Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
"Fuglane" av Tarjei VesaasSkriv ut Utskrift
Analyse av "Fuglane" av Tarjei Vesaas.
Nynorsk - Analyse/tolkningForfatter:



Romanen «Fuglane» er skrive av den norske forfattaren Tarjei Vesaas. Tarjei Vesaas er ein kjend forfattar. Han har skrive mange romanar som fått fleire prisar. «Fuglane» er gitt ut i 1957 og gjorde ein stor suksess. Då eg las tittelen på boka tenkte eg på endringar og at nye tider ville komme. Eg tenkte at tittelen passa bra til personen Mattis. Mattis var ein person som hadde gode tider nokon gonger, men for det meste hadde han det dårleg. Eg tenkjar på rugda som ein fugl som har gode tider med mye mat, men det meste av tida brukar den på å finne maten. Eg trur Mattis brukar det meste av tida si til å finne ut kven han er.

 

Eg trur at denne romanen er ein liten del av Tarjei Vesaas sitt eige liv. Då folk spurde han om kven Tusten var, svarte han at det var han sjølv. Eg trur at Mattis sitt liv og han sin måte å oppfatte samfunnet rundt seg på, er i stor grad lik som Vesaas sin. Vesaas var ein stille, men klok mann.

 

Eg tenkjer på Mattis som ein naiv mann, litt barnsleg og mentalt tilbakeståande. Mattis sitt hovud er fullt av tankar om korleis det perfekte liv skal vere og at han ein gong skal klare å leve i bygda han bur i, utan at folk skal baktala han. Eg trur eigentleg at Mattis er ein poet. Han kjem stadig opp med nye ord og setningar som berre han forstår. Hege, systera til Mattis, forstår han heller ikkje. I bygda han lever i blir han omtalt som Tusten. Folk tenkjer på han som eit lite barn som ikkje er flink til å arbeide. Mattis blir sett på som udugeleg. Eg trur at Mattis føler seg veldig åleine og då rugda kjem inn i livet hans har han ei erstatning for dei vennene han aldri fekk. Kvar dag er ein kamp for å passe inn i samfunnet han lever i. Mattis er livredd for lyn. Kvar gong det kjem torever spring han inn på toalettet og gøymer seg.

 

Mattis er veldig glad i systera si og ho tek vare på han kvar dag. Men då han høyrer at ho græt om nettene finn han fort ut at han er ein byrde for henne. Hege er 40 år og er Mattis sin storesyster. Det er Hege som forsørgjar familien og ho er veldig viktig for Mattis. Ho føler seg einsam og tenkjer at ho ikkje er til noko nytte, men Mattis prøver å trøyste henne, sjølv om det ikkje går. Hege er ei travel dame og strikkar heile dagen. Ho er skarp i følgje Mattis. Ho svarar som eit lyn og seier mye klokt. Mattis har stor respekt for Hege.

 

Jørgen er den siste viktige personen i forteljinga, meiner eg. Han er idealmannen og han er ein klok mann . Jørgen blir seinare fienden til Mattis, men Jørgen ser ikkje på Mattis som sin fiende. Jørgen prøver å vere snill mot Mattis og til og med gi han ein jobb. Jørgen og Hege blir glade i kvarandre og når Jørgen også har inntekt blir det lettare for dei. Mattis spør Hege om kven ho bryr seg mest om, og Hege svarar at det er Jørgen.

 

Fuglane handlar for det meste og livet til Mattis og Hege og korleis kvardagen deira er.

 

Mattis og Hege lever eit liv gøymt for resten av samfunnet og bygda dei bur i. Dei bur åleine med sjøen og skogen som nærmaste nabo. Dei to ospetrea som står utanfor den store, mektige, grøne skogen, trur eg er eit symbol på at Mattis og Hege lever for seg sjølv. Ospetrea lever også for seg sjølv, utanfor resten av skogen. Dei to ospetrea har fått namnet Mattis og Hege.

 

Mattis er 37 år og bur fortsett saman med systera si. Hege føler at ho ikkje har fått gjort noko med livet sitt som har ei meining. Dette forholdet mellom bror og syster tenkjar eg på som forholdet mellom mor og son. Hege passar på Mattis og gjer han mat, men Hege synest fortsett at ho ikkje har ei meining her i verda. Mattis er heilt avhengig av Hege og vil ikkje miste henne.

 

Ein varm sommardag får Mattis ein plan om korleis han skal ta vare på Hege og ikkje la henne flytte frå han. Mattis får seg jobb på ein gard som ugrasplukkar. Denne jobben klarer ikkje Mattis så veldig bra og som vanleg blir han sett på som udugeleg fordi han ikkje kan arbeide. Mattis fortel Hege om jobben han gjorde, men Hege er meir oppteken av strikkinga. Strikkinga til Hege er den einaste inntekta dei har som held dei i live.

 

Etter fleire dagar fylt med dårlege minne ser Mattis eit rugdetrekk. Det flyg rett over huset hans. Dette rugdetrekket fylte livet til Mattis med meining. No trudde han at livet skulle snu, at han skulle få eit betre liv. Mattis er glad i rugda og det blir Mattis sin einaste venn. Ein dag møter han ein jeger som har skote rugda. Mattis blir heilt frå seg og klarar ikkje å seie eit einaste ord. Eg trur at rugda på ein måte er Mattis sitt liv. Eg blir mint på at livet til Mattis kjem til å ende som livet til rugda.

 

Då Hege til slutt talar med Mattis om arbeide han gjorde, foreslår ho at han burde starte arbeid som ferjemann. Det var vel noko til og med han Mattis kunne få til. Etter fleire lange dagar ute på innsjøen i håp om å få ein passasjer, kom plutseleg vendinga. Ute på ein holme møtte han to jenter. Dei hette Inger og Anna og Mattis blei redd ved tanken på at han skulle tale med jenter. Han hadde mange kloke og skarpe ord, men dei ville ikkje komme ut at munnen hans. Til slutt klarar Mattis å seie noko. Han fortel jentene at han heiter Per. Eg trur han gjorde det i tilfelle jentene ville kjenne han igjen som Tusten. Han ror jentene til lands ein plass kor alle i bygda kan sjå han, no er han stolt. Men på vegen heim kjem det torever som øydelegg det eine ospetreet. Mattis blir livredd og trur at han skal miste Hege. Mattis trur nemleg at alt som skjer er teikn på noko.

 

Langt om lenge får han ein ny passasjer. Ein dag søv Mattis dårleg og han høyrer ei sterk røst rope på ferjemannen. Mattis hoppar ut av senga som eit lyn og hentar passasjeren. Det er ein kraftig tømmerhoggar med namn Jørgen.

 

Etter kvart flyttar Jørgen inn hos Mattis og Hege og Mattis kjempar kvar dag for ikkje å miste Hege. Jørgen er alt Mattis ville vere, ein kraftig kar, ein tømmerhoggar med kloke ord. Det var idealmannen meinte Mattis. Då Jørgen kom trur eg også vendepunktet i boka kom. Jørgen snudde livet til Mattis på hovudet og gjorde at Mattis måtte kjempe endå meir for å behalde Hege enn før.

 

Seinare i forteljinga får vi vite at Hege og Jørgen blir eit par. Mattis blir misunneleg fordi Jørgen får all åtgaumen og Mattis blir ikkje lenger så viktig i Hege sitt liv. Mattis et til og med flugesopp for å bevise at han er den riktige for Hege. Dette fungerer ikkje bra, så Mattis finn ut at naturen skal avgjere om han er riktig for Hege eller ikkje.

 

Ein kald sommarnatt dreg Mattis ut båten og ror langt ut til den djupaste delen av innsjøen, ein plass kor ingen kan sjå han og kor han kan utføre planen sin. Mattis senkar båten og flyt med årene under armen. Ein kraftig storm bles opp og Mattis ligg no midt utpå det svarte havet, heilt åleine og ingen kunne høyre han. Mattis sitt liv endar her, og han gir livet sitt til naturen. Slutten på forteljinga passar bra, meiner eg. Då rugda blei skoten tenkte eg at Mattis sitt eige liv også ville ende tragisk. Og då det eine ospetreet blei øydelagt var dette som ei minning på at Mattis til slutt kom til å døy.

 

Eg trur forteljinga finn stad på 1930-talet, i ei lita bygd. Sidan denne bygda der Mattis og Hege bur ikkje har noko namn, kan det vere kor som helst i Noreg, til om med Norden. I denne bygda er det ein kjøpmann og dei som jobbar, dei jobbar i primærnæringa. Dette er jo eit kjenneteikn på tidleg 1900 – talet og bakover i tid. I bygda finnest det bilar som ikkje var så vanleg tidleg på 1900 – talet så eg trur hendinga skjer på 1930 – talet fram til 1940. I byga har dei ein landeveg kor det går hestar og det finst mange gardar der. Eg synest at Vesaas er god til å skildre naturen og korleis den gjer oss glade eller redde. Mattis er annleis, men det treng ikkje å vere dumt. Eg trur at Vesaas vil få fram dette. Alle er ikkje like og sjølv om ein er annleis skal det gå an å leve utan å kjempe kvar dag for ikkje å bli baktalt. Det trur eg er bodskapen i teksten. Det er ikkje meininga å bryte dei uskrivne reglane. Temaet trur eg er korleis samfunnet behandlar dei som er annleis.

 

Denne romanen synest eg var litt tung i starten. Det var mange ord som var vanskelege og handlinga var ikkje alltid så lett å få med seg. Utover i boka blei det meir spanande. Eg fekk ei kjensle av å vere med i forteljinga sjølv om eg ikkje alltid forstod Mattis og alle påfunna hans. Skildringa i boka er gode og ein kan lese fleire sider om korleis staden Mattis og Hege bur på ser ut. Eg vil seie at Vesaas er ein særs god forfattar og denne boka kunne vi ikkje vore forutan.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish