Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Som to eventyrfigurar

Som to eventyrfigurar

En novelle om tap av dem man elsker mest.

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
14.03.2011


Han hadde aldri i livet sett eit dødt menneske før. Aldri hadde han sett for seg at det var slik dei så ut. Lina var frossen og iskald, men samtidig så utruleg vakker. Huda hennes var heilt kvit med blå nyansar og det mørke håret la seg i folder nedover skuldrene hennes. Augande var opne og dei stira livlaust på han. Han såg to auge som stira blindt – heilt utan håp, draumar og ein framtid.

 

Det var siste skuledag før ferien og alle elevane satt på plassane sine i klasserommet. Alle unnateken ein – Lina. Lina hadde vore sakna i fem dagar, og ingen kunne skjønne kvar ho hadde blitt av. Den siste som hadde snakka med ho var Aleksander. Aleksander og Lina hadde vore kjærester i over tre år, og dei skulle feire jul samen dette året. Heilt utan forvarsel hadde Lina forsvunne utan å leggje frå seg eit einaste spor. Ho vart søkk borte. Foreldra til Lina hadde komma heim til tomt hus den dagen Lina forsvann. Ho pleidde alltid å vere heime når dei kjem heim. Rundt klokka 4, men ikkje denne gongen.


 

Jula skulle ikkje bli den same som den hadde pleidd i år. Familien Riise skulle feire jul utan dottera si. Dei pleidde alltid å stå opp samen på julaftan, sette på julemusikk og sjå på Askepott i lag. Det var typisk jul for dei. Mor pleidde å dekke på til jule frukosten og far pleidde å svi ribba dei skulle servere til resten av familien Riise seinare på dagen. Det var bare slik det var, men det var slik dei likte det. Korleis skulle det da bli i år undra dei? Dei var fulle av sorg og einige om ein ting – det blei ikkje ordentlig jul utan Lina.

 

Aleksander var fast bestemt på å finne kjærasten sin enten ho var død eller levande. Viss Lina var død villa han ikkje at ho skulle liggje ute i snøen. Ho skulle komme til rette om det så var det siste han skulle få til. Han begynte å tenke igjennom dagane før Lina forsvann. Kva ho hadde sagt, og kva dei hadde gjort i lag. To dagar før Lina forsvann hadde dei vært samla heime hos han for å bake julekakar. Det hadde dei gjort samen kvar jul heilt sida dei blei samen. Då dei venta på at kakene skulle bli ferdige i omnen hadde Lina sagt ”eg vil så gjerne at du og eg skal gå ein tur i skogen no i desember, Aleksander! Eg har noko eg vil gi deg”. Aleksander visste at Lina elska skogen meir enn noko anna, og han hadde sagt at han ville være med. Dei rakk det aldri, for før dei fikk bestemt ein dag dei skulle ut i skogen var Lina forsvunnen.

 

Aleksander hadde lett etter Lina i fleire dagar no, men ikkje i skogen. Det hadde snødd mykje meir sida Lina forsvann og det var vanskelege forhold. Huset til Lina låg like ved utkanten av skogen, men Aleksander hadde bestemt seg. Han ville ut å finne Lina. Han tok på seg varme klede og ein lommelykt for det var allereie begynt å mørkne. Han kunne ikkje vente til det skulle bli morgon neste dag, for om Lina låg ute i skogen nå ville ho mest sannsynelig vere heilt nedsnødd i morgon tidlig. Han gjekk ut ytterdøra og trakk pusten. Det var ikkje på denne måten han hadde sett for seg at jula skulle bli. Han hadde gleda seg så inderlig til å feire julaftan samen med kjærasten sin. Han var så glad i Lina. For Lina og Aleksander var det nettopp dette jula handla om – det å glede seg og å være samen med dei som man elskar mest. No tok Aleksander enda eit steg ut i skumringen, klar til å finne Lina.

 

Han traska dei 200 meterane det er frå huset sitt og opp til Lina sitt hus. Då han kom til huset kunne han sjå juletreet dei hadde i stua og han kunne sjå mor til Lina sitte i vindauge og speide utover skogen. No følte han seg så nær Lina, og det gjekk opp for han at det ikkje var fordi han stod på utsida huset hennar, men fordi han var nære skogen. Han gjekk bort til utkanta av skogen og undra på om mor til Lina kunne sjå han. Det såg ut som om ho stira rett på han, men det var blitt enda mørkare no enn då han gjekk heimen i frå, så det var nesten umogleg å sjå noko som helst – sjølv for Aleksander.

 

Han begynte å gå innover i skogen på ei lita skogsti som var godt nedsnødd. Viss nokon hadde gått her ville spora deira for lengst vere borte no, men Aleksander ga ikkje opp håpet om å finne sin kjære Lina. Etter å ha gått rundt i skogen i nærmare to timar begynte han å miste følelsen. Lykta han hadde brukt til å lyse med hadde begynt å få dårlig batteri, og om ikkje lenge ville det bli heilt mørkt omkring han. Han ropte på Lina i håp om svar, men det einaste han høyrte var si eiga stemme langt borte i det fjerne. Aleksander kjente en tåre nedover kinnet sitt, og ikkje meir enn han hadde tørka den bort var det komme ein til. No stod han heilt aleine i skogen og gråt etter kjærasten sin. Han sakna henne så fælt, og han var heilt sikker på at ho var i skogen nær han. Han bestemte seg for å leite enda litt til, men han visste at han måtte forte seg. Snøen begynte å pakke seg tettare omkring han, og han hadde nesten mista all følelse i fingrane sine. Han lukka augande. Så for seg Lina. Ho dansa så vakkert. Smilet hennar varma han og plutselig følte han seg meir levande enn på lenge. Han opna augande og gikk målbevisst innover i skogen. Det var som om noko ledet han.

 

Etter ein stund kom han til et tjern han aldri hadde sett før. Det var ikkje så stort, men det låg der for seg sjølv. I enden av tjernet la han merke til at isen hadde knekt, og han gjekk nærmare for å sjå kan som kunne ha skjedd. Heilt utan forvarsel stoppar han opp og ser på noko utan å ta augande frå det. Det var Lina. Der låg kjærasten hans – heilt aleine, heilt livlaus og bare 10 meter unna tjernet. Ho låg under ein gran, så snøen hadde bare dekket ho med eit par millimeter. Aleksander skjønte straks kva som hadde skjedd ho. Lina hadde falt igjennom isen, og prøvd å komma seg opp igjen. For kvart tak hun hadde tatt i isen for å reise seg opp hadde isen bresta under ho. Ho hadde klart å kome seg opp på land, men den spinkle kroppen hennes må ha vore heilt nedkjølt. Under denne grana hadde Lina trekt sin siste pust. Ho hadde nok prøvd å kjempe seg tilbake til huset, men skritta ble for tunge. Nå låg hun der, helt aleine.

 

Aleksander stod der å såg på ho med eit tomt blikk. Han hadde aldri i livet sett eit dødt menneske før. Aldri hadde han sett for seg at det var slik dei så ut. Lina var frossen og iskald, men samtidig så utruleg vakker. Han falt ned på kne ved sida ho, og kjente korleis smertene tok tak i han. Han tok handa til Lina, og med eitt kjente han at ho haldt noko i handa si. Det var eit sølvhjarte, og på baksida var det inngravert ”Til Aleksander. Da, nå og for alltid. Din Lina”. Med eitt visste han kva som skulle skje. Han ville være hos Lina for alltid. Han la seg ned ved sida av ho, kjente på den kalde huda hennar. Lykta gjekk tom for batteri, og med eitt ble det bek mørkt. Dei såg ut som to eventyrfigurar der dei låg - så vakre. Som om dei var teken rett ut i frå ein bok.


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil