Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Det Politiske Jordskjelvet

Det Politiske Jordskjelvet

Essay om det politiske jordskjelvet mellom FRP og AP.

Sjanger
Essay
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
15.11.2000


Det er den siste tida blitt målt eit nytt jordskjelv. Eit stort og alvorleg jordskjelv. Eit politisk jordskjelv. Ved dei siste meiningsmålingane er det blitt stadfesta at Frp er Noregs største parti. Nokon kallar dette for ein politisk revolusjon. Andre snakkar om at folket er modent for utskifting. Sjølv om ein er ueinig i folkemeininga, må ein ha respekt for den. Eit gamalt mobbeoffer er no blitt kongen på haugen.

 

Dei siste 15 åra er vi vorte meir materialistiske, statusorienterte og egoistiske. Ap og Høgre har tona ned dei tidlegare standpunkta om materiell vekst, og Frp rykt inn. Frp sitt bodskap har treft dei nye trendane. Frp sine idear passar inn i det oljerike, fleirkulturelle og jappette Noreg. Klagesongen til Hagen trekkjer til seg veljarane medan dei fortrengjer innhaldet i programmet hans. Folk som stemmer Frp gjer det ikkje fordi dei er egoistar. Nei, dei stemmer Frp fordi dei er lei av politikarar som berre er interessert i ein ting, pengane til veljarane.

 

Konkurrentane til Frp er på kanten av det vi kan kalle ein politisk konkurs. Dei er "gamle" og trøytte. Dei er i ei krise. Ei krise som har vart lenge, lite tyder på at den går mot slutten. Dei vandrar opp i den same gamle mølja dei alltid har vandra i. Dei imponerer lite, ingenting vert gjort. Dei står for det same dei alltid ha stått for, og dei klarar ikkje å nå like langt inn i hjartet til folk.

 

Ap har vore landet sitt største politiske parti i mange tiår. Dei sitt no fast i eit gamalt mønster som dei sjølve har bygd opp. Ap er ikkje slik som andre politiske parti, der det er eit samhald kring felles definerte verdimål. Ap er kanskje heller ein koalisjon av fraksjonar med sprikjande og til dels motsette interesser. Ap held i det lengste på modersasjonslinja, men har likevel ikkje greidd å følgje opp lovnadene om eit framtidsretta Noreg med nye vegar, moderne skular og eit helsevesen som fungerer. Veljarane er lei av at ingenting vert gjort. For har Ap fått til noko anna enn sjukehuskøar, falleferdige skular og vegar som er bompengefinansiert? Veljarane er lei av å punge ut pengar, som dei ikkje får noko igjen av.

 

Sentrumsregjeringa hadde sjansen, men heller ikkje dei klarte å få presentert noko nytt. Dei viste styringsdugleik, men lite anna. Folket krev noko nytt og kva vert då alternativet?

 

Politikk er til ein viss grad eit spørsmål om kommunikasjon. Det verkar som om store folkegrupper vert meir mottakelege for det enkle bodskapet og dei enkle løysingane dess meir komplisert samfunnet vert. For dei som ikkje er særskilt engasjert, kan det virke som om dei fleste partia står for det same og berre kranglar om små filleting. Når Hagen då kjem med ein mengde lovnader som er lette å forstå og lette å tru på, ja kvifor ikkje stemme Frp? Det går altså ein Frp vind over landet, sterkare enn nokon gong før. Ein skal ikkje gløyme at Frp har medverka til konstruktive vedtak i allianse med andre parti på Stortinget.

 

Medan Stoltenberg sjarmerer gamle damer i senk, dreg Hagen rundt og besøkjer folket. For eit par veker sidan kom han flygande, inn frå Oslo, i eit leigd helikopter retning mot Bulandet. Her var med på øy-hopping, medan han sjarmerte folket i senk med å seie at folket måtte få lov til å bestemme meir sjølv. Hagen brukte Bulandet som eit eksempel på eit godt Frp samfunn. Eit samfunn der folk tok initiativ til eit variert næringsgrunnlag. Eit samfunn der folk ville noko utan å bli subsidiert og bli "sydd puter under armane". Det han lot vere å fortelje var at dersom budsjettforslaget til Frp var blitt verkeleggjort, hadde det ikkje vert noko samfunn igjen på Bulandet. Hagen veit nemleg kva som høver seg å seie i dei riktige situasjonane.

 

Måten politikarane brukar media har mykje å seie kven velgjerarane vil røyste på. Hagen har lært seg korleis han skal bruke media. Han veit korleis han skal kapre velgjerarane. Han brukar eit enkelt språk, han snakkar med "store bokstavar". Han kjem med eit klårt bodskap, og han spelar på hjarte og mage. Han veit korleis han kan nå inn til hjartet til folk. Han er roleg og avbalansert og er vanskeleg å vippe av pinnen. Stoltenberg har ikkje lært seg desse knepa enno, han snakkar eit avansert språk som berre han, andre politikarar og ekspertar forstår. Stoltenberg forsvarar politikken sin med nokre reknestykke som folk generelt ikkje forstår. Han må forenkle språket sitt og tale folket si sak.

 

Det vi alle ventar på, har enno ikkje skjedd. Det er ingen som har komme med politiske visjonar som skulla ha gjort Carl I. Hagen brydd. Nokon burde komme med eit bodskap som kunne ha begeistra meir. Stoltenberg møter Hagen med økonomiske reknestykke og påstår at han ikkje kan rekne. Litt av eit motangrep vil eg seie. Det er ikkje vanskeleg å forstå kven folket vil tru på.

 

Folk flest forstår ikkje at dei fleste problema her til lands umogeleg kan bli løyst i løpet av kort tid, sjølv med rekordinntekter frå Nordsjøen. Det er ikkje vanskeleg å forstå kvifor Frp har fått eventyrleg stor framgong på meiningsmålingane, når dei hevdar vi kan hente milliardar ut av oljefondet utan at det får negative konsekvensar. Men når Frp har pumpa alle oljepengane inn i alt som er så forferdeleg dårleg i samfunnet, og alt er blitt slik det skal, går resten av seg sjølv då? Treng vi plutseleg ikkje meir pengar då? Og kor skal vi få dei i frå?

 

Ein kan kalle det ein sunn reaksjon på ein nokså uforståeleg situasjon. For er det normalt at verdas nest største oljeprodusent har verdas nest høgaste bensinprisar? Kall det gjerne vern av naturen, men eg tvilar på at det har hjelpt noko særleg. Vi køyrer ikkje mindre bil av den grunn. Dessutan er folk i distrikta avhengig av bil. Det står nemleg få alternativ att når det er mangel på gode kollektivtilbod.

 

Mange av veljarane til Frp har i meiningsmålingane gitt uttrykk for at dei ikkje trur Frp sitt program kan bli gjennomført. Dei støttar Hagen for å "vekkje" dei andre partia. Det vert gjort signal gjennom meiningsmålingane, men som regel kjem gamle mønster att på valdagen. Men kan vi likevel stole på at dette er rett? For kva vil komme til å hende visst meiningsmålingane i dag ville blitt valresultat?

 

Det er no komme ein situasjon der regjeringspartiet må sørgje for å komme på talefot med folk flest. Ein bør kanskje innfri litt av krava folket stiller. Konsekvensane av ein litt meir laussluppen økonomisk situasjon på kort sikt er nok mindre problematiske, enn dei langsiktige konsekvensane av det politiske systemskiftet vi vil verte utsett for, dersom meiningsmålingane i dag ville blitt valresultat.

 

Det er bekymringsfullt å vite at det største partiet i dag der det minst distriktsvennlege. Dersom Frp hadde komme til makta i dag, ville dei etter sitt budsjettforslag, kutta mykje av staten sine utgifter som først og fremst ville ha ramma distrikta. SND-midlane ville blitt stroke med 1300 millionar og stønaden til fiske og landbruk ville blitt redusert i milliardklassen. Det vil altså seie at den største hovudnæringa i fylket ville blitt ein god del svekkja. Utan støtte frå staten, kan verken fiskerinæringa eller landbruksnæringa klare seg. Primærnæringane utgjer ca. 17% av alle arbeidsplassane i Sogn og Fjordane. Det vil seie at 17% av befolkninga i fylket ville stått utan jobb. Mest truleg ville dei og familiane deira flytta frå fylket, for å finne seg eit anna livsgrunnlag. Men dersom primærnæringane i fylket hadde forsvunne ville det ha ramma sekundærnæringane også. Mange arbeidsplassar er avhengig av leveringar frå fiske og landbruk, og då ville også desse arbeidsplassane forsvunne. Dette utgjer over 40% av alle arbeidsplassane i Sogn og Fjordane! Men talet ville blitt mykje større, for visst over 40% av befolkninga i fylket forsvann, ville det heller ikkje blitt behov for så mange servicenæringar. Slik kan vi fortsette, og konklusjonen vil då bli at fylket vårt ville blitt fråflytta. Det ville ikkje ha vore noko livsgrunnlag igjen.

 

Dei som skal gå til vallokalet til neste haust bør altså tenkje seg godt om, før dei legg ein røystesetel ned i valurna. Det er nemleg viktig å setje seg grundig inn politikken til dei ulike partia. Kven som helst er ikkje egna til å styre landet vårt, det er viktig å la nokon med styringsdugleik og sunn fornuft få komme til makta. Eg er heilt einig i at vi kan opne litt på pengesekken frå Nordsjøen, men med det meiner eg ikkje å helle alt ut på ein gong. For det er nemleg ein grunn til at regjeringa held meir igjen på oljemilliardane enn kva Hagen ville ha gjort. Dei veit meir om og har større respekt for den økonomiske marknaden, og dei veit kva resultata av ei meir slepphendt hand på pengesekken ville ha ført til. Katastrofale verknader for norsk økonomi.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil