Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Alt ordnar seg til slutt, alltid!Skriv ut Utskrift

Nynorskfortelling om et vennskap som blir ødelagt.

Karakter: 5/6 (hadde en del skrivefeil)

Nynorsk - FortellingForfatter:



Dag 1:
Eg hadde følt meg misslykka, einsam, sjenert og feit. Eg hadde alltid vært jenta som stod med dei populære. Jenta som er med dei, men seie ingenting. Det var meg, det var meg som var stormforelska i Chris, men sa det ikkje til noen. Det var eg som løyv om at eg ikkje likte noen. Men sanninga var jo ikkje slik. Eg hadde ikkje gitt slipp på han sida eg kyssa han i 4, og nå, nå var eg jo i begynninga av 9. klasse. Eg hadde likt han i 5 år, stått og beundra han i 5 heile år. Tenk at 5 år med drømming kunne bli snudd på 1 dag, det kunne eg ikkje tro. Dagen før hadde gjort alt som himmelen for meg.

 

Det begynte laursag kveld. Da eg og mamma var å handla fikk eg masse meldingar om at det skulle være ein gjeng som skulle samlas og så på film, og eg var invitert. Chris var også ein av dei, vi var til saman 6 stk. Som vart invitert. Eg sa sjølsagt ja. Seinare avtalte eg at dei 3 jentene som skulle være med, skulle kome til meg først, også overnatte etterpå. Heidi som var min beste venn, kunne ikkje. Noe som gjorde alt annleis. For Heidi var alltid der for meg, alltid! Og nå, nå kunne hun ikkje. Heidi var også typen til Chris, eller dei var ikkje saman, men dei flørta og haldt rundt kvarandre. Sjølsagt var eg alltid sjalu, og ønskte det var meg han haldt rundt. Men likevel, var Heidi og Chris det perfekte paret. Heidi med det blonde, tykke og lange håret. Med den slanke kroppen og den perfekte holdninga. Eigentlig var det rart at vi var bestevennar, for eg var liksom det motsatt av Heidi. Og Chris med det korte mørke håret, med dei mørke augo som kunne så helt inn i meg. Chris med den veltrente kroppen og hans mot. For meg var Chris fantastisk.

 

Sida ikkje Heidi kunne, var det bare Benedicte som kom til meg kvart på 8. Vi skulle stelle oss og bli kjørt bort til Chris, som skulle han denne Filmkvelden kl. 8. Vi hadde ikkje så god tid, så vi hasta på oss sminke og tøy, også kjørde mamma oss bort. Da vi kom frem hadde gutane allereie kome. Dei hadde satt seg i sofaen. Så derfor var det ikkje særlig god plass når vi kom. Chris satt med litt større plass enn dei andre, det så nesten ut som han haldt plass til noen. Og det gjorde han visst, for han sa at eg bare kunne slenge meg ned på sida av han. Skulle liksom eg, sitte ved sida av han? Eg fekk sommarfuglar i magen, eg skulle faktisk få sitta med Chris. Så eg satt meg ned. Også start ein av gutane ein film.

 

Seinare i filmen gjorde Chris gjespetrikset (det kor man gjespar også legg man handa over skuldrene) på meg. Det kribla i heile kroppen min, han haldt rundt meg slik han alltid haldt rundt Heidi. Eg begynte å lure på om eg bare var ein han kunne holde på med, sida ikkje Heidi var her. Eg fikk skuldkjensel. For Heidi hadde sagt litt før at viss han prøvde seg så skulle eg si nei, eller dytte han vekk. Men eg klarte ikkje det nå. For det var så utrolig godt å kjenne handa hans over skuldrene mine. Og eg oppfatta det som om han likte meg. Men korleis kunne han eigentlig like meg? Eg hadde hørt det av noen i klassen at han likte meg. Men korleis, korleis kunne han like meg, for eg var stygg, og det var kvifor eg ikkje hadde hat sjans på gutar. For eg hadde sagt til meg sjølv at eg var stygg! Men likevel la eg beina mine oppå hans. Da begynte han å kile meg på beina. Nå strømma blodet rundt i heile kroppen min. Eg var lykkelig.

 

Etter filmen hadde vi fortsett litt tid igjen ettersom filmkvelden skulle slutte kl. 11. Benedicte ville ut, og hun og alle gutane gjekk ut, bortsett frå Chris. Han ble sittande igjen med meg. Da begynte eg å fantasere, kanskje han ville kysse meg. Eller ta handa min? Men i steda spurte han om vi også skulle gå ut. Eg sa ja, sjølv om eg eigentlig ikkje ville. For eg ville bare sitte der med Chris.

 

Da vi gikk inn igjen, satt eg meg først ned. Han satt seg automatisk ned ved sida av meg. Eg fikk et stikk av skulkjensel igjen. Eg burde stopp, eg kunne ikkje være her med den Heidi liker. Eg visste at dette var feil. For han var Heidi sin, ikkje min. På kvelden fekk Heidi vite alt, og ho ble knust. Ho trudde han likte ho mens han likte meg. Eg var forvirra. Hadde eg verkelig trengt å si alt som hadde skjedd? For nå hadde eg øydelagt alt, og verden var ikkje lenger eit fint sted.

 

Dag 2:
Eg vakna av at Benedictes auge glante opp i trynet mitt. ”Haloo” sa ho med den morosame stemmen hennas. Eg smilte, og tenkte på alt som hadde skjedd dagen før, det hadde vært ein av dei beste dagane i livet mitt. Vi gikk ned og spist. Akkurat da vi var ferdige, ringde mobilen min. Det var Chris, hjertet mitt dunka fortare mens eg svarte. ”Eg har tenkt litt på det som skjedde, og eg vil bli saman med deg.” sa Chris. Min fyste tanke var at eg skulle ropa -JA, men så kom eg på Heidi. Eg ble fort trist, sida eg huska at eg aldri kunne få han, derfor sa eg bare ”Eg kan ikkje, det går ikkje. Unnskyld!”.

 

Eg tenkte mye på samtalen eg hadde hatt meg Chris, mens Benedikte var hos meg. Eg hadde ikkje sagt det til ho, for eg orka ikkje å blande fleir med. Eg ville så gjerne si det til ho, men eg visste det ikkje kunne hjelpe. Så eg lat være. Etter ho hadde gått, ringde eg Heidi, men ho svarte ikkje. Så eg sende ho ein melding:

”Eg er lei for alt det dumme eg har gjort,
det var ikkje meininga å såre deg.
Kan eg få snakke med deg?”

 

Eg fikk ikkje noe svar, ikkje det at eg forventa det heller. For viss ho hadde gjort det mot meg, er eg sikker på at eg hadde reagert likt. Eg hadde også blitt såra, og ville kanskje aldri ha snakka med ho igjen. Og nå, nå ville ikkje Heidi snakke med meg.

 

Dag 3:
Eg ville eigentlig ikkje stå opp, men eg måtte jo. For eg måtte jo på skolen, sjølv om eg visste eg ville møte Heidi og Chris der. På bussen tenkte eg mye på korleis eg skulle få snakke med Heidi. Det ville bli vanskelig, men eg skulle klare det. Eg bestemte meg for å snakke med ho i først friminutt, slik at vi kanskje kunne bli vennar gjennom dagen. Planen min fungerte ikkje heilt. Ho ville ikkje snakke med meg, men eg fikk sagt til ho korleis eg følte det, og at eg var veldig lei meg. Det føltes godt å få sagt det til ho, sjølv om det så ut som ho ikkje brydde seg. Ho bare så på meg med eit tomt blikk. Eit blikk som sa at ho ikkje brydde seg lenger! ”Du er klar over at du har øydelagt alt?” kom det du av munnen hennas. Også sprang ho bare bort frå meg. Eg tenkte eg måtte gi ho litt tid, sånn at ho kunne få tid til å tenke og bestemme seg. Eg håpte jo ho ville tilgi meg, men eg visste ærlig ikkje. Eg visste ikkje om ho klarte å tilgi meg.

 

Da eg gjekk heim var det blitt mye kaldare i lufta. Vinden blåste og røska tak i det brune tynne håret mitt. Blada i haustens friske fargar, fauk rundt meg. Og noen landa på bakken og lagde et fargerikt teppe. Det var fint når det var sånn. Det var det eg likte best med hausten, for det er så fine fargar. Det var ikkje lange vegen heim, bare 2 km frå skulen. Det var greitt og bo så nærme skulen og Heidi, for Heidi budde bare litt lengre inn vegen enn eg gjorde. Derfor hadde det aldri vært eit problem for oss å komme på besøk til kvarandre.  Og vi visste når vi var aleine heime, for da pleidd vi i vert fall å være hos kvarandre. Det var dagar som i dag eg var aleine heime, men Heidi hadde eg ikkje sett noe til, så eg trudde ikkje vi kom til å finne på noe i dag.

 

Akkurat da eg har vrid om nøkkelen og opna døra, hører eg noen springe bak meg, mens de roper ”Cecilie, vent da. Eg tilgir deg! Eg er ikkje sur, la oss snakke.” Eg lyste opp! Kunne det være Heidi som snakka til meg, nei det kunne ikkje. Det kunne bare ikkje være ho. Men det var ho, og ho kom springande mot meg. Eg snudde meg og sprang mot ho. Vi strekte ut armane, klar til en klem. Der trefte kroppane vårast! ”Unnskyld, eg har vært så dum.” Stamma Heidi frem gjennom tårene, eg kunne høre at ho grein. Det fikk meg til å grine sjølv, tårane bare trilla ut. Gråten gikk over til latter, og vi slapp klemmen, og så på kvarandre. Vi smilte, og eg visste eg ikkje brydde meg mar om Chris, for eg kunne så i augo hennas at ho hadde tilgitt meg. For nå var vi vennar igjen. Beste vennar!

 

Dagens ord: Alt ordnar seg til slutt, alltid!




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish