Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
BorisSkriv ut Utskrift

Leselogg skrevet på nynorsk.

Karakter: 5 (10. klasse)

Nynorsk - Anmeldelse (bok, film...)Forfatter:
Denne oppgaven inneholder bilder.
Logg inn via Facebook for å se dem.

Jaap ter Haar er ein nederlandsk forfattar som er født den 25. mars 1922 og døydde den 26. februar 1998. Boris er ei novelle som blei skrive i 1966.

 

Nadja svara ikkje. Ho var nok for trøytt til å seie noko. Mor hadde sendt dei avgarde for å gå over viddene for så å hente potetar. Dei russiske barna Nadja og Boris hadde gått lenge no. Boris merka at Nadja blei svakare for kvart steg dei tok gjennom den tjukke snøen.

 

Tyskland kriga mot Russland på denne tida og det var vanskeleg å vere innbyggar i Russland. Men så kjem det ein gjeng tyskare. Nadja og Boris blir redde, men det viser seg at dei er snille og gjer Nadja mat. Boris vil også ha, men han veit kor svak ho er no. Tyskarane snakkar saman på det vanskelege språket som Nadja og Boris ikkje forstår. Men Boris oppfattar det som om at dei vil ta dei tilbake til Leningrad. Og det gjer dei.

 

Men då dei kjem fram, står russiske soldatar klare med geværa. Boris forstår kva som kjem til å skje. Det gjer også tyskarane. Dei set eit lommetørkle i geværet for å vise fred. Men frå Leningrad kjem det skot etter skot. Då stansa tyskarane. Boris forklara for russarane at tyskarane hadde gjeve dei hjelp.

 

Då kjende Boris ei hand på skuldra si, handa frå ein tyskar, handa frå fienden, handa frå ein venn.

 

Denne teksten er ei fin historie om to barn som blir redda av fienden. Eg synest det er fint skreve, tyskarane er sat i eit dårleg lys, men i den her teksten er dei heltane. Nynorsken var grei å forstå men noen setningar var vanskelege å forstå som «Horisonten med den grå trerekkja dreia seg oppover som om den kvite jorda var ei bokside som vart snudd», dette er ei setning som eg ikkje forsto, og det er det som er med nynorsk, mange vanskelege setningar. Og teksten var litt lang og hadde lett for å bli keisam. Eg får eit inntrykk av at Boris og Nadja er sysken for at «mor» hadde sendt dei etter potetar. Og at Boris er glad i Nadja og tar seg godt av ho.

 

Bodskapen er nok at alle menneska har noe godt i seg, til og med fienden. Og tema må vere tillit sidan Boris stolar på tyskarane, Nadja stolar på Boris, tyskarane stolar på russarane og omvendt.

 

 

Kilder:

http://nl.wikipedia.org/wiki/Jaap_ter_Haar

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish