Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Du skulle berre visst!

Du skulle berre visst!

Vet at det er en brå, og litt dårlig slutt. Tok meg ikke god nok tid med den. Det handler om ei jente som er forelsket i sin beste venn.

Karakter: 5+ (10. klasse, nynorsk)

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
14.12.2009


Du skulle berre visst kva eg tenkjer om deg, og alle dei varme kjensla eg får inni meg kvar gong eg ser deg. Det er noko spesielt med deg, noe som verkelig får hjartet mitt i galopp. Du er så utruleg god og snill, du skulle berre visst! Eller, skulle du eigentleg det? Om eg fortel deg kva eg synes om deg, kan det vere nok til at eit livslangt venskap tek slutt. Eg kan ikkje risikere det.

 

 Første gongen eg fikk ein mistanke om at eg hadde spesielle kjensler for deg, var på hytta di da eg var 10 år, det er 5 år sia. Etter det har eg bare tenkt meir og meir på det, kvar einaste dag. Eg kan berre ikkje få nok av deg. Eg vil sjå deg heile tida, og kan ikkje ta blikket frå deg. Eg har prøvd fleire gonger å forelske meg i andre, og det har jo på ein måte gått bra. Vi haldt saman i nokre månader, kanskje litt over eit år, men eg har aldri fått sterkare kjensler for nokon enn det eg har for deg. Eg prøver å gje slepp på deg kvar einaste dag, eg er sikker på at eg har prøvd alle mulige måtar, men eg sluttar aldri å vere forelska i deg. Men ein ting veit eg klart, og det er at eg bryr meg ikkje om dei kjensla viss det betyr at eg kan vere bestevenn med deg. Eg er ikkje villig til å gje slepp på venskapen vår. Eg vil vere her for deg som ein støttande person, ein som du kan stole på, ein som du kan seie alt til. Det er jo det eg er, du kjem alltid til meg for å snakke, men nokre gonger er det vondt å hjelpe deg.


 

”Michelle! Stopp! Det er noko eg må seie til deg!” Eg høyrer den vakre stemma di, den let som musikk i øyra mine.

”Kva har skjedd?” Spør eg med eit smil om munnen, det har eg kvar gong eg ser deg, eg kan ikkje noko for det.

Det blir stille ei stund, du berre ser på meg og smiler. Dette augeblikket følast som om det varer i ein evigskap. Eg ser rett inn i dei nydelige auga dine, det er spesielt! Ingen har finere auger enn deg. Dei er grøne, med noko brunt i. Eg kan ikkje skjønne at det er mulig, men det er utruleg nydelig!

Evigskapa tar brått slutt av stemma di: ”Eg skal møte ein utruleg vakker person i kveld!” seier du brått ut, smilet om munnen din har nesten nådd øyra.

”Så fint for deg da! Kven da?” Spør eg, og prøver så godt eg kan å skjule sjalusien.

”Eg vil ikkje seie det ennå, viss det går galt så vil eg ikkje at nokon skal vite kven det er. Men eg må gå nå, eg ringer deg seinare!” Før eg rekker å seie noko er du på vei bortover den smale korridoren, eg står igjen og ser på det bølgjete, halvlange håret ditt som spretter til alle kantar i det du trippar bortover korridoren.

 

Eg kan ikkje noko for kva eg følar for deg, eg har ikkje lyst til å ha dei kjensla! For eg veit at det kan øydelegge så mykje. Men eg kan berre ikkje slette det, eg skulle ønske det var så enkelt, men det er det ikkje, dessverre! Alt du gjer, alt du seier og alle steg du tek, eg følgjer med på deg. Eg veit absolutt alt om deg, eg leser bloggen din, nettby profilen din, facebook oppdateringar og alt eg nokon gong kan komme over, eg kan tørre å påstå at ingen kjenner deg så godt som eg. Det er eg som seier ifrå når du har trening, det er eg som passer på at du får med bøkene dine på skolen. Eg gjer absolutt alt for deg, ikkje for at eg føler at eg må, men fordi eg elskar deg, og fordi eg har lyst til å gjere noko bra for deg.

 

Du er så glad i å sjå på film, kvar dag kommer du innom med det nyaste dei har på videolokalet. Du har kanskje ikkje lagt merke til det, men kvar gong du kommer over er eg nydusja, og har akkurat sminka meg. Du trur kanskje det er fast rutine for meg, men faktumet er at eg gjer det for at du skal synes eg er pen, og at du skal like meg. Når vi ligger her i senga mi nesten kvar dag, under same dyne, og berre ser på film, det er da eg blir trist. Det er da eg verkeleg tenkjer på kva det kunne ha vert. Eg prøvde ein gong å kysse deg, og du kyssa meg tilbake, og eg blei så forundra, eg blei så glad. Kanskje det her var eit teikn på det usagte, kanskje det ikkje trengtes ord for å fortelja kva eg føler for deg. Men eg tok feil, du byrja å le, og sa det berre var tull, at det var heilt greitt, fordi det kom aldri til å bli noko meir. Vi skulle vere bestevenar for alltid, og eit lite uforpliktande kyss skulle ikkje ha noko å seie. Men for meg var det meir en bare eit kyss, det var eit teikn på at eg elskar deg, og at det er deg eg vil ha attmed meg når alle mine draumar kjem i oppfylling. Men du bare låg der å smilte, for deg betydde det ikkje noko.

 

Alle disse åra har eg prøvd å nekte, eg har prøvd å fortelja hjartet mitt noko anna enn det som er fakta. Men ein gong må eg slutte, ein gong må eg berre innsjå at det ikkje kan bli deg og meg, så kvifor kan eg ikkje gjere det i dag? Du og eg er skjebnen for meg, det er vi som skal vere saman. Men for deg er det ikkje det. Det følast så riktig for meg, men så lenge det ikkje er det for deg, så kan det heller ikkje bli det for meg. Alle har sine draumar dei må følgje, men eg har gitt opp. Eg veit at det ikkje er riktig å gjere det, men for meg vil du alltid vere spesiell. Viss du ein dag skulle finne ut at du liker meg, så er eg her, eg kommer til å sleppe alt eg har i henda, alt som kanskje kunne ha blitt, for å få vere saman med deg, det er det einaste som betyr noko.

 

Det er så mange ulemper med det her, men eg kan ikkje noko for det. Det er sikkert mange som har det sånn som meg, du er kanskje forelska i din beste ven, men du tør ikkje å seie noko? Eg kan likevel tro at eg har det verre, kanskje. Det kan jo hende at fleire har det same problemet. Men kva skal man gjere når man er forelska i sin beste ven, og at på til så er din beste ven av same kjønn som deg? Da er det ikkje like lett å fortelja. Berre du hadde visst, kva hadde da skjedd?

 

”Michelle!” Eg høyrer stemma hennar, og det følast som om ein glovarm ball treffer meg midt i hjartet, og strømmar utover heile kroppen, men eg følar også nervøsiteten som eit einaste stort stikk.

”Christine, kan du sette deg her? Det er noko viktig eg har og fortelja” Seier eg, og prøver å virke alvorleg, så ho skal forstå at eg ikkje tuller.

”Ja, så klart kan eg det, kva har skjedd?” Seier ho bekymra.

”Du veit at eg lar ingenting komme i mellom oss to? Venskapen vår betyr mykje meir enn noko anna for meg. Uansett kva som skulle skje er eg villig til og sleppe alt for å vere venn med deg!” Seier eg, og kjenner beina skjelve under meg.

”Eg veit det ja, eg kjenner deg jo. Du held ikkje noko skjult for meg.” Seier ho med eit smil.

Eg byrjar å grine. ”Faktisk, eg har haldt noko hemmelig for deg i over 5 år.”

Ho ser rart på meg, og blir heilt stille.

 

Eg føler på meg at dette er det rette tidpunktet å seie det på, for nå er det ingen vei tilbake.

”Eg har haldt det hemmelig fordi eg ville ikkje øydelegge noko, og eg håper du vil forstå meg. Eg trur at eg er lesbisk.” Seier eg nesten utan å tenkje, for jo fortare eg seier det, jo fortare er det over.

”Du, Michelle, jenta mi! Du har ikkje gått rundt i 5 år og vert redd for å seie at du er lesbisk? Eg bryr meg jo ikkje om det! Du er jo deg uansett om du likar gutar eller jenter.” Seier ho med ei rolig stemme, og tek tak rundt meg.

”Det er ikkje det eg har vert redd for. Eg veit eg kan snakke med deg om alt. Det er bare, at det er deg eg er forelska i!” Seier eg, og venter spent på kva ho vil svare. For meg er dette augeblikket kor eg finner ut om eg og Christine har ei framtid som venar.

”Michelle, eg veit ikkje kva eg skal seie! Dei kjensla du har for meg er ikkje gjensidig, og det trur eg at du veit. Men eg skal gjere alt eg kan for at du skal ha det best mulig! Eg vil ikkje miste deg for alt i verden.” Seier ho, og ser meg djupt inn i auga. Eg får ein utruleg god følelse av håp, styrkje og lykke. No veit eg at ho støttar meg uansett kva. Dette er den beste dagen i heile mitt liv!


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil