Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Då maska fallSkriv ut Utskrift
Mange mennesker skjuler seg bak masker stod det i oppgaven. Min tolkning av en gang den masken falt.
Nynorsk - NovelleForfatter: Anonym



”Vil du vere med?”

 

Ho vakna brått. Ikkje det at ho sov, det var heller det at tankane hadde drege ho med seg. Ho hadde sete i ein solstol på hytta. Fuglane hadde kvitra litt, men det hadde vore så varmt at dei ikkje orka å lage for mykje spetakkel. I hendene hadde ho heldt eit gammalt nummer av ein teikneserie. 1992 stod det datert. Årgang 20. Etter kvart som det hadde blitt varmare hadde ho døst av, og heile bladet hadde gloppe frå det slappe grepet hennar. Fort landa det i det fuktige graset, utan ein lyd.

 

Sjølv om det var varmt var det tidleg på dag, og i skuggen av hytteveggen hadde det samla seg store dråpar med dogg. Sola hadde nettopp snudd seg slik at stolen hennar kom ut av skuggen, og ho kjende kor varmen gjekk over dei bare armane og leggane hennar. Så hadde ho reist seg, ganske svimmel og med vondt i hovudet. Kvifor blei man sånn av å liggje i sola? Mens ho undra vandra ho bort til den andre sida av hytta. Dei våte dropane kjølte ned føtene hennar, og det var godt å dra dei bortover marka. Nokre plassar hadde graset vakse nesten ein meter, og til slut var ho blitt heilt blaut på shortsen. Men då ho kom inn hadde ingen brydd seg. Dei skulle likevel ut om ei stund, så sola kunne tørke både kleda hennar og graset dei skulle slå. Dei skulle nemleg bort og hjelpe naboen. Såpass skyldte dei han, når han let dei behalde hytta, sjølv om dei ikkje alltid betalte leia.

 

”Ja?” Alle andleta var vendt i mot ho. Ventande. ”Vere med kvar?” Ho skulle ha følgt betre med. Ei konstant summing frå svoltne elevar hang rundt ho, innimellom med eit hyl eller to. Ei av jentene ved bordet hennar tok opp ein gaffel og stappa ein stor bit lasagne i munnen. ”Har du ikkje følgt med?” smilte ho. Dei smilte alltid, dei jentene. ”Kva er det du tenkjer på heile tida?” Eit smil blei pressa saman i andletet hennar, liksom alt var greitt. ”Eg er berre trøyt.” byrja ho, ”Dykk skjønnar, pappa skal kjøpe ein ny båt. Og i heile går kveld diskuterte vi korleis vi skal gje inn bod på.” Ho snakka raskt .Så raskt at dei nesten ikkje klarte å følgje med. Kanskje dei ikkje skjønte kva ho sa, så dei kunne fortsetje å diskutere kva dei nå enn skulle. ”Å, skal dykk kjøpe båt?” sa dei alle i kor. Dei hadde skjønt det. ”Jaa.” Stemmen nøla litt. ”Å,” Måtte dei alltid starte setningane slik? ”Vi må få kome å sjå på den når dykk har kjøpt den. Kanskje far din kan køyre oss ut på ei av øyene?”

 

Og så var dei i gang. Korleis skulle bikinien sjå ut, om dei kanskje møtte på eit par gutar medan dei var på tur? På båttur i den heilt nye båten hennar. Skulle dei sole seg fram med baugen? Den som måtte være kvit. Ja, og dei skulle liggje solbrune der, vinkande til alle forbipasserande fartøy. Etter kvart som det blei kveld, ville dei sove i lugarane under dekk? Skulle dei bli vogga i søvn i kvite skinnsofaer, fyrst etter at dei hadde spist eit nydeleg måltid til kvelds? ”Kor stor skal båten vere?” spurde ei. Ho hadde tatt på seg ein enkel, sort blazer i dag, og ikkje lagt skjul på at den var kjøpt medan ho og systera hadde vore på moteveka i Milano. ”Eg veit ikkje. Eg er ikkje så flink på sånne tall.” Dei godtok svaret. Greitt nok. Dei var ikkje spesielt smarte sjølv. Dei trengte det ikkje. Alle visste at foreldra ville forsyrgje dei langt inn i trettiåra.

 

Vinden bles i håret hennar. Det var ikkje mange dagane sidan ho hadde vore hos frisøren for å stripe det lysare. Mor hennar hadde ikkje vore spesielt glad for det. Kalla det unødvendig bruk av pengar. Ho kunne jo i alle fall ha stripa det heime. Med ein boks hårfarge kjøpt på Hennes & Mauritz. Ho skjønte jo ikkje at det måtte vere hos ein frisør. Ein ordentleg flink og dyr ein. Sånn at ho kunne skryte av kor flink han hadde vore til venninnene etterpå. Dei skulle snart kome. Ho hadde sagt ho skulle dra i førevegen, og sjå etter at alt var klart. Sjølv om siste skuledag hadde vore for berre få dagar sidan, hadde det ikkje vore spesielt varmt. Asfalten ho sto på hadde enno våte flekkar etter regnvêret tidligare på dagen. Det var også derfor ho stod pakka inn i ein stor regnfrakk ho hadde funne i ein brukthandel. Vintage hadde ho kalla den. Og sidan den så rimeleg bra ut hadde venninnene trudd den var kjøpt i ei eksklusiv sjappe i London. Og kvifor seie i mot dei?

 

Så kom dei nedover brygga mot henne. Kledd i høge hælar og jakker frå Chanel, Burberry Porsum og Prada. Ho kikka ned på skorne sine. Dei så ikkje så ille ut dei heller. Sjølv om dei ikkje var frå ein veletablert designerbutikk i New York.

 

”Hei!” ropte dei smilande, og sprang i mot ho. Ho fikk ein klem frå kvar av dei. ”Eg gleder meg .” sa ho som hadde vore i Milano. ”Ja, eg og!” sa dei andre i kor. Dei prata og smila, og viste fram bikiniane sine frå veskene, og diskuterte om vêret kom til å bli betre. ”Ja, kjærasten til systera mi er sjefsmeterolog i Bergen. Han sa noko om trykk og sånt, som betydde at det kjem til å bli sol i ettermiddag.” sa Milano. ”Men om han er i Bergen, korleis kan han vite at det blir sol her?” spurde dei andre. Milano blei stille, før hu spurde. ”Kvar er båten?” Dei andre stira på ho, ho som hadde lova dei ei luksushelg om bord på den nye yachten hennar. ”Ehmm.” ”Ja.” ”Ehmm,” sa ho igjen. ”Ikkje si at det har skjedd noko!” sa dei bekymra. Dei ville jo ikkje få heile weekenden øydelagt. ”Jo, det var nokon her i natt,” byrja ho. ”Ikkje si at dei har stole båten!” Endeleg ein utveg. ”Jo! Dei tok han fordi han var så ny, ” Så stoppa ho. ”Det er ingen båt.” sa ho stille. Jentene så på ho. Fyrst sjokkerande, ordentlig sjokkerande. Dei gapa imot ho, klar til å ete ho opp. Så satt dei hovudet litt på skakke, og lukka munnen. ”Du tullar!” lo dei kor.”Nei.”

 

Så blei det heilt stille. Havet spruta saltvatn opp mot dei, med god hjelp av vinden som dreiv på med velting av søppelkasser bakanfor forsamlinga. Milano var den fyste til å snakke. ”Kvifor?” Det var ei stort ord. Ho smatta litt på det. Kvifor. For eit merkeleg ord. Auga deira fokuserte på ho. Kvifor. Ho opna munnen eit halv sekund, før ho lukka den igjen. Lukka den, og så opna den igjen. Mållaus. ”Hallo?” Milano snakka igjen. Med eit gjennomtrengande blikk bora ho seg inn i auga hennar. ”Dtringbåt” mumla ho. Hovudet var bøygd godt ned mot bakken. ”Hæ?” No var det ikkje berre Milano som prata. ”Det er ingen båt” ”Ja, vi har skjønt det. Kvifor?”

 

Dei stampa føtene mot bakken, vrinska. Klar til galopp. Ho pusta godt inn. Fylte lungene med klar sjøluft. Så klar som ho kunne få den. Dei var framleis nær byen. ”Vi skulle aldri kjøpe båt.” ho snakka fort. Så fort at dei nesten ikkje høyrde kva ho sa. Men dei gjorde det. ”Vi har ikkje pengar til båt. Vi har pengar til mat, og til klede. Men ikkje designerklede frå Paris, og ikkje hummar frå USA. Men vi klarar oss med det, og vi har det vi treng. Vi trenger ikkje meir. Og eg er lei av å late som, for eg skal ikkje trenge det, for de er vennane mine.” Milano gapa. Og ho med kåpe frå Luis Vuitton gapa. Og ho som hadde skor frå Prada. ”Har du lurt oss?” Dei gapa meir. Dei same tankane flaug mellom hovudet deira. ”Du er ikkje sann,” sa Milano. ”Åh,” sa Prada. ”At det er mogleg,” sa Luis Vuitton. Og så gjekk dei.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish