Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave


propaganda.net : Skole & Jobb
Analyse og tolking av diktet "Navnløs" av Sigurd ObstfelderSkriv ut Utskrift
Min første analyse og tolkning, i tillegg på nynorsk. Ønsker mest mulig tilbakemeldinger på hva som kan forbedres.
Nynorsk - Analyse/tolkningForfatter: Anonym

Sigurd Obstfelder er ein sentral skikkelse i nyromantikken. Nyromantikken kom som ein reaksjon på den meir dystre realismen. En del forfattarar så seg lei på mangelen på at den symbolske lyrikken frå Wergeland og Welhaven sin tid, var blitt bytta ut med ”å sette problemer under debatt”, som Brandes så fint formulerte seg. Denne nye epoken blei blant anna klart og tydeleg markert da Knut Hamsun kom med sin roman ”Sult”. Typisk for verk innafor nyromantikken er at dei legg meir vekt på subjektet i forteljinga. Hovudpersonens ubevisste sjeleliv skulle nå stå i sentrum.

 

Slik sett kan ein seia at Obstfelders dikt ”Navnløs”, som er ein del av samlinga ”Digte” som blei utgitt i 1893, er klassisk for sin periode. Slik som dei fleste moderne rim har heller ikkje detta enderim i form av verken parrim, kryssrim eller omslutande rim. Men det er viktig å ikkje blande rim saman med rytme, noko ein kan finne fleire steder i diktet, i form av blant anna gjentakingar. Elles er det biletlige språket rikt og ein blir sittande at med eit ganske så detaljert bilete i hovudet etter å lesi diktet.

 

Eg vil nå ta for meg korleis diktet er bygd opp og gjøre greiefor dei verkemidla som er blitt brukt i diktet ved å dra fram enkelte eksemplar. Eg vil ikkje ta for meg kvart einaste ord og setning i diktet, noe som ville ha vori fult mulig på grunn av det rike språket hans, men det ville blitt for omfattande. Til slutt vil eg gjere greie for korleis eg tolkar diktet på bakgrunn av analysen eg har gjort.

 

Diktet gjer oss fyrst eit overblikk over kva slags setting me er i, for deretter å gå grundigare inn på dei små detaljane. Når diktet går frå ”mørkets tåge sænker sig over trær, over plæner” til ”…på en ensom bænk en skjøge” for å fortsette med ”eg sætter mig ned stille… nærmer mine øine til hendes…”. Det blir akkurat som om kameraet skulle zoomet inn.

 

Obstfelder brukar besjeling fleire stedar i teksta.

 

Mørkets tåge sænker sig…”, ”Lygternes blus er mørkets gule pupiller

 

Når ein brukar besjeling gir ein ”døde” ting menneskelige eigenskapar. Fyrst og fremst så skriv forfattaren slik at me får inntrykk av at mørket eig tåka, da han skriv ”Mørkets tåge”. Å eige, er noko me menneska gjer. Han bruker også besjeling når han skriv at tåka senker seg. Det biletlige språket kan nesten få ein til å sjå for seg tåka som heng i ein vaier og blir senka ned av mørket, som ligg der oppe på himmelen og styrer showet.

 

Igjen gjer han mørket ein menneskeleg eigenskap ved å si at lyktene i gata er mørkets pupillar. Alle veit at sjølve mørket verken har auger eller pupillar, men på denne måten får me eit inntrykk av mørket som noko meir enn bare det som kjem når sola går ned. Obstfelder gjer oss ein stemning.

 

Gjentaking er eit anna verkemidel han bruker.

”…over trær, over planter” og ”Der er slør for de blege kinder, sort slør -
bag det sorte slør er der øine

 

Når ein bruker gjentaking er det gjerne for å framheve og forsterke det, det blir skrivi om. Obstfelder bruker her gjentaking av ordet over. Vi kan sjå for oss korleis mørket styrer tåka ned over både plenar og trær. Når ein brukar denne forma for gjentaking gjer det også rytme til diktet og det blir med eit lettare og lesa.

 

Når han først nemner at det er slør framfor de bleike kinn, kan me sjå for oss eit slør som dekkar kinna, utan å hengje oss meir opp i det. Men ved å gjenta ”…-sort slør, bag det sorte slør er der øine”, blir me pressa til å sjå for oss denne skikkelsen grundigare enn det me gjer fyrste gong.

 

Vidare brukar han også orda gret og gøyme fleire gonger i dei siste tre strofene. Det gjer oss eit inntrykk av ein gråt så kraftig at han ikkje klarer å stoppe og eit behov for trøst som er større ein gråten i seg sjølv. Ikkje eit heilt ukjent tema for Sigurd Obstfelder som er kjent for å skrive deprimerande tekstar om einsame eg-personar som følar seg sat utanfor samfunnet.

 

Den ytre handlinga i diktet fortel om ein mann som er ute og vandrar aleine, ei mørk natt. Plutselig treff han på ei kvinneskikkelse som sit på ein benk i parken. Ho får han til å sleppe laus det han ber inni seg.

 

Eit slikt dikt kan tolkas på mange måtar. Eg får inntrykk av at mannen er tynga med noe og i tillegg einsam, kanskje utan å vite kvifor. Indikasjonar på dette kan vere når Obstfelder skriv dette om eg-personen i første strofe, i 6. og 7. verselinje: ”Jeg hoster. Min hosten lyder som spøgelsesharken. Jeg går. Min skridt er som spøgelseskridt”.

 

Kvinna på benken kan representere så mangt, men for meg representerer ho noko guddommelig, kanskje mørket i menneskeleg form. Sia ho er kledd i mørkt sjal, og mørke er noko som har blitt beskrivi så inngåande tidligare i diktet tolkar eg ho som ein slags manifestasjon av natta. Når eg seier guddommeleg tenkjer eg på dei heelende eigenskapane som omgivnadene kan ha på eit menneske. Mørket, som representerer natta i detta tilfellet gjer at personen i diktet følar seg fri, fri til å sleppe følelsane ut, utan at nokon vil uglesjå han. Utan at nokon vil sjå han i det heile tatt, for han sit aleine, i mørket.

 

Obstfelder skriv ”jeg…gråter i hendes kolde hansker” og ”hun tørrer mine øine nænsomt” Dette representerer for meg mørkets kalde, men varlige vind som tørker tårane hans i natta. Når han også ber ho om å gøyme han, seier det for meg at han ber natta om å bruke mørket sitt og pakke han inn, slik at ingen kan sjå han.

 

Obstfelder startar fyrste strofe og fyrste verselinje med ”mørkets tåge sænker sig over trær, over plæner” og sluttar diktet med en gjentaking av denne verselinja, men med ein vri: ”mørkets tåge sænker sig over trær, over sjæle”. Det var denne setninga som gjorde at eg ga mørket den sentrale rolla i dette diktet. For meg seier denne verslinja at mørket påverkar ikkje bare omgivnadene men også menneska.

 

”Navnløs”

 Mørkets tåge sænker sig over trær, over plæner,
bladene har ingen farver, græsset har intet grønt.
Lygternes blus er mørkets gule pupiller -
gule pupiller, som vider sig ud så sælsomt.
Ingen er der, som ler eller sukker i parkens gange.
Jeg hoster. Min hosten lyder som spøgelseharken.
Jeg går. Min skridt er som spøgelseskridt.

Men i parken mørkens gang, hvor lygter ei brænder,
sidder skjult mellem trær på en ensom bænk en skjøge.
Der er slør for de blege kinder, sort slør -
bag det sorte slør er der øine, som sælsomt glimter.

Og jeg gribes af en vemodig, natlig glæde,
ved at møde i mørket, i den døde nat, et menneske.
Jeg sætter mig ned stille, drar sløret tilside taust,
nærmer mine øine til hendes, min sjæl til hendes.

Lydløst daler nogle blade.
Varsomt lægger jeg øret til hendes hjerte...
Og brister i gråt, gråter i hendes kolde hansker,
gråter og gråter, og ved ikke, hvorfor jeg gråter.

Hun støder mig ikke bort.
Hun tørrer mine øine nænsomt.
Og jeg griber hendes hænder i angstfuldt tungsind
og ber hende gjemme mig, gjemme mig, gjemme mig.

Mørkets tåge sænker sig over trær, over sjæle.
Løvet har ingen farver, græsset intet grønt.
Men i tågen daler lydløst sorte blade,
og i mørket sidder skjult på en ensom bænk en navnløs,
og gjemmer ved det hede bryst en sygs ansigt,
og gjemmer i de myge hænder en ræds øine,
og ingen uden Gud hører hans såre hulken,
og ingen uden Gud hører hendes trøstende hvisken.


Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish