Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Du må gjennom det Marit av Anders HavnelidSkriv ut Utskrift
Bokreferat av boka 'Du må gjennom det Marit' av Anders Havnelid
Bokmål - Anmeldelse (bok, film...)Forfatter:



Boka ”Du må gjennom det Marit” er skrive av Anders Havnelid og kom ut i 1979. Den har 136 sider og er ganske lettlest. Den handlar om ei jente som heitar Marit Støa som går i sjuande klasse. Ho bur på ein plass som heiter Vik, men likar seg betre hjå Bessen og faster på hi sida av fjorden i Støa. Ho har og ein bror som er eit par år yngre. Han likar seg derimot betre hjå slektningane til mor som bur på Mo. Der likar ikkje Marit seg fordi ho tykjar det er noko spesielt med Støa.

Boka begynner med at Marit er i Støa hjå Bessen og faster . Der hjelpar ho Bessen å trekke laksenøter og faster med å stelle huset i Støa. Me finn litt seinare ut at ho er forelska i ein gut som heiter Knut.

Seinare i boka kjem det også fram at det er ei konflikt mellom mor hennar og far hennar. Far hennar arbeidar i Nordsjøen og når han kjem heim så klagar han på at han ikkje får nok fred og ro. Mor hennar meinar at når ho har passet på huset og ungane mens han har våre vekke så fortenar ho også litt fred og ro. Dei kranglar og om kor hen dei skal reisa når dei har fri. Mor og Vetlen som dei kallar broren vil til Mo, mens Far og Marit vil til Støa.

Etter kvart finn Marit ut at ho er grunnen til mange av kranglane til foreldra. Ho overhøyrer dei då dei seier at dei ikkje hadde kome til å gifta seg visst ikkje mora hadde blitt gravid med Marit.


Då faren seinare i boka blir sint på Marit så seier han til ho at han ikkje eingong er sikker på om han er far hennar. Då fell heile verda hennar samen, og ho bestemmer seg for å rømme. Ho listar seg ut ein kveld mens dei andre i huset søv. Ho tek sykkelen og byrjar på ei reise bort frå alt det kjende og trygge. Men ho har ikkje så mye å ta seg til. Ho tenkjer at ho kan få seg ein jobb, men snart byrjar skulen igjen, og då blir det vanskeleg å forklara kvifor ho ikkje er der. Ho tek inn på ein campingplass, men der er det berre nokon gutar som er eit par år eldre som plagar henne. Ho har og blitt sakna gjennom radio. Ho bestemmer seg då for å sykla vidare.

Etter at ho har sykla ei god stund tykjar ho at ho høyrer noko bak seg. Hu snur seg, men ser ikkje noko. Plutseleg krasjar ho med noko. Ho sklir bortover asfalten og slår seg litt. Då ho reiser seg opp ser ho at ho har krasja med Jens, ein småfyllik frå nabobygda. Han ser overraska på ho og lurar på kva ho gjer så langt heime frå. Ho byrjar å gråte og seier kva som har skjedd. Han prøvar å trøyste henna, og seier at når ho har tuffe på kjensfolk. Han fortel henna at han med ein gong trudde det var faster hennar han hadde krasja med med byrja. Då vert ho veldig letta og glad for då forsto ho at far hennar verkeleg var far hennar, og då var Bessen verkeleg bessen hennar.

Jens frakta Marit heim med båten sin mens dei snakka, og Marit kjende at jo nærare ho kom Støa, jo meir forstod ho at dette var heimen hennar og at det var her ho høyrde heime.


Då dei kom fram til Støa var Bessen der med ein gong for å sjå kva som var på ferde. Han blei overlykkelig over å sjå hennar, og hadde problem med å halda tårene tilbake. Han fortalde at far hennar var reist til Nordsjøen, og at mor hennar va på Mo, men dei skulle gje beskjed om at ho var heime så fort som råd. Marit på sin side er også veldig spent på å treffe Knut igjen, etter at ho ikkje har sett han på mange veker.



annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish