Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Gubbane er for galne etter fotballSkriv ut Utskrift
Nynorsk kåseri om fotball.
Nynorsk - KåseriForfatter:


Eg har aldri skjønt poenget med fotball. Kva er poenget med at ein haug med gubbar spring rundt på eit lite område, der dei flyg som galne etter same ball? Det er jo berre å drage til nærast butikk for å kjøpe ein kvar. Dei spring rundt etter denne lisle ballen berre for å få den mellom det andre laget sine to stolpar på den andre sida. Det er om å gjere å skute så hardt som mogleg mot den lisle stakkaren som står for å passe på mellom desse to stolpane. Han har til og med ein annan drakt så gubbane kan sjå han betre og skute rett på han. Om han gjer arbeidet sitt og blir treft så lufta blir pressa ut av han så jublar halve stadion, og om han ikkje blir treft så skrik den andre halvdelen av stadioen mål.

 

Desse supporterane skjønar eg heller ikkje poenget med. Uansett om det er midt på sommaren så går dei rundt med store skjerf og pakkar seg inn i alle slags typar ting frå laget sitt. Dei sit framfor fjernsynsapparatet, jublar og slafsar i seg potetgull og øl. Det er alltid ein kamp på ein eller annan kanal, så det er nok av tid til å sit pakka inn med ting frå klubben dei likar best for å sjå på dette smarte spelet. Mens dei sit som slabbedaskar, så sjår dei på at desse på fjernsynsapparatet spring rundt og siklar så sveitten renn. Sjølv om dei sjår bra nok på fjernsynsapparatet så er det best om dei får pressa seg inn på ein liten stadion, berre for å sit og nesten kunne sjå ned på kampen mellom ein haug med hender og store hattar. Desse har eit spennande liv må eg seie.

 

Dommaren og linegubbane er også heilt logiske. Han som er dommar spring rundt for å sjå om dei andre spring etter den lisle ballen riktig, og han blir kjefta ned uansett kva han gjer. Pluss at linegubbane berre står og spring ned denne lisle streken sin som dei passar på i tilfelle ballen komer over. Om linegubbane er heldige så kanskje dei får heve flagget ein gong i kampen. Dette er så klart heilt logiske jobbar. Dei får til og med betalt for det.

 

Det som er mest logisk er vel det at desse gubbane som spring som galne på dette lisle området er nokon av dei med mest pengar i heile verda. Dei får nokon millionar kvar gong dei spring sveitte rundt etter denne lisle ballen blant andre sviette gubbar, og da dei er ferdige med kampen så er det rett inn i ei lita garderobe med herleg duft.

 

Dette er poenget med fotball. Ein haug med gubbar som er galne etter å spring eller å sjå på dette lisle området med en haug med gubbar. Det er mye betre om alle desse gubbane hadde fått seg kvar sin ball å leika med, linegubbane noko meir utfordrande arbeid enn å spring ved denne streken som ikkje har tenkt til å stikke av, dommaren ein jobb der han ikkje treng å gå til psykiater etter kvar dag på jobb og supporterane kvar sin personlege trenar som er betre enn å sit som slabbedaskar ved fjernsynsapparatet for å sjå på dette logiske spelet.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish