Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
AleineSkriv ut Utskrift
Fikk i oppgave å skrive en stil på nynorsk om en som er alene. Her er resultatet! Ble ganske fornøyd med den :)
Nynorsk - FortellingForfatter:



Den store, runde sola skin ned på han der han spring som ein vind gjennom den gule kornåkeren. Dei høge kornstråa piskar han i andletet. Han fell, men reiser seg opp igjen og spring vidare. Det er eigentleg middagstid, han veit det godt, men det er så motbydeleg mat på barneheimen. Vemmeleg, grå havregraut som smaker lim.

    

I skogen er alt så flott og fargerikt. Lauvet som ligg på bakken. Gult. Raudt. Grønt. Han pustar djupt inn, før han går bort til treet sitt. Der han alltid har sete når han ikkje orkar meir og berre vil tenkje. Berre han aleine, nyte stilla. Plutseleg stoppar han opp og kniper igjen auga. Kjennar tåra som trillar nedover dei raude kinna hans...

 

Det var den sommaren, nokre dagar før bryllaupsdagen deira. Tenk at det berre var gått eit år. Han kjennar at han får vondt i magen av å tenkje på det. Eit år.

«Thomas, kom inn til meg er du snill,» hadde mora nesten skrike av sine siste krefter. Han visste det, han visste det godt. Heilt tilfeldig hadde han vore på toalettet då legen med den mørke stemma hadde snakka med faren rett utanfor. Ho var full i kreft. I korridoren hadde dei spilt favoritt songen hennar, og han hadde gått så sakte som mogleg for å utsetje det som han visste ho kjem til å sei.

 

Faren stod ved vindauget, med ryggen til. Rommet var mørkt. Berre lyset frå ein einsam lampe gav rommet preg av liv. Alt utstyret rundt ho var fjerna. Det einaste i rommet var sjukesenga og nattbordet hennar, med eit glas vatn. Alt rundt ho var liksom så uklart og merkeleg. Nesten som ein skugge som klorte seg fast i ho, og alt var berre grått og trist. Med tårer i auga gjekk han bort, sat seg ned på sengekanten og såg forsiktig ned i golvet.

«Du veit at eg elskar deg, guten min,» kviskra ho og strauk han på hovudet. Ho tok eit djupt andedrag, det som skulle bli hennar siste. Etter dette hugsar han ikkje særleg mykje. Huset som blei inndrage av banken... Faren som slo han i reint raseri og drog for godt...

 

Han opnar auga og tørkar tårene frå kinnet. Det begynner å bli seint, tenkjer han. Solskinet har blitt erstatta med ein stummande mørk skumring, og skogen var blitt til ein leikeplass for troll og skumle skapningar. Han spring med dei tynne, lange beina sine gjennom buskar og greiner som piskar han i andletet. Kjempar mot vondskapen og hans soldatar.

 

På barneheimen finn han plassen sin på soverommet. Han ligg seg ned på den silketynne madrassen og dreg pleddet over seg. Sakte, men sikkert sovnar han. Han draumar om mora. Kjære, gode mor...

 

Han vaknar plutseleg av at nokon står over han og kviskrar.

«Kom, Thomas! Vi skal på skattejakt,» kviskrar Kristian og dreg pleddet av han og smilar. Rommet er kaldt og uhyggjeleg, og alt dei kunne høre var pusten deira. Tenk at endeleg ville dei andre borna vere i lag med han! Lykkeleg og opprømt spring han etter dei, ut i skogen. Månen står høgt på den stjerneklare himmelen, og skogen er mørk og nifs. Han vel å ignorere den fæle, skrekkelege ljoden frå ugla i treet. Han må vere tøff! Ja, like tøff som Kristian må han vere.

«Sjå her, Thomas,» skrik Kristian og peikar. Han går bort, og akkurat i det han ser ned, skubbar dei han ned i eit djupt og nifst hol i bakken. Han skrik og ber dei hjelpe han, men dei berre ler og går sin veg. Han sit seg ned og kjennar tårane trille som ein foss. Heilt aleine i skogen, midt på natta...

 

Fem månader har gått.

 

«Korleis har dagen din vore, Thomas?» spør Gunn med eit smil og tek ein slurk av den raude kaffikoppen hennar. Mons ser opp på han med store runde augne. Eller, forresten... Ikkje på han, men på bollen hans.

«Mons, du har ikkje lov til å vere på kjøkkenet!» skjenner ho og slepp hunden ut på plenen utanfor det kolossale, rike huset.

«Heilt perfekt Gunn,» smilar han varsamt, «men kvar er skorne mine?»

«På hylla i entreen. Hugs no å kome heim til kveldsmat!» skrik Gunn etter han mens han fer ut døra. Så spring han over åsen, til kornåkeren, og kornstråa piskar han i andletet. Heldigvis, denne gongen ikkje aleine, men med Mons. Hans nye bestevenn.

 

THE END




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish