Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
2. verdskrig - Årsaker og konsekvenserSkriv ut Utskrift
Samfunnsfagsartikkel om 2. verdskrig.
Nynorsk - ArtikkelForfatter:



2. verdskrig er ein av dei største og mest omtalte krigane i historien. Kvifor fekk vi denne krigen, og kva endringar i Europa førte han til.

 

Det var mange ulike ting som var med på å utløyse 2. verdskrig. For det første gjekk det svært dårleg for Tyskland i første verdskrig. Under Versaillesfreden fekk dei skulda for krigen, og måtte mellom anna redusere hæren sin, betale enorme erstaningar og gje frå seg landområde. Dette førte til stor misnøye i landet, noko som vidare førte til at ein diktator som Hitler lett kunne få med seg folket.

 

Vidare var Europa sterkt prega av økonomiske krisar og ustabile regjeringar, frå mellomkrigstida. Landa samarbeida dårleg og såg på kvarandre med mistru. Dette førte til at det lett kunne bryte ut krig.

 

Forsoningspolitikken hadde og ein viktig del av skulda. Mange meiner at dersom nokon hadde gått inn for å stoppe Hitler tidlegare, kunne ein unngått krigen. Men sidan stormaktene i Europa var så innstilte på å bevare freden, godtok dei at Hitler gjekk litt lengre enn han kanskje burde fått lov til. Han braut mellom anna Versaillesfreden allerie i 1933 då han byrja å ruste opp dei militære styrkane, men det var ikkje før i 1939 då han braut Munchenavtalen ved å erobre Tsjekkoslovakia at dei andre landa innsåg kva for ein trussel Hitler verkeleg var.

 

Den direkte utløysande årsaken til 2. verdskrig kom då dei tyske soldatane marsjerte inn i Polen, utan å eklære krig på forhånd.

 

Noreg hadde vore nøytral under heile 1. verdskrig. Dette var dei innstilte på å fortsette med, men dei vart alikevel dregne med i 2. verdskrig. Her kjem nokre av årsakane:

 

Hovudårsaken til at Noreg kom med i krigen var at Tyskland ville ha kystlinja til Noreg. I Tyskland tenkte dei at Storbritannia ville ta Noreg, og ville komme dei i forkjøpet. Tyskarane ville bruke norske basar i kampen mot Storbritannia. Noreg låg og nærmt Sovjetunionen, noko som kunne vere ein fordel i ein tysk kamp mot Sovjetunionen. Tyskarane trong og malm til våpenproduksjonen. Dei importerte jernmalm frå Sverige, som vart sendt til Narvik og skipa ut derifrå.

 

Det skjedde fleire endringar, Noreg og i resten av Europa. Her kjem nokre av dei:

 

Etter 2. verdskrig satt nokre syndarar att, politiske og militære leiarar for det nazistiske Tyskland. Det vart halde ein rettsak i militærdomstolen i Nürnberg,  Nürnbergprosessen. Under denne rettsaken, vart nazistleiarane dømd. Nokre av dei vart hengd, andre fekk lange fengselsstraffer og nokre få vart frifunnen.

 

I Noreg vart Landssvikoppgjeret gjennomført. Der vart Quisling avretta for å ha svikta landet sitt og arbeida for nazistane.

 

Noko anna som hendte var at USA gjekk inn med ein gåve på 13 milliardar dollar til oppbygging av Europa, Marshallplanen. Noreg ville eigentleg ikkje ta imot hjelpa fordi dei ville ha kommunisme i landet, men då Russland tvang Finland til å nekte, vart nordmennene redde for å verte invadert. Dermed tok Noreg alikevel imot Marshallhjelpa. Noreg fekk 250 millionar dollar. Den austlege delen av Europa ville ikkje ta imot Marshallhjelpa.

 

Då krigen var slutt, vart det danna ein organisasjon som skulle sørgje for at verden aldri skulle oppleve ei like grusom krig, FN (Sameinte nasjonar.)

 

I 1948 vedtok denne organisasjonen menneskerettane. Etter 1.verdskrig hadde dei prøvd med noko liknande (folkeforbundet), men denne organisasjon var meint berre for Europeiske land.

 

I tillegg var NATO skipa. Dette var eit forsvarssamarbeid som gjekk ut på at dei som var med i alliansen kunne hente hjelp dersom dei vart angripen. NATO vart oppretta for å skulle forhindre ein ny krig. Dei skulle også forhindre at landa ikkje tok til å ruste seg opp militært. Noreg hamna med i NATO fordi dei hadde teke imot Marshallhjelpa. Vi fikk NATO-styrker i Noreg, spesielt frå USA.

 

Sovjetunionen svarte med å danne Warszavapakten.

 

Russland fekk og ein del problemar etter 2. verdskrig. Dei satt att med store manglar på ressursar. Dei hadde brent ned alt slik at Tyskarane ikkje skulle få mat, husly, kleder osv. Til trass for dette, nekta dei å ta imot pengar frå USA. Dei nekta og dei allierte å ta imot pengar, også Marshall-planen.

 

Etter begge verdskrigane hadde Russland erfart med at dei kunne ikkje stole på nokon. Dette førte til at Russland fekk ein gjensidig mistanke om at USA skulle angripe dei. Dette var med på å leggje grunnlaget for den kalde krigen.  

 

Etter 2. verdskrig, skjedde det og ein del forandringar i på Europakartet. Tyskland vart delt i to der vi fekk Aust-tyskland og Vest-tyskland. Dei vart skilt frå kvarandre av Berlinmuren. Dermed fekk vi eit delt Europa.

 

Etter 2. verdskrig var Jødane nærmast utrydda i Europa. Derfor bestemde FN i 1948 at jødane skulle få sitt eiga land i Midtausten; Israel. Dette har ført til at dei har ein konflikt med nabolanda deira. Nyheitsbilete har vore sterkt prega av desse konfliktane, heilt fram til i dag.

 

Som vi har sett, var det mange ulike årsaker til at vi fekk 2. verdskrig. Krigen har og påverka 2. verdskrig både Europa og Noreg på mange måtar. Vi fekk eit delt Europa, FN og NATO vart oppretta, og mistrua i Russland var med på å leggje grunnlaget for den kalde krigen som kom seinare.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish