Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Kjell Aukrust

Kjell Aukrust

Lang, god og omfattende særoppgave om Kjell Aukrust.

Sjanger
Særoppgave
Språkform
Annet
Lastet opp
09.02.2001
Forord

No i haust har vi i 10. klasse ved Julsundet Skole fått ei oppgåve i norsk hovudmål å skrive om ein forfattar som hovudsakleg har skreve på 1900-talet.
Dette trudde eg kom til å bli ganske vanskeleg sidan alle som har skreve særoppgåve i norsk hovudmål før Reform 97 kom, kunne velje kva dei ville skrive om.
Men etter mykje tenking og grubling fant eg ut at eg ville skrive om ein forfattar som eg frå før av kjenner ganske godt til, nemleg Kjell Aukrust.
Eg valde Kjell fordi eg kjenner han frå tidlegare av i samband med filmane "Gurin med reverumpa" og "Flåklypa Grand Prix".

Denne særoppgåva om Kjell Aukrust har eg tenkt skal handle om mesteparten av livet hans; barndomen/ungdomen og hans vaksne liv, samt litt om verka hans og figurane han har laga.

Barndomen

Kjell Aukrust vart født 19. mars 1920 i bygda Alvdal i Østerdalen.
Han var kort av vekst og ganske spinkel og fikk namnet Kjell.
Han utmerkja seg tidleg på skulen, men ikkje slik som broren Odd hadde gjort tidlegare.
Kjell hadde veldig god sans for humor, men på skulebenken likte han seg ikkje.
Der broren Odd hadde vore dyktig og pliktoppfyllande slo Kjell til med spøk og latter. Han fekk dei fleste til å le av alle påfunna sine, og offer for desse ablegøyene vart broren Odd som ikkje kunne gjere anna enn å sjå det humoristiske i situasjonen. Ein som ikkje likte Kjell sine sprell var skulesjefen.
Han gav ofte Kjell ein smekk over fingrane så det smalt fordi han alltid sto oppført i boka under uhøveleg oppførsel.
Men i forming utmerkja han seg med teikningane sine og fekk ofte skryt av lærarinna for sine fine og svært detaljerte teikningar.
Etter grunnskolen starta Kjell på Storsteigen Landbruksskule der far hans var bestyrar og rektor.

Kjell Aukrust har sidan han var liten gut alltid grubla om vår plass i verden.
Mange lurar på kvar Kjell får alle tankane sine ifrå? Dei kjem ofte når han drøymer seg inn i sin eigen verden med alle figurane sine som Luvik , Solan , Gurin og ikkje minst Sykkelreparatør Reodor Felgen.
Kjell`s foreldre var svært religiøse og hadde ofte kristne samlingsstunder heime i stua. Der fekk Kjell lov å underhalde alle damene med teikningar til salmane som dei måtte gjette tittelen på.

I starten syntest Kjell dette var veldig morosamt, men etterkvart begynte det å bli mei keisamt. Kjell møtte likevel opp med teikningane sine, men etterkvart vart dei litt for grove og på kanten for forsamlinga.
Ein kveld møtte han opp med eit bilde han hadde teikna; det var av ein penis som sto rett opp i lufta. Da forklarte Kjell at det skulle førestelle salmen "Takk O`Gud for våre friske lemmer". Kjell såg fort uttrykket i ansiktet til mora endra seg og han forsvann i ei fart. Men sjølv om mora ikkje likte denne teikninga hans så let ho han få fortsette å underhalde på desse møta.
Dråpen som fekk begeret til å renne over kom ein kveld da Kjell viste ei teikning av ein som hadde samleie med noregskartet. Den skulle førestelle nasjonalsongen til Noreg " Ja, vi elskar". Det vart slutten på karrieren til Kjell som underhaldar på meiningsmøtar.

Broren til Kjell , Odd , som var 5 år eldre enn Kjell hadde debutert med ei novelle i "Hjemmet". Kjell ville ikkje vere dårlegare og "slo til" med stykket om han "Bjønn Ola", i sin offentlege debut i bladet "Bygdeungdommen". Stykket vart trykt opp mange gonger, noe som Kjell var veldig stolt av. Han fekk 18 kroner som betaling for stykket han hadde skrevet.

Kjell kunne ikkje symje då han var liten. Det kunne heller ikkje mange av venane hans. Likevel skrøyt dei av ferdigheitane sine, men da dei skulle visast fram vart det bare å hoppe i ein båt og ro utpå for å "fiske" dei opp att.
Ein dag kom det opp ein stor plakat på nærmaste telefonstolpe. Der stod det: " Lær å symje!! 14 dagars symjekurs for barn og vaksne avholdast i juli månad ved Steinbrua. Interesserte bes om å skrive seg på lista som er lagt ut på Handelslaget. Århundrets sjanse til å lære å symje ".
Dette tilbodet var det ikkje mange småtassar som let gå frå seg.
Alle styrta inn på Handelslaget får å skrive seg opp på lista som var utlagt der. Seinare vart kurset halde og mang ein gut lærte seg å symje, deriblant Kjell Aukrust.
På denne tida fekk Kjell seg jobb. Han gjekk som avisbod i bygda, og tjente pengar som han fekk bruke til kva han sjølv ville. Uheldigvis gjekk tre kvart av desse pengane til nytt vindauge i huset heime hos skolestyraren.

I 1935 flytta familien til Kjell til Oslo. Her starta Kjell i snekkerlære , mens far hans fekk ny jobb på Stortinget. Men Kjell fant fort ut at snekker var ikkje noko han ville bli.
Som lærling hadde Kjell ein lærar som heitte Henrik Sørensen. Han var dugleg i forming og kunst. Etterkvart som dei to blei kjent fikk Sørensen sjå nokre av teikningane som han hadde teikna på fritida, og ikkje lenge etter avtalte dei å treffast for å teste Kjell sine evner i teikning og maling.
Då Sørensen fikk sjå bilda Kjell malte og teikna, vart han imponert og spurde om han ikkje ville begynne på Statens Kunst- og Handverksskole.
Kjell takka jo sjølvsagt ja til tilbodet og i 1936 starta han på Statens Kunst- og Handverksskule i ein alder av 16 år.

For at Kjell skulle få komme inn skreiv Sørensen ein lapp der det sto:
"Kjell Aukrust er eller skal bli målar. Går på målarskule. Slipp ham inn! Henrik Sørensen".
Men denne lappen kom han seg ikkje bare inn på Kunst- og Handverksskolen, han slapp også inn med same lapp på Frogner Stadion og fekk sjå Ballangrud sette ny norsk rekord på 5000 meter.

Etter seks år på Kunst- og Handverksskulen, stengde den i 1942 og Kjell måtte flytte på seg att. Då flytta han tilbake til heimbygda si der han begynte å måle.
Allereie 2 år tidlegare hadde han malt mange bildar av seg sjølv og hans kone Kari.
Som forfattar debuterte han i Dagbladet med småforteljingar om blant anna barne- og ungdomsår i heimbygda si Alvdal. Til desse tekstane teikna han ein del småbilde og andre ting for avisa.
Etter krigen tente Kjell pengar til sitt daglege brød med illustrasjonar i "Vårt Land" og blei seinare rekna som yrkesteiknar. Under denne tida teikna han mange tusjteikningar og etterkvart skulle det vise seg at mange av hans faste følgjesvenner kom til verden rundt denne tida.

Det vaksne livet

Kjell`s karriere begynte som målar på teikneforbundets Haustutstilling i 1945.
Det var fritt for alle å stille ut maleria sine der. Same kveld blei han nemnt på radioen som "hovudstadens største talent". Så stort inntrykk gjorde han på radiofolka som var på utstillingen. Han måtte også lese opp eit dikt som han hadde skrevet under krigen ved hjelp av fetteren Olav.
Diktet som vart lesen opp var ingen suksess, men måten Kjell las det på fikk folk til å le seg skakke, noe som han sjølv hevda var fordi han hadde fått ei par drinkar for mykje.

Kjell jobba som tidligare sagt ei stund i "Vårt Land". Da han hadde vore der i eit halvt år fekk bror hans, Odd, også jobb der. Hans opphald blei heller kortvarig. Etter et par veker var han så sint og lei av at Kjell hang over han og maste at han slutta, noe som Kjell ikkje hadde noko mot.
I Kjell si tid i "Vårt Land" blei han ofte kritisert av abonnentar som meinte at teikningane hans og tekstane han skreiv ofte var ganske provoserande. Gang etter gang blei han bedt om å begrense seg av redaktøren Bjarne Høye. Kjell hadde ikkje til hendsikt å provosere, og haldt fram som før med å teikne og skrive som tidlegare.
Kort tid etter fekk Høye inn ei melding frå Forsvaret om at Kjell vart innkalla i militæret, til stor letting for han.

Kjell Aukrust har alltid hatt sin heim i Noreg, men han har arbeidet mange andre stader. Mange av hans verk er plassert i Italia, og som han sjølv seier er det hans andre heimland. Det heile starta i 1961 då han vart formann i Teikneforbundet.
Kjell var veldig uvant med slike verv og før det første møtet var han så nervøs at han oppsøkte broren Odd for å få hjelp.

Broren sette opp nokre punkt for han:
1. Sette møtet (Markerast med klubbe)
2. Ønske velkommen (Takke for tillit)
3. Sakliste
4. Eventuelt andre viktige ting.
Seinare gav han Kjell ei bok, som han bad han om å studere nøye. Det var boka "Tillitsmannen" av Einar Gerhardsen.
Kjell studerte boka og det gjekk bra, men da det skulle prøvast i praksis vart det fort litt verre.
Etter ei stund stod haustmøtet i Teikneforbundet for dør. Kjell var fryktelig nervøs, men bestemte seg for å halde seg til punkta som han hadde fått og satse på at det gjekk bra. Bra gjekk det ikkje; da Kjell skulle ha avstemning over eit forslag frå salen som han hadde lagt fram, bad han alle som var einige om å reise seg å resten om å halde seg sittande.

Dette gjekk heilt forferdeleg , det heile enda med at Kjell fikk inn 3 gonger så mange stemmer som det var medlemmar i salen. Mange reist seg opp og satt seg ned att, og Kjell mista heilt kontrollen på talet.
Til slutt kom eit medlem med eit oppfordring om at formannen måtte legge fram forslaget så klart at alle forsto kva det dreidde seg om og kva dei stemte på.
Da måtte Kjell gi ordet til nesteformann som tok over.
Denne hendinga fekk Kjell mykje kritikk for i ettertid og seinare truga han med å gå av på ei generalforsamling.

Ettersom tida gjekk fikk Kjell Teikneforbundets stipend og seinare drog han og kona Kari til Italia.
At det blei Italia var bare tilfeldig. Lona til Kjell, Kari, kunne ein del italiensk og i Italia var det store muligheiter innanfor kunst og teikning.
Etter kvart forsto Kjell at han var uønska i Teikneforbundet og fant ut at han ville reise så langt bort frå Noreg som mogleg.

I Roma, nærmare bestemt Piazza del Popolo slo Kjell og Kari seg ned på ein plass som vart driven av ei russisk grevinne.

Dei vart boande i ei leilegheit som var ganske så mørk og trist, og snudd vekk frå sollyset og varmen.
Etter få dagar kontakta Kari grevinna og fekk ordna med ei ny leilegheit. Det var den største leilegheita i heile bygget, og ei ganske stor forandring frå den førre.
Ein av grunnane til at dei to blei flytta var også at Kari fortalde grevinna om kor begavet og talentfull Kjell var og kor høgt verdsett han var i heimlandet.
Men etterkvart som tida gjekk begynte Kjell og Kari å få ei føling av at grevinna overvaka dei. Seinare flytta dei ut fordi dei følte ubehag av grevinna sin oppførsel. Seinare fant dei ut at grevinna hadde sett eit av bilda Kjell hadde målt og på ein eller anna måte hadde ho reagert på bildet og blitt heilt forandra.
Kari og Kjell hadde da flytta til andre sida av byen, Pizza Venezia, der dei fikk utdelt ei leilegheit.
Verten som jobba her var i motsetning til grevinna veldig opptatt av kunst, noko Kjell likte veldig godt.

Av dei ca. 20 reisene Kjell har hatt til Italia har dei fleste gått til dette strøket og rundt Roma. Resten av Kjell`s liv har føregått i Oslo.
I starten på 1980 åra begynte den høgre armen til Kjell å slå seg vrang etter all teikninga og skrivinga.
For å ta det med ro, men samtidig ha noko å gjere, starta Kjell med penselen igjen og begynte å måle bildar.
Kjell har malt mange kjente bildar som for eksempel "Guttene på broen" og "Tonen som ble en due". Utallige gonger har han skrevet og illustrert i Dagbladet om aktuelle tema på ein litt humoristisk måte. Kjell har også faktisk hatt sin faste spalte i "Vi Menn"

Kjell Aukrust har blitt bellønna med mange prisar, her er ei liste over dei:

- St Olavs Orden - Riddar av klasse 1
- Den Gylne Hestehov
- Capo Dell Ordine Al Merito Della Repubblica Italiana (Italiensk riddarorden)
- Teikneforbundets Kråkeorden
- Purpurnaseorden
- Oslo’s bys Kunstnarpris
- Utmerkjing frå Rotary International
- Utmerkjing frå Lions International Foundation
- Norsk Skriveforbunds gullnål og plakett

Forfattarskap

Den første av Kjell`s bøker var den berømte boka "Simen" som kom i 1958. Denne boka vart godt likt blant folket og var den fyrste boka i Alvdalstriologien. Den selde over 100 000 bøker og vart den første å krysse grensa på 100 000 eksemplara seld i Noreg.
Eit par år seinare (1969) kom oppfølgjaren til "Simen" som heitte "Bror min", og den siste av dei tre bøkene i Alvdalstriologien "Bonden", kom i 1964.
I alle desse bøkene skildrar han barndomsmiljøet sitt med humor og spesielle personar ved å bruke både tekst og illustrasjonar.

Kjell har også hatt bøker som har blitt dramatisert og vist på Det Norske Teater, under tittelen: "Dobbelsats og freske fraspark".
I same tida som dette kom det ut to utgåver av Flåklypa Tidene, "Folk og Fe" i 1959 og "Flåklypa" i 1962.
Ikkje før i 1966 fikk Solan Gundersen sin egen bok. Sjølv om han ofte hadde blitt brukt på arket hadde han aldri hatt si eiga bok saman med Kjell.

I 1977 kom boka om Ludvik, tidligare bare kjent som "Ludvik" i tidligare i utgåver av Flyklypa Tidene som reporter og intervjuobjekt.

Boka "Guttene på broren" kom i 1983. Den handla både om Solan og Ludvik, mens den siste av alle bøkene i hylla om eventyrfigurar kom i 1991, "Gurin med reverumpa" som har blitt filmatisert i seinare tid.
Imens kom det ut mange bøker i serien "Flåklypa Tidene", mellom anna kom "Relsa Fus" i 1968, "4. Årgang" i 1970, "5 Årgang i 1975" og til slutt "6 Årgang" i 1978.
Her tar han opp dagsaktuelle tema som han presenterer på sin spesielle måte, der vi blant anna får sjå hans evne til å sjå humor i frå pornodebattar til oljeboring i Nordsjøen.

Seinare i 1981 kom boka om "Halstein" ut. Den handla om reporter Halstein Bromskimlets turar gjennom bygda, frå dei største sentra heilt ned til "Handelslaget" nedst i gata der Kjell trosser alle grenser til å skaffe ei god laurdagshistorie.
I 1985 kom den første boken om sykkelreparatør Reodor Felgen som laga Il Tempo Gigante. Den heitte "Reodor Felgen". Den siste boka i rekken kom i 1992 og heitte "Emanuel Desperados".

Kjell har også skrevet sjølvbiografiar om seg sjølv. Den fyrste kom i 1979 og heitte "Slipp han inn" som han meiner fikk namn etter lappen han fikk hos Henrik Sørensen da han skulle sleppe inn på Kunst- og Handverksskolen.
Den andre heitte " Lykkelig er den". Den handlar om barndommen og barndomsbygda Alvdal.
Kjell har også skrevet enkeltbøker utanom serie. "Melvin, snekkaren frå Innsbruck" i 1976 og ein oppfølgjar i 1994, "Med Melvin til OL".
Desse to bøkene handlar begge om snekkaren Melvin som blir skilaupar og som alle andre dei andre bøkene inneheld historiene mykje humor.

Kjell har også vært med på å laga to filmar. Storsuksessen "Flåklypa Grand Prix" og heilaftens teiknefilm "Gurin med Reverumpa".

"Flåklypa Grand Prix" var Noregs første dukkefilm og blei ein fantastisk suksess blant publikum. På norske kinoar vart det seld over 4,2 millionar billettar til saman og filmen vart den mest selande filmen i norsk filmhistorie.
Filmen har blitt overset til både fransk, italiensk, engelsk og tysk.
Filmen vart laga i eit samarbeid mellom Kjell Aukrust og Ivo Caprino, der Kjell sto for manuset mens Ivo laga figurar og omgivingar og hjelpte til med å lage filmen. Den hadde premiere den 28. August 1975.
Denne filmen kjem også snart ut som dataspel. I dette spelet får du møte alle figurane til Kjell, Solan, Ludvik og Reodor.

Heile spelet går ut på å leie hovudpersonen gjennom hus og verkstader, på motorsykkel ned bratte skråningar og ikkje minst køyre Il Tempe Gigante i sjølvaste Flåklypa Grand Prix mot utfordrarar som Rudolf Blodstrumpmoen. Eit meir eller mindre lærerikt spel i teikna form der små oppgåver er stukke inn for at du skal ha noko å bryne deg på.
"Gurin med reverumpa" handlar om privatdetektiv Solan Gundersen og hjelparen hans Ludvik, som skal redde Gurin frå Enkefru Stengenføhngnad og Rudolf Blodstrumpmoen.

Humor er eit av dei viktige punkta nemnt i bøkene og verka til Kjell.
Alt i tekstane skal vere humoristisk, men Kjell gøymer den nesten bort mellom linjene og det kan vere ganske vanskeleg for ein ungdom å finne.
Elles tek Kjell opp som oftast seriøse tema i tekstane sine kvar det kan førekomme mange forskjellige ting.

Aukrustsentret

Aukrustsenteret ligg på heimplassen til Kjell, Alvdal i Østerdalen.
Her på senteret er det meste av Kjell sine verk og oppfinningar, men mykje bare i mindre størrelsar eller kopiar.
Mange av han litografiar, teikningar til bøker og spalter står utstilt her.
I Aukrustsenteret blir vi kjent med ei anna side av Kjell også, målaren Kjell Aukrust. Her finns det også galleri for at vanlige folk skal bli kjent med Kjell og verka hans.
På senteret finns det også eit bibliotek der Kjell`s bøker kan lesast.
Det finns det også mindre rom der dei mest sentrale av delane i Kjell sitt liv er utstilt.
Barndommen til Kjell og hans figurar har også sine eigne rom. Du kan stikke innom Reodor`s verkstad kvar du kan sjå hans oppfinningar og til og med teste hans dei.

Du kan også møte Ludvik og Solan i eigne personar og du kan få sjå "Aukrustsalen" som brukast til konsertar og kinoar der du kan sjå "Flåklypa Grand Prix" i 3D.
Her har også Solen sitt eiget kjøkken med både kafè og butikk kvar du kan kjøpe mat, knust og suvenirar og er du heldig møter du kanskje Kjell Aukrust i eigen person her også.

Om "Simen"

Forfattar: Kjell Aukrust
Forlag: Helge Erichsens Forlag
Sjanger: Roman

BOKA:

I Boka "Simen" skildrar Kjell sin barndom og alle opplevingane han og kameratane hadde i sin barndom på ein svert så humoristisk måte.

Hovudpersonen i denne boka er som sagt Simen, barndomskamerat av Kjell, ein vanleg gut i ungdomsalderen som han fortel om. Kjell skriv ikkje masse om korleis Simen her, men boka inneheld masse teikningar som han har teikna sjølv der han skildrar Simen. Ein middels høg gut med rødt hår og fregnar på nesa.
Han, Kjell og resten av kameratane bur i Alvdal, heimplassen til Kjell som ligg i Østerdalen.

Boka "Simen" vart utgjeven av Helge Erichsens Forlag A/S.
Den utgåva eg leste vart gjeven ut i 1987 og er retta opp i forhold til dei andre som kom ut etter debuten. I denne boka er heile det gamle originalstoffet samla inn på ny og Kjell har også teikna ei heil rekke nye teikningar som er i denne boka.
Den originale utgåva av "Simen" kom ut i 1958.

BOKAS TEMA:

Boka handlar i hovudsak om guten "Simen", ein heilt vanleg gut som finner på alle slags mulige sprell saman med kameratane sine. Her fortel Kjell om sine bardomsminner og alle opplevingane dei hadde saman i Alvdal. Alt frå skihopping Sandeggbakken til fantestrekar dei gjorde på skolebenken.

OMGIVINGAR:

Omgivingar og miljø skildrar Kjell ekstremt bra. Skildringa som Kjell gjør av i Alvdal får meg til å leve meg heilt inn i boka.
"Ute på gangen var det guds jammerlig kaldt. Det svei under føttene, så eg akte rekkverket ned. Kontorvinduet var tilrimt og måtte skrapes med neglene til gradestokken hang der - minus 30 grader! Månen hang gul og frostblek å på vesthimmelen. En frossen katt hastet trolsk og svart inn i låveskyggen. På den andre siden av elva lå Sandeggbakken i blåsvarte Baugsbergskyggen, ruvende og ventende."
Alle sladrekjerringane, gamle bondar, sure lærarar og alt eit bygdemiljø inneheld blir skildra på ein fantastisk bra og veldig humoristisk måte.

PERSONKARAKTERISTIKK:

Simen er ein vanleg bondegut med raudt hår og sneilue som bur saman med foreldra sine i Alvdal.
Simen er ein meister å hoppe på ski og hare rekorden i Sandeggbakken med 29,5 meter.

FORTELJARROLLE:

I boka bruker Kjell Eg forma når han fortel om "Simen" ("Eg satt frå meg skoa i gangen…") Denne forma blir brukt gjennom heile boka. Kjell er "han Kjell" i historia.

BILDEBRUK:

I denne boka har Kjell teikna alle teikningane sjølv. Her teiknar han heimbygda si og alle andre omgivingar og personar som er med i historia.
Veldig bra teikningar, detaljerte og fine.
SPRÅKBRUK:

Kjell skriv i boka på vanleg norsk bokmål, men brukar også ein del dialekt i dialogar og samtalar. Kjell har elles med alle ord og slang som dei brukte da dei var ungdommar, men ikkje spesielt stygge eller krenkjande ord.
Språket Kjell bruker når han beskriv og skildrar i boka får deg til å leve deg heilt inn i boka.

MI MEINING OM BOKA:

Mi meining om denne boka er at den er veldig bra skrevet. Boka var heller ikkje så vanskeleg å komme inn i, men kan vere litt lett å tulle seg bort i mellom alle opplevingane Kjell fortel om. Alt Kjell skreiv om gjorde denne bokmeldinga også veldig vanskeleg å skrive.
Skildringane i boka er bra skrevet og humoren Kjell bruker i boka får deg til å gapskratte.
Når eg først begynte å lese på boka las eg halve boka på ein kveld. Det var utroleg morosamt å lese og eg levde meg heilt inn i boka.
Humoren i denne boka er serdeles bra, men kan vere vanskeleg for ein ungdom å finne og forstå. Eg vil anbefale denne boka for aldersgruppa 15 +++.

Bøker av Kjell Aukrust

1. Aukrust, Kjell - Takk for en dag 1994
2. Aukrust, Kjell - En liten og en små 1995
3. Aukrust, Kjell - Bror min 1993 Aukrust, Kjell - Hilsen Solan og Nystumoen 1993 Aukrust, Kjell - Ludvig 1993
4. Aukrust, Kjell - Bonden 1993
5. Aukrust, Kjell - Je og’n Solan 1993
6. Aukrust, Kjell - Slipp ham inn! 1993
7. Aukrust, Kjell - Lykkelig er den- 1993
8. Aukrust, Kjell - Guttene på broen 1993
9. Aukrust, Kjell - Simen 1993
10. Aukrust, Kjell - Flåklypa tidende 1993
11. Aukrust, Kjell - Simen cop. 1995
12. Aukrust, Kjell - Gurin med reverompa cop. 1994
13. Aukrust, Kjell - Emanuel Desperados cop. 1993
14. Aukrust, Kjell - Dobbelsats og freske fraspark
15. Aukrust, Kjell - Takk for en dag 1994
16. Aukrust, Kjell - Edmund Bakkens OL-eventyr 1993
17. Dobbelsats og freske fraspark 1994?
18. Aukrust, Kjell - Dobbelsats og freske fraspark cop. 1994
19. Aukrust, Kjell - Med Melvind til OL 1994
20. Aukrust, Kjell - Gurin med reverompa 1991
21. Aukrust, Kjell - I lys av månen 1990
22. Aukrust, Kjell - Edmund Bakkens OL-eventyr 1993
23. Aukrust, Kjell - Emanuel Desperados 1992
24. Aukrust, Kjell - Simen, Bonden og Bror min 1992
25. Aukrust, Kjell - Slipp ham inn! : erindringer 1991
26. Aukrust, Kjell - Reodor Felgens og min egen loggbok 1989
27. Aukrust, Kjell - Bror min 1988
28. Aukrust, Kjell - Lykkelig er den- 1988
29. Aukrust, Kjell - Simen 1987
30. Aukrust, Kjell - Kjell Aukrust : tegninger 1987
31. Aukrust, Kjell - Reodor Felgen 1986
32. Aukrust, Kjell - Guttene på broen 1983
33. Aukrust, Kjell - Hallstein 1981
34. Kjell Aukrust 1979
35. Aukrust, Kjell - Hemma hos Solan och Ludvig 1980
36. Aukrust, Kjell - Tre små venner 1980
37. Vår humor,2 1981
38. Aukrust, Kjell - Slipp ham inn! 1979
39. Aukrust, Kjell - Humor og poesi i strek 1980
40. Vår humor 1979-
41. Aukrust, Kjell - Tre små venner 1979
42. Aukrust, Kjell - Flåklypa Tidende : 1. årg. : tidligere Folk 1980
43. Aukrust, Kjell - Flåklypa tidende 1978-
44. Aukrust, Kjell - Humor og poesi i strek 1980
45. Aukrust, Kjell - Slipp ham inn! 1979
46. Vår humor I 1979
47. Aukrust, Kjell - Flåklypa tidende 1970-
48. Aukrust, Kjell - Flåklypa tidende 1970- Aukrust, Kjell - Simen, Bonden og Bror min 1977
49. Aukrust, Kjell - Flåklypa Tidende : 2. årg. : tidligere Flåklypa 1978
50. Aukrust, Kjell - Ludvig 1977
51. Aukrust, Kjell - Dobbeltsats og freske fraspark 1977
52. Aukrust, Kjell - Pilvikallion Vauhtikisat 1976
53. Aukrust, Kjell - Flåklypa Grand Prix 1976
54. Aukrust, Kjell - Melvind Snerken fra Innsbruck 1976
55. Aukrust, Kjell - Dobbelsats og freske fraspark 1976
56. Aukrust, Kjell - Flåklypa tidende 1975
57. Hoel, Ingjald - Slik var’n Kjell. En bok om Kjell Aukrust 1974
58. Aukrust, Kjell - Je og’n Solan 1975
59. Aukrust, Kjell - Hilsen Solan og Nystumoen 1973
60. På folkemunne
61. Aukrust, Kjell - Simen, Bonden og Bror min 1972
62. Aukrust, Kjell - Flåklypa tidende 1970
63. Aukrust, Kjell - RelsaFus. Red. av 1968
64. BrandtzÊg, Torgeir - Friskus’n fra Ogndalen c1967
65. Sandbeck, Vidar - Kjærlighet og gråbensild 1967
66. Aukrust, Kjell - Je og’n Solan 1966
67. Nye historier til opplesning 1965
68. Aukrust, Kjell - Bonden 1964
69. Glade historier til opplesning 1964
70. Aukrust, Kjell - Bonden 1964
71. Aukrust, Kjell - Flåklypa 1962
72. Aukrust, Kjell - Muskedunder og sirupssnipper 1961
73. Feil ved henting av post 87
74. Aukrust, Kjell - Bror min : muntre historier 1960
75. Aukrust, Kjell - Folk & fe 1960
76. Aukrust, Kjell - Bror min 1960
77. Aukrust, Kjell - Folk og fe 1959
78. Aukrust, Kjell - Simen 1958
79. Sande, Jakob - Skreddarsveinen og andre viser 1958
80. Skip og shipping 1956
81. Rørosbanen i landets tjeneste 1953
82. Ofotbanen 50 år 1952
83. Asbjørnsen, P. Chr. - Folkeeventyr 1951
84. Aukrust, Olav O. - Nisse og småtroll 1949
85. Aukrust, Kjell - Vesle Ola 1949
86. Bjørgås, Nils - Vetle-Jens 1947

Etterord

Ja, no er eg endeleg ferdig med særoppgåva eg har skrevet om Kjell Aukrust.
Jobben med denne særoppgåva som eg akkurat ikkje såg fram til å begynne med, vart etterkvart som eg fekk starta, veldig artig og interessant.

Før eg begynte var eg sikker på at eg ikkje ville bli ferdig før i siste liten og at eg skulle ha mamma og pappa i ryggen heile vegen, men det gjekk veldig fint. Eg starta heldigvis i god tid og slapp maset frå mamma og pappa om at eg måtte bli ferdig og eg kunne aldri heller tenkt meg å sitte i heile haustferien å skrive særoppgåve. Så etter ein del timars skriving enda eg opp med dette resultatet. For meg var det veldig interessant og lærerikt å skrive om Kjell og få vite om kva for eit spanande og fargerikt liv han har levd, med alle opplevingane hans frå barndommen som han skriv om i bøkene sin.

Og denne særoppgåva som eg trudde skulle bli eit slit viste seg til å bli veldig artig og ein inspirasjon for å finne ut meir om Kjell Aukrust i seinare tid.
Boka som eg leste i samband med oppgåva var boka "Simen" som Kjell debuterte med i 1958. Med dei mange humoristiske bildane og måten Kjell fortel på vart denne boka ein glede og ikkje minst ein inspirasjon til å lese fleir bøker av Kjell.

Til slutt vil eg bare takke dei ansatte ved Aukrustsenteret i Alvdal for at dei sendte meg informasjon og bildar frå Aukrustsenteret, mor mi for at ho leste over å retta oppgåva min og ikkje minst søstera mi for tipsa og informasjonen ho gav meg.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil