Feltsjukehuset har redda mange liv

Her finnar du ein nyhetsartikkel om Haiti, med hovedvekt på feltsjukehuset. Teksten fortellar på ein fin måte kva som skjedde der.

Karakter: 6

Sjanger
Artikkel
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2010.05.10

”Feltsjukehuset har redda mange liv.” Det seier Børge Brende, generalsekretær i det Norske raude kors. Han rosar den norske givargleda til jordskjelvofra på Haiti.

 

Det var den 13. Januar katastrofen skjedde, noko som gjorde Haiti til verdens samtaleevne. Jordskjelvet målte 7 på Richter sin skala, og var så kraftig at vi kunne måle det i Noreg. Utallege etterskjelv følgde, og det er frykta at 200.000 personar har omkomne, men nokon ekspertar opererer med tall på opptil 500.000. Eit sikkert tall får vi aldri, då fleire av dei omkomne allereie er gravlagde i massegraver.

 

”Dette er noko av det verste eg har sett,” seier Børge Brende. Han var med på flyet som frakta feltsjukehuset til Haiti, og har sett katastrofen med eigne øgne. ”Det ligg døde menneskjer over alt, og vi høyrer rop om hjelp frå ruinane. Det følast rart å ikkje kunne hjelpe.”

 

<bilde>

 

Behovet for hjelp på Haiti er ekstremt. Til tross for at fleire hjelpeorganisasjonar allereie har kome til Haiti, er behovet for meir hjelp prekært. Fleire tusen menneskjer er hardt skadde, men få får hjelp. Alle stasjonære sjukehus er tatt i jordskjelvet, og skadde personar får per i dag inga hjelp. Behovet for reint vatn, mat og medisinar er stort, og frustrasjonen brer seg.

 

Det norske feltsjukehuset skal betenast av norske og kanadiske legar, og skal snart vere på plass. I første omgang sendes det nok utstyr til å betene sjukehuset i 10 dagar, men meir utstyr vil kome seinare. Dette seier Bernt Apeland, frå Raude kors.

 

”Vi treng hjelp!” Ropar ei kvinne til oss. Ho er høggravid, men har inga plass å føde. Ho sitt utafor ruinane til sjukehuset, og er redd. Ho veit ikkje kva morgondagen bringar. Det er skadde personar overalt, og Raude Kors innrømmer at eit feltsjukehus ikkje vil vere nok. ”Vi håpar fleire land vil følgje vårt eksempel,” seier Brende.

 

Samtidig som personar døyr, er det også oppstand til bråk på Haiti. Dei overlevande kjempar om maten, og robbar butikkane som ikkje er samanraste. ”Dei sterkaste personane får mat, dei svakaste dør,” seier ein norsk reporter. Amerikanarane vil sende fredssoldatar til Haiti, og Noreg har også planar om å sende politifolk til Haiti. Nokon spør seg om det ikkje bare vil laga meir bråk, men dei fleste er likevel einige i at fredsbevarande styrker trengs. Uansett kva som skjer, ingen er tente med krig slik situasjonen på Haiti er nå.

 

Brynjulf Ystgaard er ein av kirurgane som skal jobbe på feltsjukehuset. Han har lang erfaring frå katastrofeområde, men har aldri sett noko så tragisk som dette. ”Uansett kvar eg går, ligg det døde personar og rotnar. Det er heilt forferdeleg!”

 

Børge Brende vil også takke det norske folk for givargleda: ”Det er utroleg bra at det norske folk skjønar alvoret i situasjonen, og hjelper oss med å redde menneskjeliv. Ein 100-lapp er ikkje så mykje for ein gjennomsnittleg nordmann, men han kan redda mange liv på Haiti.” Seier han. Også andre hjelpeorganisasjonar melder om givarglede, og oppfordrar oss til å fortsette å gi. Redd barna har samla inn 4,4 millionar kroner, og forsikrar om at alle pengane vil gå direkte til Haiti.

 

<bilde>

 

Det norske feltsjukehuset komer til å bli ståande på Haiti, og Raude kors planlegger å få legar frå Haiti til å overta. ”Det komer enda til å ta mange år før sjukehusa er bygd opp att, og feltsjukehuset trengs meir her enn heime i Noreg,” seier Børge Brende, før han legg til; ”det komer til å ta mange tiår før Haiti er tilbake til normalen igjen. Det er viktig at vi ikkje gløymer Haiti, og hald fram med å hjelpe, sjølv etter at mediadekninga er ferdig. ”

 

Sjølv om det framleis ligg overlevande personar samanklemt i ruinane, begynnar noko å fungere igjen. Nokon bankar har opna, og folk er i full gang med å bygge nye hus. Ein ny slumby er i ferd med å reise seg i utkanten av hovudstaden. Buforholda er veldig dårlege, men det gir i alle fall folk tak over hovudet. Om slumbyen er permanent eller ikkje, vil tida vise.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst