Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
EinsamSkriv ut Utskrift
Om ensomhet og fisking.
Nynorsk - NovelleForfatter:



Vatnet. Vinden. Disen. Alt perfekt. Vannet stille. Vinden sval. Disen lett. Perfekt harmoni. Bare avbroten av vage plask, men ikkje så ofte. Straumen heller ikkje for sterk. Eg tok fatt åra og tok til å padle utover. Tjernet var djupt, vatnet mørkt. Einaste livsteikn var ugla si svake kurring langt borte. Aleine var eg. Aleine med tankane og verda. Verda vart ein god plass å væra. Plaska høyrast oftare, og ein god stund seinare sit eg i vika i andre enden av tjernet med skjelvande fingre. Tid eksisterer ikkje. Temperaturen gjer det vanskelegare å handtere små ting. Små fluer. Eit lite stikk, og blod på fingeren. Men det går fort over, i spenninga over å legge flua i fin buen linje mot buskane på land. Disen har letna, og sola kiker inn gjennom tette tretoppar. Vatnet er grunnare der inne. Mørke ryggar flytt seg sakte, døsne av det kalde vatnet. Sola varmar meir. Meir liv. Flua synk. Nytt kast. Nyt sola, og vatnet eg er heilt einsam. Eit bitt, og det stille vatnet er forandra til ein arena. Ein kamp mellom menneske og fisk. Hissig knurring frå snella, men fisken er døsen enda, og kampen ender etter kort tid. Mennesket seirar. Naturen vinn uansett. Den mørke ryggen er atter på sin plass, der han høyrer heime. Og det blei med det eine kastet. Då eg fortsette å kaste, var vatnet heilt daudt, som om draugen sjølv skulle ha skremd fisken burt. Eg veit ikkje kor lenge eg sat der, men ørreten lot vente på seg. Kast etter kast, men uten hell. Først da sola hadde varma nokre timar eller så, blei det liv i vatnet igjen. Kampen tok til på nytt, og fleire gongar måtte naturen gi tapt for mennesket. For ei kort stund. Fisken var vakker, mørk rygg, raude prikkar langs sida, blank buk. Eit sjeldant attraktivt bytte for ein ivrig sportsfiskarsjel, aleine i ein lita verd for seg sjølv. Ei verd der fred og stille herskar, der uorden og kaos er ukjend. Tida går vidare, einsam. Vatnet blir atter stille, men om enn for ikkje så lenge. Eg byter flua. Ho var pjuskete og sliten etter kjempinga. Ørreten er framleis villig til å bite, og fleire gongar blei flua slukt nesten før ho tok vatnet. Det var vel på eftan ein gong, sola varma. Ein kunne høyre at fuglar og dyr var komne til liv, småfuglane kvitra lystig i toppane, mens nokre kuer rauta hest på eit jorde der bak eg er heilt einsam. No var vatnet for varmt i overflata, og ørreten dukka nok ned på djupare vatn, som eit troll for å sleppe unna solas livgivande strålar. No først kjenner eg at magen knurrar av svolt. Det er fleire timar sidan eg har ete, så eg tar ei pause, og lar ørreten kvile der nede på botn. Beitar vel den og. Men matlysta er liksom ikkje der. Det er noko anna som lokkar, men eg veit at eg må vente. Så eg tvingar maten inn, og lar kroppen kvile. Eg padlar tilbake til land, og legg meg for å sove i skuggen.

 

Eg vaknar av eit digert plask, og akkurat i det eg slår opp auga, ser eg ein halefinne forsvinne ned i vatnet igjen. Ringane på vannflata brer seg utover. Eg summar meg litt, før eg padlar utpå igjen. Sola har vorte raud, og er stille på veg nedover gi andre menneske ein smak av varme. Eg sett på ei velbrukt flue, kjend for å lokke fisk. Nokre kast, og flua landar på vatnet, ikkje ulik insektene som svevar i lufta rundt meg. Eg ser små bølgjer komme mot ho. Så smell det, og flua forsvinn ned i vatnet. Hjertet dunkar og leppene mine blir tørre. Den game fluestanga står i kraftig boge og snella gir frå seg eit høglydt skrik. Noko slikt gjør ikkje småpinnane, det har dei ikkje kreftar til. Ut forsvinn fleire meter med sene, sjølv om eg gong på gong veivar inn igjen. Etter ei stund med heftig kjemping kommer storørreten opp mot overflata, eg ser ein diger mørk rygg som sakte legg seg over på sida, trøytt og sliten. Han er breid og uformeleg. Han veg sine to kilo, minst. Eg tar han opp, studerer han nøye. Digre raude prikkar langsmed sida, mørk rugg og ein breid lys buk. Fristane, men eg let han gå. Lar naturen få sin velfortente seiar. «Takk for kampen» tenker eg, mens eg ser han forsvinne med døsne vrikk ned i djupet att. Eg vender nasen tilbake mot land, pulsen er framleis høg, og adrenalinet på topp. Med god samvete går eg mot ei koie der glørne i omnen for lengst er slukne. Eg gjer opp i omen att, og mens varmen sakte brer seg i det vesle rommet, legg eg meg på trebenken, framleis fortrylla av opplevinga.

 

Eg vaknar av eit spetakkel rett utanfor døra. Nokre skjor held eit alvorleg leven. Eg kikar ut, og ser stakkars katt i fullt firsprang på veg mot meg. Eg let han inn, og eg får straks ein ny ven. Flugestanga ligg ved sida mi, ubrukt sidan sist sommar. Eg let døra stå på gløtt i det eg går mot kanoen. Gir katten vern mot fuglane. Det er morgon, og disen har ikkje letna riktig enda. På veg ut på vatnet, får eg sjå to måltroster sitjande i kvar sin tretopp, på kvar si sida av tjernet. Dei syng og pratar, og skjenner høglydt innimellom, sikkert om reine bagatellar, nærmast for å ha noko å trette om. Dei ertar kvarandre, og så meg. «Får han no fisk, får han no fisk?» roper den eine i vakker sopran. «Ikkje enno, ikkje enno!» svarar den andre i reinaste tenor. «Han blir fiskelaus, han blir fiskelaus!» syng sopranen. «Han får i dag, han får i dag!» svarar tenoren. Slik held dei på, mens morgondisen sakte letnar. Eg set meg til å lytte til dei to. Tenoren er optimisten, den seige og sta som aldri gir opp. Sopranen den rake motsetning – den irriterande og ertelystne pessimisten, som alltid protesterer, og som med forakt vender lykka ryggen om ho skulle vise seg. Eg har alt gjort nokre kast, men uten hell. -«Her finst ikkje fisk, her finst ikkje fisk!» roper tenoren, og set stjerten i været. «Jo vær du sikker, vær du sikker!» skriker sopranen attende. Mens dei to fortsett krangelen lar eg meg sjarmere av venleiken til naturen, og let flua atter lande på vatnet. Vatnet er daudt. Og fortsett i fleire timar, ser sola sakte med sikkert flytte seg over himmelen. Eg prøver alle fluer, og alle triks. Ingenting. Kvelden kjem, men ingenting skjer. Ingen forandring. Det latar til at tenoren hadde rett. Draumen om storørreten frå natta før ser ut til å forbli ein draum. Kva har hendt? Har det vatnet som før var så rikt på fisk, døydd heilt ut? Mot solnedgangen sitt raude lys ser eg svarte skuggar, skyar som stengjer att. Eg ser det som eit teikn på at det er slutt. Sørgmodig gir eg meg iveg attende til koia. Forrige natt sin draum er omdanna til det reinaste mareritt. Stillheten legg seg tung og tett. Eg blir sitjande på stranda heilt einsam. Doggen sveper ei gråkvit kappe over skog og myr. Eg ser utover tjernet for siste gong. Ei av livet si harde stundar. Men eg har ikkje anna å gjere enn å la utviklinga gå sin gang. Ørreten i draumen var den siste og største. Og vil være den vakraste av alle. Ørrettjernet sloknar og døyr.


annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish