Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Sportssendinger!

Sportssendinger!

Tar sportssendingane for stor plass på tv? Skriv eit lesarinnlegg for eller i mot!

Karakter: 5

Sjanger
Leserinnlegg
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
10.08.2009

Sportssendingane er ikkje noko vi har bruk for. Dei er bare til for hjernevasking. Men kva sjår vi på som ei sportssending? Dama eller mannen sete og lese opp ein masse bullshit om tal og scoringar. Norge er kanskje så heldig at dei har vunne ein kamp for ein gang skuld. Det er bare nokon gale folk som springer etter ein ball, hyler og skriker som det skulle ha vore mellom liv og død. Det er det eg forbind med sport. Fotball. Menneske som ikkje har noko liv. Men kvifor hatar eg sportssendingar så mykje?

 

<bilde>

 

Heilt sia eg har vore lita, har eg ikkje nokon gong sett på sportssendingar og eg har aldri spela fotball som alle dei andre barna i gata. Eg var den som sit på sidelinja og sa at dette er bare noko tull. Eg skjønte ikkje vitsen med å springe etter ein ball. Den ballen som eg hatar like ille den dag i dag som eg gjorde for 10 år sia. Men det har vel også noko med at eg aldri orka heller. Det finnst jo positive ting med dette å hate sportssendingar. Eg blei ikkje den zombien som sit og sjår på TVen kvar kveld med sikkel som henger ut av munnen og raudsprengt augne og venta på at nyheitsreporteren skulle lese opp dagens scoringar for Norge. Viss det blei noken scoringar, så jublar ein så heile taket rista og ein synst synd på dei som bur i leilegheitene under deg viss du bur i ei blokk. Men det er ikkje alltid det blei noken bra match for Norge. Dei gongene dei taper, så går det ikkje an å snakke med vedkommande på ei heil veke. Men kvifor oppfører dei seg sånn? Dei går liksom og sørgjer. Det er ei av dei tinga som får meg til å hate sportssendingar. Det er nokon som tar dette som om det skulle ha vore mellom liv og død, så det er ikkje rart det er krig i verda! Sportssendingar har rett og slett for stor plass på TV, og det påverkar menn for det meste!

 

Det finnst også andre positive ting når det gjelder sportssendingar synst eg. Eg kan verkeleg ikkje skjønne at eg seier det, men det finnst positive ting med sportssendingar. Viss du har ein mann som er heilt sportsidiot, og han bruker heile kvelden med å sjå på sport (eller heile livet for den saks skyld), da har du tid til deg sjølv. Det ser eg på som positivt med sportssendingar; ein kan bruke dei som ein «barnevakt». Mens mannen set og blir hypnotisert foran TVen og øydelegger livet sitt, så kan eg ta ein tur på byen med noken gode venninner som hater sportssendingar like mykje som eg. Leva livet! Og det ikkje foran TVen! Men kvifor vil vi seie at nokon blir hypnotisert? Kanskje alle menn er hypnotisert? Dei er jo så mystiske. Man kan ikkje leve med dei, men heller ikkje utan dei.

 

Men vi har også dei negative tinga med at ikkje like sportssendingar. Dei som eg, som regel, ikkje snakke nokre om og som eigentleg ikkje er å finne i min ordbok. Det som finnst negativt med sportssendingar er at dei er overalt på alle kanalar. Uansett kanal, så finnst det sport. Dette har eg eit veldig godt eksempel på. Eg er av den typen at eg sjå mykje på film, og eg kan seie med sikkerheit at i kvar endaste reklame så er det eit sportsinnslag med, og eit godt eksempel på ei sånn kanal er TV3. Kvifor kan dei ikkje halde seg til dei kanalane er som er via til sport, så vi som ikkje liker å sjå på dei kan sleppe? Det finnst det ikkje noko svar på, men det virke som om det er meininga at vi skal like sport. Dei som lede kanalane skal liksom trykkje det på oss. Vi har ikkje nokre val. Det sjå eg på som ein veldig negativ ting når det kjem til sportssendingar.

 

Finnast det noko løysning på problemet? Vi kvinner (og menn) som hata sport kan alliere oss samen og marsjere opp til husa kor dei kanalane held til og gjere opprør fordi det er for mykje sportssendingar på kanalane. Det er nok litt brutalt, så eg trur ikkje det er ein løysning. Vi kan skrive tonn på tonn med brev med klager, men dei vil ikkje opna dei. Det er verkeleg ikkje nokre vi kan gjere med problemet. Vi får bare la mennene vere zombier, og leve vårt liv utan dei. Vi får bare la sporten gå sin gang mens vi kan finne på nokre betre å gjere. Som for eksempel å ha eit liv!

 

Konsekvensar for dette er at sportssendingane kjem til å ta over alle dei kanalane vi er så glade i. Men kva skjer med folket da? Ein dag kjem det til å bli opprør, men ingen kan seie når. Det er ikkje alle som set pris på alle sporten som blir vise. Handball, fotball, golf og basketball er nokre eg kan leve utan og eg veit om mange andre som greier seg utan det også. Viss eg MÅ sjå på sport, så velje eg kickboksing. Det er det einaste eg kan sjå på fordi det trenar eg med sjølv. Men kva skal vi gjere med dei som allereie er hypnotisert? Dei som ikkje klarar å komme seg vekk fra TVen, og set og sikle, korleis skal det går med dei? Ein kan eigentleg begynne å lure på om dei verkeleg kjem til og skaffa seg eit liv, men håpet sjå ikkje bra ut.

 

Min konklusjon på dette er at det er altfor mykje sportssendingar på TV i dag, og det er ikkje eg fornøgd med. Men er det nokre vi kan gjer med problemet? Det finnast ikkje noko svar på det spørsmålet. Vi må bare respektere at det er folk i verda som liker sport og sportssendingar. Vi kan ikkje alltid får det vi peike på, men vi må heller lære oss å dele. Det er ikkje rart det er krig i verda med så mye sport som det er på TV!

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil