Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Eg vil jo berre være som dokkerSkriv ut Utskrift
Denne handler om å ville være som "de kule". Det inneholder å drikke seg drita osv.
Nynorsk - FortellingForfatter: Anonym



Eg, Katarina, begynte med narkotika da eg var 15 år. Tro det eller ei, det var ufrivillig. Eg var på fest med vennegjengen. Eg fekk kanskje litt for mykje å drikke den kvelden. Og det var ikkje min feil. De jentene som liksom skulle være vennane mine, skjenka meg drit full. De syntes sikkert det var artig, men eg likte det ikkje i det heile tatt. Eg stoppa dom ikkje heller. Eg ville ikkje vise at eg var feig. Eg ville berre være kul. Gjøre som de andre, og følgje strømma.

Ein fyr på festen eg kjente, Kevin, kom borte til meg. Han såg at eg var drita, og spurde om eg hadde et problem og trunge hjelp. Etter en stund fekk eg så vidt snøvla fram eit nei, før eg datt nedi doskåla. Kevin bar meg inn på ein sofa i nabo rommet.  Der tvinga han meg til å drikke ein flaske vatn, slik at eg kvikna litt til. Han virka veldig oppriktig og ærleg, så eg tok sjansen til å stole på han. ”Eg har noko som hjelper mot hovudverken din” sa han og gav meg nokon pillar. Eg viste jo eigentlig veldig godt at eg ikkje burde ta imot pillar eg ikkje viste kva var, men eg stolte såpass på Kevin at viss han sa at det ikkje var farleg, så stolte eg på det. Det var første gongen eg, Katarina, prøvde narkotika. Kanskje litt frivillig, men det hadde ikkje skjedd, hadde det ikkje vore for dei såkalla vennane mine.



Sidan den gong, har det rett og slett berre gått i ein nedoverbakke for meg. Eg har ikkje hatt ein einaste opptur sidan det marerittet. Og dette skjedde til og med meg, den av jentene som verkeleg jobba bra på skulen. Eg sto på med leksene heime og jobba godt i timane på skulen. Alt eg gjorde på skulen, låg i mellom ein sterk firer og opp til ein seksar, men brått forandra alt seg. Det hente ofte at eg sovna i timane. Eg hadde ikkje lenger den same stå-på viljen som før. Og karakterane mine sank brått frå toppkarakterar, til einarar og toarar.

I ettertid verkar det ganske rart at ingen mistenkte at alt som hadde skjedd, rett og slett berre handla om narkotika. For det var ikkje berre skulearbeidet som vart ei byrde i den tunge kvardagen, eg hadde også alltid vore ein veldig aktiv sportsutøvar. Eg spilte jo håndball kvar einaste dag, i tillegg var eg med på både fotball og dansing. Men no blei desse idrettane mindre og mindre viktige. Meir og meir  av fritida mi gjekk til fester og nattklubbesøk. Dette var også noe eg blei tvungent til å bli med på. Vi skulka skulen heile tida for å drikke. Første gong verka det meinings løyst, men etter kvart blei det meir og meir artig å drikke på dagtid. Dagrus kalla me det. Det var også på dagtid eg for første gong prøvde extacy. Det var ein herleg rus, eg følte meg glad og fri. Så godt humør var det lenge sidan eg hadde vore i.

Men no fekk eg eit nytt problem. Pengar. Å være narkoman er ikkje billig. I alle fall ikkje når du blir avhengi. Tidlegare var det nok å bruke vekepengane eg fekk frå mor og far, men det var ikkje nokk lengar. Eg måtte finne ein anna måte å få tak i gryn på. Og dette var overgangen frå den uskuldige jenta med god oppvekst til ein narkoman vaneforbrytar.


Det første ranet mitt var ei kvithåra gammal dame som var på ein rolig rusletur. Eg hadde spionert på ho, så eg viste at ho nettopp hadde vore i banken og tatt ut masse pengar. Eg lista meg innpå ho bakfrå og reiv til meg veska hennas. Eg la på sprang heimover med veska i handa og med eit smil om munda. Normale folk ville kanskje fått veldig dårlig samvittigheit, men eg fekk det faktisk ikkje. Eg hadde frykta det, men null reaksjon frå meg. Dette var berre starten på godsakene. Seinare drev eg også med utpressing og våpna ran.

Dette utviklet seg berre meir og meir. Til slut sjå eg ikkje ut. Alle som møtte meg på gata kunne sjå at eg var narkoman. Og det berre på grunn av den eine festen eg var på. Og fordi eg ikkje likte meg som eg var. Eg ville berre bli ein av dom, og heilt lik dom, frå topp til tå. Det var ikkje Gud som hadde skapt meg sånn, det var eg, med god hjelp frå ”vennane mine”. Man kan vel si at eg følte meg presset. Eg følt meg presset av dom og meg sjølv. Viss eg kunne velje å bli født på nytt igjen, hadde eg valt det. Det livet eg har no, er ikkje vert og leva ut. Men det er ein ting eg må gjera. Får berre gjera det beste ut av det eg har no.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish