Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Mi haldning til underhaldning

Mi haldning til underhaldning

Er under holdning bra eller skadelig? Eller kanskje begge deler?

Sjanger
Essay
Språkform
Bokmål
Lastet opp
18.05.2010
Tema


Mennesket har alltid brukt underhaldning til å underhalde seg eller for å kunne slappe av. Er eigentleg underhaldning skadeleg? Underhaldning kan gi deg noko å le av, men det kan også vere ein plage. I dag finst det nesten ikkje eit einaste hus som ikkje har fjernsynsapparat eller noko slags spel. Vi brukar elektronikk meir og meir som underhaldning. Det er jo bra at vi følgjer tida, men nokre av desse er ikkje så bra og kan faktisk vere skadelege. For mykje av desse er utruleg skadeleg. Dei sit berre med desse spela og fjernsynsapparata sine og går ikkje ut for å røre på seg. Dette kan faktisk vere ein av grunnane til at det i dag er så mykje overvektige og late folk i verda. Før elektronikken kom så var det fleire folk ute som underheldt kvarandre i staden for å bli underheldt av eit spel.

 

Ein god latter forlengjer livet er det mange som seier. Dette har dei funni ut at er sant. Ny forsking bekreftar nemleg at sans for humor kan redusere dødelegheit. Folk ved NTNU og St. Olavs Hospital er ein av dei som har utført denne type undersøking. Dei fekk hjelp av pasientar som var utroleg sjuke og som måtte gjennomgå regelmessige behandlingar. Desse pasientane svarte på spørsmåla dei fekk av legene. Resultatet blei at om pasienten fekk relativt høgt på sansen sin for humor, så hadde han over 30 % redusert risiko for å vere daud to år etter. Bladet International Journal og Psychiatry in Medicine støtter denne teorien. Dei gav for litt sia ut ein rapport som beviser at sans for humor gir deg større sjanse til å overleve ein alvorleg sjukdom.


 

Folk har i fleire hundre år hatt underhaldning til forskjellige ting. I cirka år 1200 anbefalte ein kirurg i Frankrike at pasientane burde bli underheldt av vener og familie etter operasjonar. Musikk som underhaldning blei også anbefalt. Det kunne vere alt i frå morosame historier til dans. Dette var for å gjere pasientane friske raskt. Ein anna lege i England i cirka år 1500 fortalde at latter fungerte som medisin for nedstemde folk og dei med forkjøling. Til og med nokre indianarar fann virkeområdet til latter. Dei hadde derfor eigne klovnar for å more dei sjuke. Desse hadde liten eller ingen påverknad av kvarandre og hadde derfor funni ut dette sjølv.

 

Forfattarinne og psykolog Görel Kristina Näslund ved Karolinske sjukhuset i Stockholm har også funni ut ein del om verknaden av latter. Ein god latter setter i gong ein rekkje reaksjonar i kroppen. Når du begynner å le utløysar dette nokre hormona som stimulerer hjartet, lungene og blodomlaupet. Dette påverkar sannsynlegvis noko av stoffet i hjernen som gjer deg glad. Dette har ein verknad som gjer så du ikkje føler så mykje av smertene. Altså kan underhaldning også vere utruleg bra.

 

Mennesket er ein av dei mest leikne skapningane i verda. Vi treng underhaldning og leik for å vere glade og for å ha det bra. Leik er ein av dei mest vanlege måtane for underhaldning og er nok den underhaldninga vi blir presentert for fyrst. Leik er viktig heilt i frå de fyrste åra vi lever. Det er ein måte å lære på. Den gir oss moglegheit til å vere sosiale samtidig som vi stimulerer hjernen. Det som er best med leik er at vi aldri blir for gamle til å slutte å drive med det. Dei eldre lurar seg jo til å bli med på å leike og brukar unnskyldninga at dei berre er med barnebarna eller barna. Det er jo tydeleg at dei eldre har det minst like morosamt som dei små da dei leiker. Eg trur dei faktisk har det meir morosamt enn barna.

 

Altså er underhaldning både bra og skadeleg. Du må berre bruke det på riktig måte. Etter min meining så er god gammaldags underhaldning best. Med leiker og gamle historier i staden for elektronisk underhaldning. Samtidig som eg må innrømme at eg er som dei andre. Eg sit vanlegvis klistra ved ein skjerm i staden for å leike. Det er gøy, men ingenting er som å leike og vere aktiv. Heldigvis så kjem elektronikken også lenger og dei jobbar for å forbetre den late befolkninga dei har skapt. No er det jo kome fleire spel der du faktisk må bevege deg og helst ha med deg nokre folk. Eksemplar på dette er EyeToy og Kinetic. Det er jo ein stor forbetring frå dei gamle, men fjernsynsapparata er jo dei samme gamle. Det er ikkje noko galt i å sjå på eit fjernsynsapparat, man må berre bruke det fornuftig. Noko som eg er 100 % sikker på er at underhaldning ikkje er noko vi kunne klart oss uten.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil