Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Biletanalyse – Kampen for tilværelsen

Biletanalyse – Kampen for tilværelsen

Bildeanalyse av Kristian Kroghs "Kampen for tilværelsen". Levert i norskfaget på studiespesialiserende linje, 3vgs.

Karakter: 6

Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
04.02.2010
Tema
Kunst


”Kampen for tilværelsen” er eit oljemåleri av Kristian Krogh. Krogh var oppteken av å skildre realiteten, og setje samfunnsproblem under debatt med kunsten sin.” Kampen for tilværelsen” er ikkje noko unntak. Biletet er malt under realismen (1889), og prøver å skildre urettferda i samfunnet ved å sympatisere med dei fattige i samfunnet.

 

Ein ser ei gruppe av menneske beståande av barn og kvinner i forgrunnen av biletet. Dei strekkjer seg mot ei hand som held ut eit brød. Kvinnene og barna er kledde i loslitne klede og ser fattige ut. Handa med brødet har ein gullring på ein av fingrane. Dei står på ei gate, og det er nokre fotgjengarar sprett bakover i biletet. Eit barn som har eit brød i handa er på veg ut av folkemengda. Gata blir ramma inn av høge bygningar på begge sider. På begge sider av gata er det plassert gatelykter ved jamne mellomrom. Det er vinter. Sjølv om bygningane held mye av lyset unna gata er det eit kaldt lys i biletet. I bakgrunnen fortset husa og gata til dei blir meir og meir uklar og endar i ein slags tåkete himmelbakgrunn.


 

<bilde>
Som nemnt tidlegare er grupperinga av barn og kvinner i forgrunnen av biletet. Mellomgrunnen består av gata, fotgjengarane og bygningane, mens bakgrunnen blir til av bygningane lengst bak og himmelen. I og med at folkemengda er plassert i forgrunnen er den det første blikkfanget.

 

Krog skaper djupleik i biletet ved å male forgrunnen tydeleg, og sakte men sikkert gjer detaljane meir utydelege desto nærmare ein kjem bakgrunnen. Eit godt eksempel på dette er fotgjengarane som er meir utydelege enn folkemengda i forgrunnen. Fargane er også meir duse i bakgrunnen enn i forgrunnen, som gjer at ein ser bakgrunnen som meir tåkete og dermed lengre borte. Linjene i biletet skaper også djupleik. Ved å lage perspektivlinjer skapar Krogh eit samlingspunkt sentralt i bakgrunnen av biletet, og biletet ser djupare ut på grunn av denne teknikken (sjå biletet)

 

Det finst også linjer som ikkje nødvendigvis skal skape djupleik i biletet, men heller skape  harmoni og dynamikk(sjå biletet) Den horisontale linja i midten av biletet skaper skiljet mellom bakgrunnen og

<bilde>
mellomgrunnen. Dei vertikale og horisontale linjene skaper harmoni og orden i biletet, mens den diagonale linja menneskemengda forma skaper dynamikken i biletet.

 

Lyset i biletet er kaldt og dunkelt. Forgrunnen er skuggelagd på grunn av dei gjentakande bygningane rundt, men frå ei sidegate lengre bak i biletet kjem det inn noko lys frå lyskjelda. Sola står tvillaust ganske lågt på himmelen. Fargebruken i biletet skaper kontrastar mellom folkemengda og mellomgrunnen/bakgrunnen. På grunn av at folkemengda er malt med meir tydelege og sterkare fargar enn bakgrunnen/mellomgrunnar, kjem den meir fram, og blir på den måten eit blikkfang. Ved å skape ein slik kontrast rettes sjåaren sitt fokus mot menneska.

 

Det kjem tydeleg fram av motivet at Kristian Krogh prøver å fortelje ei slags historie med biletet. Han har valt å setje dei nedre samfunnsgruppene i fokus ved å prøve å male verkelegheita. Under den siste halvdelen av 1800-talet var det svært dårlege kåret blant befolkninga i Noreg, og Krog prøver detaljert og presist å illustrere korleis "kampen deira for tilværet” kunne vere. Det er inga form for forenkling eller dramatisering av motivet, men meir ei presis attgiving av røyndommen i datidas Noreg.

 

Sjølv om biletet er verkelegheitsnært har Krogh truleg brukt verkemiddel for å forsterke sjåaren sitt inntrykk av biletet. Ved at forgrunnen er mørkare enn bakgrunnen/mellomgrunnen, vises folkemengda på ein noko dyster måte i forhold til resten av biletet. Dette kan ha funksjonen som eit effektivt verkemiddel for å framheve den liten heldige situasjonen til folkemengda. Ein finn også dei diagonale linjene i biletet i området rundt folkemengda. Som nemnd tidlegare skaper denne dynamikken i biletet, og kan dermed forsterke inntrykket til sjåaren av biletet ved å skape motsetning og spenning.

 

Eit anna eksempel er korleis målaren har valt å berre vise handa av personen som rekk ut brødet. Han prøver kanskje å setje fokuset mot dei svoltne, og dermed ikkje frata fokuset for mye ved å framstelle personen handa tilhører. Han har likevel plassert ein gullring på den eine fingeren til handa, som kan vere eit symbol på at dette er ein medlem av overklassen. Personen får på denne måten ein slags identitet. Ei moglegheit er at Krog har plassert resten av kroppen ut av biletet for å vise korleis overklassen ikkje ville komme for personleg inn på dei nedste lag i samfunnet. Nok eit eksempel på dette er mannen som kjem gåande nedover gata. Han ser ikkje ut til å bry seg om verken barna eller kvinnene som desperat forsøker å skaffe seg ein brødbit. Mannen er også malt litt lubben slik at han verkar som ein sterk kontrast til den utsvelte folkemengda.

 

Under realismen prøvde kunstnarar å male så verkelegheitsnært som mogeleg. Dei prøvde å gå bort frå tankane frå tidlegare ofte periodar slik som nasjonalromantikken, som var like før realismen. Dei ønskte ikkje lengre å pynte på sanninga, men ville heller male motiv frå dagleglivet. Kristian Krog framsteller dei fattiges kvardag i samfunnet under realismen i ”Kampen for tilværelsen”, og prøver å setje fattigdomsproblemet under debatt gjennom måleriet. Dette får han til svært godt, og biletet fortel verkeleg om den tida det blei malt i.

 

Kjeldeliste:

- http://www2.skolenettet.no/kunstweb/bilde/epoker/realisme.html

- http://www.kunst.no/normann/krohg.htm

- http://forming.hinesna.no/eksamen/eksame1.gif

- http://www2.skolenettet.no/kunstweb/bilde/kunstnere/krohg.html

- http://www2.skolenettet.no/kunstweb/bilde/galleri/krohg.html#

- Dokumenter motteke frå lærar


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil