Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Berre gode vennarSkriv ut Utskrift
Om forelskelse
Nynorsk - NovelleForfatter:



Han kikket varsamt bort på meg, men vendte seg sjenert med ein gong eg så tilbake. Kunne dette vere riktig? Den kjekkaste guten i klassen så bort på vesle meg. Eg måtte klype meg i armen for å forsikre meg om at dette ikkje var ein draum. På slutten av skuledagen kom han nesten bort til meg for å si ha det .Ikkje det at det gjer noe, men … likevel. Eg følte at eg svevde heile vegen heim og mor spurde om eg var sjuk fordi eg var så varm. Men det var ikkje noe gale med meg nei! Eg var berre glad for at det snart var sumarferie, og om berre eit par dagar skulle klassen på klassetur til et heilt fortryllande sted ved vatnet.

 

To dagar seinare sat vi på ein trong og varm buss kor vi skulle sitje i fleire timar. På tredje sete sat eg og på det fremste sete sat Håvard, guten med stor G. Det skinnande lysegule håret og dei blå, blenkjande auga hans smilte mot meg medan vi utveksla eit par flørtande blikk før turen starta. Sia det var tidleg på morgonen sovna alle, Håvard og meg inkludert. Eg vakna seinare og oppdaga Håvard ved sida av meg, sovande. Eg tenkte at dette ville være ein god muligheit for å komme tettare innpå han. Difor la eg meg til å sove på skuldren hans, kor vi blei liggande sjølv om bussen stoppa eit par steder på vegen. Arm i arm låg vi, fordi Håvard putta nemleg armen rundt meg mens vi søv, sånn heilt naturleg.

 

Å, nå var det ikkje lenge igjen før eg kunne røre ved himmelen…

 

Vel fremme varte det ikkje lenge før vi hadde pakka ut og fått på oss i badetøy. Alle skulle først uti, så det blei ein del dytting av det andre kjønn. Eg var vel den einaste som ikkje blei dytta uti, og min grunn heit Håvard. Sjølv om han heiv uti fleire av mine venninner så passa han heile tida på at eg kom meg dit eg ville utan problem. Ved sida av brygga fant eg ein liten solefylt plass kor eg kunne sitje å sjå på dei andre mens eg sjølv kosa meg. Eg nærmast nøyt det herlege synet av Håvard som stadig dukka opp med eit stort smil til meg. Det blei på tide å tusle tilbake til hytta så eg gikk opp aleine og heilt i mine eigne tankar. Bak meg hørte eg eit rop som spurde meg om å vente. Stoppa gjorde eg, men snudde meg gjord eg ikkje. Den personen som kom bak meg viste eg at var Håvard, og viss eg hadde snudd meg ville han berre ha sett eit lite kledeleg glis over heile fjeset mitt. Handa hans kjentes ut som ein mjuk, vedunderleg pute når han la den på skuldren min. Saman gjekk vi til ein liten lysning i skogen kor vi blei sittande å prate i fleire timar. Det var beint fram noe av det herligaste eg har opplevd. Hans sensuelle, emn snille stemme gjekk rett t til hovudet mitt. Augo og munnen hans strålte og kviskra nesten » eg elskar deg». Håret bølja seg nedover og tørket sakte i den svale, varme vinden. Eg må ha sett ut som eit levande lys der eg sat og smilte for meg sjølv. Etter kvart skjønte vi at middagen var ferdig og at det skulle vere diskotek om eit par timar. Inni hytta blei eg mobba av Stine, bestevenninna mi som ville vite kvar detalj om Håvard, kva vi hadde gjort og kva vi hadde prata om. Vi hadde jo tross alt vori borte i fire timar. Ho klarte også å overtale meg til å tru at vi kjem til å bli saman i løpet av kvelden. Eg førestilte meg som kjærasten hans, tett inntil i heite kyss. Det hadde ikkje vori dumt.

 

Å, himmelen var så nær at eg nesten stanga i han. Dei små timane i mellom verka som fleire ukar og eg kunne ikkje vente til å sjå han igjen. Etter eg var heilt fornøgd med meg sjølv gjekk eg sakte saman dei andre, sjølv o det kjentest ut som om eg løyp inni meg. Kvelden gjekk med til dansing og anna gøy. Håvard var der heile tida ved min side og vi fekk lurt inn mange rolege dansar kor vi kraup inntil kvarandre. Da den siste dansen kom var eg sikker på at nå ville han slå til og vi ville bli saman for alltid. Tettare og tettare, armane slynget seg rundt den andre personen. Nærmare gjekk det ikkje an å kome, noe som var litt synd. Sakte og forsiktig tok han håret mitt bort frå øyret, mjukt og ømt. Han kviskret stille inn, så roleg at det nesten kilte.» Karianne, kvifor har eg ikkje lagt merke til deg før? Du er ein heilt toppers jente!»

 

Nå, tenkt eg, no skjer det eg har venta så lenge på. Endeleg får eg også oppleve noe fantastisk, kor alle jentene vil misunne og prate om meg som om eg har fått til noe de aldri kjem til å klare. Han hald fram;» Eg likar deg svært godt. Eg håpar at vi blir skikkelig gode venar.» VENAR!! Var det alt? Ikkje noe – Eg vil gjerne bli saman deg, eller kan vi ikkje prøve korleis du og eg går saman? Eg følte at eg begynte å søkke, at himmelen blei berre eit fjernt, fjernt ønskje som ein gong var der. Heilt nærme ….


annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish