samtidsdialektar.

 

Ivar Asen laga ein grammatisk beskriving av si eiga sunnmørskdialekt allereie som ung, og det gjorde han så grundig at Vitenskapsselskapet i Trondheim ga han i oppdrag å reise rundt i landet og samle alt dialektmateriale han kunne finne. I mange år gjekk han frå gard til gard, frå bygd til bygd og skreiv ned alle slags dialektord og ordformar han høyrte.

 

Det nye med språkvitskapen til Aasen var at han tok i bruk ein deskriptiv undersøknad av det norske språk. Med deskriptiv undersøknad, meiner vi at han ville beskrive det norske folkespråket slik det var; ikkje slik nokon meinte at det skulle vere. Ved å reise Noreg rundt, tok han utgangspunkt i norske dialektar, samanlikna dei, og skrev dei ned. Med dette fant han ein fellesnemnar for dei norske dialektane, og konstruerte det vi i dag kallar for nynorsk. Målet var å konstruere eit landsmål.

 

Ivar Aasen var sjølv bondegut, og ingen lærd mann. Han reiste nærmast bokstaveleg talt landet rundt, men han la mest vekt på kommunar som hadde meir eller mindre urørte dialektar, altså dei dialektane som var blitt minst påverka av det dansknorske språket. På den tida var det nemleg mange kommunar der dialektane var blitt ”bederva”, det vil si øydelagt av dansk påverknad, i følgje Ivar Aasen.

 

Ein av desse kommunane var Tvedestrand, og det er her overlærer Knud Knudsen blei født og voksa opp. Han fekk også interesse for språkdebatten, og bakgrunnen for Knudsens språkinteresse var at han i sitt daglege arbeid som lærar så kor slitsamt det var for elevane å streve med det danske språket, når dei skulle lære å lese og skrive. Han meinte at løysningen på desse problema ikkje kunne vere å konstruere eit nytt språk, men å revidere det som var i bruk, slik at det samsvarte med måten elevane sjølv snakka på. Han ville altså fornorske det dansk-norske språket til eit riksmål basert på byfolkets og middelklassens dagligtale. Knudsen ville og at skriftspråket gradvis skulle fornorskast i samsvar med det han kalde ”danna dagligtale”.

 

I 1856 ga Knudsen ut grammatikken Haandbog i Dansk-Norsk sproglære. Der presenterte han reglane for norsk setningsbygging, forklarde folkespråket i samtida både grammatisk og historisk, og trakk inn dagligtalen som rettesnor for dei grammatiske reglane, der han samanlikna alle formane med folkemålet. Nokre år seinare, i 1881 ga han ut nok ei bok:  ”Unorsk og Norsk” – ein slags tospråklig ordbok, der dei danske orda blei forklart med norske ord, som Knudsen hadde laga sjølv. Dette var altså eit forslag frå Knudsens side, og ingen fastslått fremmendordbok.

 

Med tanke på den ulike bakgrunnen deira, er det ikkje rart at Aasen og Knudsen hadde forskjelleg syn på korleis man skulle løyse Noregs behov for eiget språk, og dermed blei det også forskjellege resultata av desse to mennenes språkstrev. Mens Aasen var uavhengig forskar som stort sett gjorde det han sjølv ønska, var Knudsen overlærar, og hadde mange store pedagogiske oppgåver.

 

Etter at Ivar Aasen kartla og dokumentera det norske folkemålet og laga ei ordbok og grammatikk for Noreg, var hovudoppgåva å få folk til å bli kjend med og ha lyst til å bruke dette språket. Det var sjølvsagt eit språkpolitisk spørsmål, og i 1878 blei det vedtatt at nynorsk skulle vere undervisningsspråk i folkeskulen ved sida av riksmålet. Seinare kom Jamstillingsvedtaket i 1896, som lovfesta kravet om sidemålsstil på gymnaset.  Mange meinte at det einaste fornuftege å gjere, var å endre dei to skriftspråka, slik at dei kunne smelte saman i eitt norsk skriftspråk.

 

Når vi skal sjå på språkutviklinga, kan vi sjå på korleis to skriftspråk har vore ein fordel eller ei ulempe for Noreg. Då kan det vere reelt å bruke nettopp Ivar Aasen og Knud Knudsen som representantar for dei ulike interessa som fant sted i Noreg, tida etter 1814. Med tanke på at Knud Knudsen var bygut og ein av dei lærde, blei han ein representant for middelklassen. Ivar Asen derimot, representerte folket frå bygda, der bønder var i fleirtal.

 

Fordela med at to skriftspråk blei innført, er fyrst og fremst at Noreg fikk sitt eiget landsmål. Dette kunne føyre til optimisme og nasjonalfølelse, noko som stod sterkt i forhold til frigjøringa frå Danmark. Ei anna fordel, er at dialektane blei og blir meir ivaretatt. Det blei dessutan lettare for allminnelege folk å ta i bruk språket, og det blei eit fullverdig alternativ til den ”danna dagligtala”. Ivar Aasens deskriptive undersøknad kan også sjås som ein demokratisk løysning, sedan han fant ein fellesnemnar for dei ulike dialektane på landsbasis.

På den anna side kan to skriftspråk føyre til såkalla klasseskilje. Ved at middelklassen behalda sitt talemål, og distriktinnbyggarane sine dialektar, blei ikkje ein innføring av to skriftspråk noko meir samlande, med tanke på nasjonalisme og identitet. Til dømes fekk dei skoleflinke barna frå landsbygda nå retten til å skrive eksamen på sidemål, og følgjeleg måtte lærarane kunne undervise i språket. Derfor blei mange lærarar frå vestnorske kommunar valt til denne oppgåva, og dermed gjekk det utover andre lærarar, som ikkje hadde fått same opplæring i sidemålet.

 

Året er 2008, og debatten om dei to skriftspråka er ikkje over. Byrådsleiar Erling Lae vil at alle elevar i den vidaregåande skulen i Oslo skal sleppe å ha skriftlig nynorsk. Elevorganisasjonen, som består av over 500 medlemsskuler på landsbasis, har under årsmøta vedtatt i mange år på rad at nynorsk bør vere valfritt. Partia på Stortinget diskuterer seg i mellom og er svert ueinige i sidemålsdebatten. Norske elevar har også sterke meininga om sidemålskravet. Nokon meinar at nynorsken er viktig for å behalde den norske kulturen. Andre hevdar at nynorsk bør vere valfritt, med tanke på at fleirtalsmålforma i Noreg i dag, er bokmål og sida han brukas av 85 – 90 % av befolkninga. Dessutan er det nokre som meinar at ein heller bør fokusere på korleis Noreg har utvikla seg til å bli ein fleirkulturell stat, eller sjå spesifikt på minoritetsgruppa, som til dømes samar.

 

Året er 2008, og det var nok ingen som hadde sett for seg eit slikt resultat av Knudsen og Aasens målstrev. Noreg har eit mangfald av dialektar. Kanskje det ikkje hadde vore så mange av dei i dag, hadde det ikkje vore for Ivar Aasen som haldt liv i dei? Eller burde vi ha smelta dei to skriftmåla saman, slik at alle kunne ha snakka same landsmål? Ein ting er sikkert: Sidemålsdebatten er nok ikkje over med det fyrste.

 

 

Kjelde:

- Spenn.

- Egen erfaring frå Elevorganisasjonen.

- Henning sine norsktimar.

- Dokumenta frå Pc-en.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish