Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Er spenning lukke?Skriv ut Utskrift

Noen mennesker søker mer spenning i hverdagen enn andre. Dette er et kåseri om hva jeg mener om dette.

Karakter: 5 (10. klasse)

Nynorsk - KåseriForfatter: Anonym



Vi menneske er skapa nyfikne. Vi har reist rundt jorda, vi har vore på Antarktis, vi har vore på Arktis og vi har vore på toppen av Himalaya, jorda sitt tak. Kvifor utset vi oss for desse prøvelsane? På vegen mistar vi vennar, kompisar, kjærastar og familie. Likevel klatrar vi vidare, går vidare og fortsett vidare mot eit mål. Det er spennande, men er det verdt det?

 

Menneskja har to formar for lukke ifølgje Wikipedia: tilfredsheitslukke, og engasjementslukke. Tilfredsheitslukke oppnår du av å gjere ting som å ete og å sove, engasjementslykke er det noko anna med. Ei slik form for lukke får deg til å gløyme behova for mat og søvn, og du oppnår denne lukka når du utfordrar deg sjølv. Det er ei slik form for lukke du oppnår når du kryssar Grønland på ski, eller klatrar opp ein fjellvegg. Det er hardt, men du blir lukkeleg av det. Men ein treng ikkje utsetje seg for ei slik spenning for å oppnå denne lukkefølelsen. Den kjem når ein er i ferd med å oppnå det ein ynskjer seg. Du treng ikkje å ha klatra opp til toppen av Mount Everest, eller hoppa i fallskjerm frå eit fly.

 

For vi menneskjer er forskjellige. Somme av oss blei født spenningsavhengige, og søkar konstant etter noko å krydre dei grå kvardagane med. Det er dei av oss som alltid kom heim med skrubbsår på knea, blåveisar i andletet og låg sjuk om våren fordi årets fyste bad vart teken ein månad eller to for tidleg. Andre av oss vart ikkje født med eit like stort behov for å søkje etter spenning. Det var dei som heller leikte med dokker enn å ake ned dei brattaste bakkane, dei som var varsame med kleda og brukte støttehjula godt. Det er dei av oss som trivast i kvardagen, og som ikkje har noko behov for å utsetje seg for harde prøvelsar.

 

Så er det slik at dei spenningsnarkomanane har eit betre liv en dei som trivst best heime i sofakroken? Er dei lukkelegare? Vil dei, om dei kjem til himmelen, ha meir å fortelje om? Vil livet deira rett og slett liggje eit hakk over resten av den grå befolkninga? Det er ingen som kjem på fyrste sida i avisa for å ha kjøpt ein familiebil, sjølv om dei kanskje har spara i fleire år og ynskja seg den lengje. Det er fyrst når du ynskjer deg til toppen av jorda sitt høgaste fjell og oppnår det du kjem i avisa, men då gjerne etter å ha mista ein kompis eller tre på vegen. Kanskje framsida også viser eit par bildar av den blå nasen du må amputere, og den foten du har mista. Og kven er det som les desse reportasjane? Det er jo sofaelskarane som sit heime ein søndag morgon med kaffikoppen og venter på at avisbodet skal kome. Og medan dei gir 13-åringen som kjem på døra fem kroner ekstra i tips kryssar dei spenningsnarkomane Nord-Amerika på tvers medan dei frys og svoltar seg for å spare på provianten. Er dette eit betre liv?

 

Cecilie Skog er ei dame ein kan sjå opp til. Ho er 35 år og kryssa nyleg Antarktis utan hjelp i frå vindsegl eller andre formar for stønad, berre for å gjere det meir vanskeleg og tyngre. Også for å gjere noko nytt, då. På vegen haldt ho oppe ein blogg, slik at alle som sat heime og venta på at nokre middagsgjestar skulle dukke opp ved døra, eller sat åleine ein fredagskveld og såg på ”Norske talenter” kunne følgje med på alt ho utsette seg sjølv for, for spenningas og lukkas skuld. Cecilie Skog har vore gift med ein mann som var like eventyrlysten som ho. Mange kvinner har vore gift med menn, og den andre vegen rundt. Cecilie Skog mista mannen sin på K2, ein av verdas ”seven summits”. Det er det ikkje mange andre kvinner som har gjort. Det har likevel ikkje stoppa tidlegare fru Skog, for ho fortsett med å utforske verda. Dei kvardasgråe kvinnene som har mista mennene sine har vel ikkje stoppa opp dei heller, men ingen av dei kryssa Antarktis med rå muskelkraft saman med Ryan Waters.

 

Men er spenningssøkande Cecilie Skog lukkeleg? Ho må då føle ei viss glede over å vere ei så suksessfull kvinne. Er vanlege kvinner lukkelege, dei kvinnene som ikkje når Sydpolen, Nordpolen og Mount Everest? Kan ein bli lukkeleg utan nokon gong å ha utsett seg for ekstrem kulde, harde matrasjonar og store fysiske påkjenningar? Det blir det same som å spørje om du kan bli lukkeleg av å køyre ein Toyota til jobben, kjøpe deg eit hus med utsikt og ete ein god middag kvar dag? Mettingskjensle gir lukke, men å kome i mål overvinner svolten.

 

Eg trur ikkje ein treng å utsette seg for så alt for mykje spenning, skal ein bli lukkeleg. Somme personar er ikkje skapt for sånt. Nokre trivst best med føtene godt planta på jorda, ikkje dinglande frå ei snor festa til ein fallskjerm. Ein tur til Tusenfryd med familien kan vere nok spenning for ei stund, sjølv om ein berre tar i bruk dei små attraksjonane og kjøper slush i store plastbehaldarar. Kanskje det er nok å berre sjå på alle som utsett seg for gigantiske sommarfuglar i magen i berg-og-dalbanen ”Thundercoaster”? Og kanskje det held å berre lese bloggen til Cecilie Skogheim i ny og ned?

 

Kjelder:

http://no.wikipedia.org/wiki/Lykke, lasta ned 29.03.11

Forberedingshefte for tentamen i norsk hovud- og sidemål, våren 2011




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish