Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Arnulf ØverlandSkriv ut Utskrift
Arnulf Øverlands liv og diktning.
Nynorsk - ArtikkelForfatter: Anonym



Arnulf Øverland er ein av Noregs største diktarar. Han var i sær populær frå mellomkrigstida til 1960-åra. Mest kjent som lyrikar, debattant, riksmål forkjempar og for sin kamp mot nazistane før og under 2. verdskrig. Han brukte ikkje vald som våpen , men ord. Med orda sine skreiv han dikt som samla det norske folket og gav dei håp i den tunge tida.

 

27. april 1889 blei Ole Peter Arnulf Øverland født i Kristiansund. Kort tid etter flytta familien til Bergen. Faren, Peter Anton Øverland, var maskinist i utanriksfart og så difor lite til barna sine. Mora, Hanna Louise Øverland, var heimeverande, som dei fleste mødrer på den tida. Ho var ei sterk kvinne, og ville at sønene skulle få utdanning. Øverland var sterkt knyta  til henne.

 

I 1904 flytta familien til Kristiania. Dette fordi Arnulf Øverlands eldre bror skulle studere på universitetet. Han begynte på gymnasets “sproglig-historiske linje med latin” på Kristiania katedralskole. Her debatterte han mykje.

 

Faren døde i 1906. For å livnære familien drev mor hans  ein manufakturforretning, men måtte etter kvart gi seg. Hun starta i staden eit pensjonat.

 

I 1907 tok han examen artium. Han begynte så å studere filologi  for å kunne bli lektor. Men han skjønte raskt at det var litteratur han var interessert i, og bestemte seg difor, på inspirasjon av  August Strindberg, for å bli diktar. I 1911 fikk han sitt første bok trykket. Den heit ’’ Den ensomme festen.’’ Same dag som boka kom ut blei Øverland lagt inn på sanatorium grunna tuberkulose. Her var han i eit heilt år. Tida på sanatoriet var ein vanskelig periode for Øverland og påverka hans seinare dikting. Eksempel på dette er diktsamlinga ’’De hundrede Violiner’’ som kom ut i 1912. Den har ein del likskapar med ’’Den ensomme festen.’’ De er blant anna  at han skriv om tema som einsemd og kjærleiken. Skrivemåten hans har ingen personlegdom. Forskjellane er at i ’’ De hundrede Violiner’’ så ser man tydelege trekk av at det er ein døande mann som skriver, slike trekk var det ikkje i ’’Den ensomme festen” . Denne diktsamlinga er også den han seinare skulle kome til å bli mest misfornøgd med.  Bøkene solte dårleg. Dette fordi, som nemnt over, at han skrev på ein flat måte utan personligdom. I hans neste diktsamling derimot, ’’Advent’’, som ble gitt ut i 1915, ser man at han begynner å bli ein betre skrivar. Han begynner å få meir personlegdom i skrivinga si. Men diktsamlinga hans solte fortsett dårleg. Levebrødet hans i denne perioden var difor som journalist.

 

I 1916 gav han ut boka ’’Den harde freden.’’ Dikta her hadde spor av sinne og irritasjon etter den vanskelege perioden med tuberkulose. I 1918 giftet han seg med sin første kone, Hildur Arntzen. Seinare skulle han få ein del fleire koner.

 

I 1920-åra var Øverland svært politisk engasjert. Han skrev mye i avisene og haldt foredrag rundt om i heile landet, noe som gjorde han til ein sentral og viktig person i Noreg. En av de tinga han brand mest for var kor urettferdig han syntes tyskarane hadde blitt behandla etter 1.verdskrig. Det var skikkelig urettferdig at Tyskland skulle få all skylda for at krigen starta og at de måtte betale så mye i  krigserstatning til de vinnene landa. I motsetninga til dei fleste nordmenn var han tyskarvennlig. Og mente det var kapitalistanes skyld at krigen starta, ikkje tyskarane.

 

Dette viser han tydeleg i boken ’’Brød og vin,’’ som kom ut i 1919. Her kritiserte han kirka, kapitalisme og borgarskapet. Og gav dei skylda for verdskrigen. Arbeidarane og kommunismen fikk støtte. I  løpet av 20-åra blei hans politiske mengingar meir og meir på venstre sida .Han likte de kommunistiske tankane om at fred, fridom og fordragelegheit var for alle menneska.

 

I 1922 blei han med i den sosialistiske gruppa ’’Mot Dag.’’

 

I 1927 gav han ut diktsamlinga ’’Berget det blå,’’ som saman med ’’En Hustavle’’, 1929, førte til hans store gjennombrott. Disse to verka regnast i dag som de to beste. Øverlands beste og største dikt stod i ’’ En Hustavle.’’

 

En hustavle

Det er en lykke i livet
som ikke kan vendes til lede:
Det at du gleder en annen,
det er den eneste glede.

Det er en sorg i verden
som ingen tårer kan lette:
Det at det var forsent
da du skjønte dette.

Ingen kan resten av tiden
stå ved en grav og klage.
Døgnet har mange timer.
Året har mange dage.

 

Dette diktet handlar om døden. Her har vi enda eit eksempel på korleis tida med tuberkulose påverka hans seinare dikting.

 

Øverland skjønte raskt kor stor og alvorlig det var at nazistane fikk makta i Tyskland, i 1933. Han følte at det norske folket, og også heile verda ikkje så dette. I diktet ’’ Du må ikkje sove’’, som ble publisert i 1936, prøver han å få folk til å forstå at det som skjer i Tyskland var alvorlig, og at dei må bry seg. Ikkje berre tenkje at dette gjeld ikkje meg, så eg gidd ikkje å gjere noko. Dette viser han tydelig i det eine avsnittet ;

 

Du må ikke gå til ditt kjøpmannskap
og tenke på hvad der gir vinning og tap!
Du må ikke skylde på aker og fe
og at du har mer enn nok med det!
Du må ikke sitte trygt i ditt hjem
og si: Det er sørgelig, stakkars dem!
Du må ikke tåle så inderlig vel
den urett som ikke rammer dig selv!

 

Diktet er basert på en ekte draum Øverland hadde. Draumen var så sterk at med en gang han vakna måtte han skrive han ned. Diktet handlar om at Øverland, ’’ eg’’, ligger å sovar. Plutseleg kjem det ein stemme til han som seier ’’ Du må ikkje sove!’’ Stemmen fortel om sin uheldige tilstand. Han er en tysk fange. En dødsdømt fange. Og det einaste han har gjort gale er å tale i mot nazistane. Nå ligger han og ventar på å bli henta og avretta. Han føler at han kjempa mot nazistene forgjeves, og at heile omverda berre har gløymt han og det stakkars folket i Tyskland.

 

1930-åra mista Øverland mye av troa på kommunismen. Dette på grunn av Stalins brutale styring i Sovjetunionen og Moskvaprosessen  i 1934. Han hadde, som nemnt over, før vært ein ivrig og tro kommunist.

 

Under 2. Verdskrig spilt Øverland ein viktig rolle med å holde det norske folket samla og gi dei håp om ei betre framtid. Han begynte tidleg under krigen å skrive ulovlige dikt, retta mot nazistane. Brukte ord som våpen. Før krigen hadde Øverland vært mot monarkiet, men skjønte da krigen starta at kongen var viktig for folket, og spesielt i slike vanskelege tider. Folket samla seg på ein måte hos kongen, og ga dei håp. Eit av dei første dikta han skreiv etter at krigen starta var til kong Haakon 7, av Noreg. Og dette mye fordi han holt det han hadde lovet oss ;“Alt for Norge.”

 

11. juni 1941 blei han og hans kone, Margrete Aamot, arrestert av Gestapo. Men Øverland halde fram med å skrive, takket være blyantar han fekk smugla inn. Og klarte på denne måten å forsette å gi håp til det norske folket sjølv om han var fanga.

 

I 1942 blei Øverland sendt til konsentrasjonsleiren Sachsenhausen. Hans kone eit år seinare, til Ravensbrück.

 

Sjøl i konsentrasjonsleirene klarte Øverland å snike seg til å skrive dikt. Og i april 1945, blei både Arnulf Øverland og Margrete, redda av det svenske Røde Kors. Begge overlevde og dette utan noen varig skade. OG de blei mottak som helter, heime i Noreg. Dikta Øverland skrev under fangenskapet, i Noreg og Tyskland, samla han i boka ’’Vi overlever alt". Haust 1945 blei han tildelt ’’Grotten’’. Dette mye for sitt arbeid mot nazistane under 2. verdenskrig.

 

Etter krigen blei diktinga hans mykje meir rolig. Grunna at han sjølv var blitt mykje meir rolig. Han begynte å reise rundt i landet og heldt foredrag. Var blant anna ein ivrig riksmålforkjempar før han våren 1968, sovna stille inn.

 

Mine refleksjonar av Øverland er at han spilte ein viktig rolle under krigen, med å gi det norske folket håp om ei betre framtid.

 

Eg synes også dikta hans var veldig bra skreve og problema han tok opp var like sentrale på den tida som dei er i dag. Noe som gjer dikta hans sært populære i dag også, sjølv 41 år etter hans død. Eksempel på et slikt problem finner vi i diktet ’’ Du må ikke sove.’’ Vi i vesten må hjelpe menneska i dei fattigslege landa meir, og slutte å tenkje så mykje på oss sjølv. Og hjelpe folk i andre delar av verda som levar under heilt andre forhold.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish