Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Aleine under overflataSkriv ut Utskrift
En stil om identitet.
Nynorsk - EssayForfatter: Anonym



- Det lurar meir under overflata, enn det du kan sjå med første augekast.

Flyter vi alle på ein overflate, basert på likegyldigheit? Eg, eg beveger meg gjennomsiktig til ein fase til ein ny. Eg er ikkje nokon, eg er bare til. Kvifor, det veit eg ikkje. Kanskje for å pinast, for det er slik det følast til tider. Kven er eg? Og kven er jenta i spegelbilete? Kven er jenta alle ser? Det skremmar meg. Det er ingen som ser meg, dei ser berre jenta i spegelbilete. Inga interesse i å sjå meg, det einaste dei vil sjå er jenta i spegelbilete. Ser dei godt inn i spegelbilete og lengre forbi så ser dei kanskje verkeleg kven eg er. Ein person med kjensler, hat, sorg, glede og det som lysar opp min dag, det som gjer meg til den eg er. Det er den eg er.

 

Eg veit ikkje kven eg er, men eg veit eg er fult opp med sterke og bestemte kjensler, som eg ikkje kan setja ord på. Ser du i auga mitt så kan du sjå sjela mi, den lyser. Kjensler som eg har stengt inne og gjømt for verda. Gjømt dei for å beskytta meg sjølv mot alt vondt. Dei vil ut, ut til verda for og visa kven eg eigentleg er. Men kva nytte vil det være til, vil dei andre sjå meg? Dersom dei ser den virkelege meg, vil dei respektere meg for den personen eg eigentleg er? Eg tør ikkje vise verda kven eg er, eg er redd, liv redd for og ikkje kunna klara og stå i mot verda sin måte å sjå på den virkelege meg. Vil dei sjå meg, vise sin interesse til å bli kjent med den sanne meg. Ender det med at eg stenger meg inne, graver meg ned igjen.

 

Eg har så mykje eg skulle sagt, så mange kjensler eg skulle vist. Eg er blitt ein ulykkeleg skapning, men eg lever og pustar. Har mine gleder. Eg har til tider skylt på ein person, eg seier at det må være hans skyld at eg er som eg er, mykje av dette er tilfelle, men noko er løgn. Det er min feil, mine drømmer, dei har eg sjølv knust. Å bruke ”han” i denne situasjonen er det beste. For å være ærlege så er det ”han” som har forma meg som person og menneske.

 

Forvirra, knust, hatefull, hevn full, einsam og etterlatt. Vil eg nokon gong få ein person som gjer meg lys i tunnelen min, vil eg klare og finne den eg er. Vil verden respektera meg for den eg er? Eg har rota meg bort og eg klare ikkje finna vegen tilbake. Det er for mange vegar og velja mellom. Eg er redd, redd for og ikkje finna vegen tilbake. Ingen ser det og ingen vil hjelpa meg. Ingen som kjenner meg, ingen som bryr seg. Fanga i ei verd som ikkje vil sjå under overflata.

 

I mengda av alle, kan eg kalla meg annleis. I håp om å finna svara eg leitar etter så er alt meiningslaust. Me kommuniserar utan ord, viser kjensler utan å meina det. Menneske har absolutt inga sjølvkontroll.

 

Menneske fordømmer og kritiser andre før dei kjennar personane. Me lagar oss eit bilete av personane som me ser, som ofte ikkje stemmar. Jenta i spegelbilete har blitt forhandsdømt, kritisert og svikta på ein måte som ingen skulle trenge å gå gjennom. Ingen vil kunne få hennar tilitt igjen, ho er øydelagt på eit vis som ingen vil kunne forstå. Knust innvendig og ingen veit, ingen veit det at ho er det, ingen veit sanninga om ho, og ingen som vil veta det.

 

Aleine under overflata.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish