Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
AnnleisSkriv ut Utskrift
Novelle eg skreiv i annleding til psykisk helse i 10. klasse.
Nynorsk - NovelleForfatter:



Ho opna forsiktig opp den knirkande skuleporten. Ute på plassen var det stille. Eit lite vindkast gjorde liksom alt så mykje nifsare. Skuleplassen var så liten, men likevel så stor. Det kjendest som om det var fleire mil til inngangen. Kiele gjekk det første skrittet mot skulen. 8A, tenkte ho. Ville denne skulen bli betre? eller kanskje verre? Kiele tenkte igjen tilbake på den gamle skulen. Ville ikkje hugse. Prøvde å gløyme. Prøvde å gløyme den første dagen og stirrande blikk, prøvde å gløyme hånande latter. Kiele tenkte heilt tilbake til begynninga av den forgie skulen.

 

Ho trippa nervøst utanfor døra til 7C. Redd for kva som venta ho på den andre sida. Såg bortover den lange gangen ho nettopp kom frå. Vurderte å gå tilbake. Vurderte å snu. Berre la alle problem ligge igjen og springe. Ho hadde vore gjennom det mange gonger før. Ville ikkje møte dei stirrande blikka. Ville ikkje høyre hånande latter, igjen og igjen. Ho høyrte støy på andre sida av døra. Nokon ropte, nokon lo. Ho opna sakte døra. Håpte ingen hørte ho. Det vart stille inne i klasserommet. Kiele skalv medan ho skauv døra heilt opp. Ho lukka auga ein augeblink og håpte ho ville vakne opp frå ein vond draum. Men når ho opna auga igjen var dei der fortsatt. Stirande, stikkande auge. Kiele ville berre springe, springe langt vekk frå alle, og alle problem. Ingenting var hennar feil. Ho var berre annleis.

 

Kiele sette den eine foten framfor den andre. Prøvde å holde seg oppe. Fleire og fleire bilete kom jo nærmare ho kom døra. Prøvde å gå mot døra. Det gjekk seint - saktare. Ho hugsa ho hadde gått på samme måte før. Berre saktare. Prøvde å gå fortare mot lyset. Eit lite lys - eit stort håp. Ho såg heile episoden for seg, då ho datt i bakken som eingong før;

 

Ho reiste seg sakte opp igjen. Var klar for det som kom etter. Fleire slag trefte ho. Hardt. Hardare. Vondt. Kiele skreik. Dei andre lo. Kiele datt i bakken igjen. Eit lite skrik om hjelp forsvann som dogg i sola da ein fot trefte ho midt i magen. Ho jamra seg. Fekk ikkje puste. Prøvde å reise seg igjen, men var for svak. Dei var over ho. Sparka, slo. Blod rann frå alle plassar. Kiele prøvde å kjempe mot, men til ingen nytte. Dei var for mange. Til slutt gav ho opp. Berre låg å kjende på støvlane som trefte den tynne kroppen hennar. Gjorde ingenting for å stoppe dei. Berre låg der. Ho hugsa ho såg dei springe mot lyset. Hørte den hånlege latteren bli lenger og lenger borte. Til slutt kunne ho berre høyre sin eigen tunge pust og blod som trefte asfalten. Blod som draup fordi ho var annleis.

 

Kiele skalv når ho tenkte tilbake. Gikk eit skritt nærmare bygget og tenkte. Så forferdlig ho hadde hatt det. Berre fordi ho var annleis. Ikkje som dei andre, men annleis. For kvart skritt ho tok kom ordet sterkare og sterkare. Ei stemme ropte inni hovudet hennar. Ho vart redd, livredd og snudde seg rundt og såg tilbake, som eingang før;

 

Tre gutar kom gåande mot ho. Ho kjende dei så altfor godt. Den samme angsta kom tilbake, den samme frykta. Den lyste ut av auga hennar men i deira var det hat. Ho hadde ikkje gjort dei noko, ho var berre annleis. Dei stoppa rett framfor Kiele. Kiele prøvde å stenge ut dei skitne orda. “Horeunge, neger, retard ...” fleire og fleire skitne ord hagla mot ho. Ho ville ikkje høyre, ville ikkje høyre meir løgn. Ho ropte eit høgt nei og sprang mot døra og trykte ned handtaket...

 

Ho stoppa opp med handtaket halvegs nede. Snudde seg atter eingong. Forbi skuleplassen, forbi den trafikkerte vegen, utover havet. Det måtte finnast ein plass der som var godt nok for ho. Ein plass der ho kunne vere seg sjølv og vere spesiell, på ein positiv måte. “Vi alle er spesielle” tenkte Kiele. Så slapp ho handtaket og gjekk mot vegen. Så venta ho før ho sprang ut i den mest trafikkerte gata i heile London.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish