Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Du kunne ikkje sjå det på utsida, men på innsida var han livreddSkriv ut Utskrift
Barnesoldater utfører groteske drap, men lever også selv i livsfare.
Nynorsk - FortellingForfatter:



Ho kunne ikkje sjå noko. Alt var mørkt og forvirrande. Det lukta brend jord. Ho klarna blikket, og der såg ho noko. Det var den lille guten hennar, han stod der standhaftig og sterk. Han var berre 5 år, men likevel hadde han opplevd så mykje vondt. Ho kunne ønskje ho kunne ta alt bort, hatet og lengselen etter eit betre liv. Guten hennar stod der like standhaftig og sterk, sjølv om det låg lik overalt. Han stod der stolt med geværet som hadde tatt vekk så mange liv, venta på fleire som skulle bli treft av den nådelause drapsmaskinen.

 

Ho prøvde å reise seg opp på skjelvande bein, men falt ned på bakken igjen. Guten såg ho inn i augene, auger fylt med hat som hadde blitt bygga opp i han i alle desse åra. Hat som ikkje var hans, men sjefane hans sitt. Han retta geværet mot ho og sa, «hels Gud ifrå meg» med eit hånflir. Skotet skar gjennom stilla som hadde lagt seg over dei, og traff ho i panna.

 

Han lo av alle som låg rundt han, alle som hadde blitt ofre for bomba og geværet hans. Alt var heilt stille, ikkje ein einaste lyd var å høyre. Berre pustinga til ein enkelt person, som hadde tatt vekk alle dei andre sin pust. Han stod der like standhaftig og sterk, med eit stramt andlet. Du kunne ikkje sjå det på utsida, men på innsida var han livredd.

 

Han gjekk tilbake til heimen sin. Heile kroppen var sliten, tørst og svolten. Når han kom til det lille rommet han hadde fått, fekk han utlevert mat. Det var kald, hard ris med inntørka bønner og ein kopp med skite vatn. Dei hadde ikkje råd til vasspumpa som skil skiten frå vatnet. Sånn luksus var det berre ''de øverste'' som fekk, sjefane hans.

 

Han åt opp risen og bønnene i eit jafs, så svolten var han. Så var det berre til å leggje seg ned på sandgolvet og prøve å sove. Han var ikkje den einaste som hadde hatt enda ein tøff dag. Rundt i heile bygningen låg det smågutar og sov, drømmande om å bli fri. Drømmande om eit betre liv og kjærleik. Drømmande om ei verd der folk ikkje blir drepen med og utan grunn. Ei verd utan folk som svelt. Blod. Tårer. Hat. Slike ting var det der han budde. Han hadde ei permanent redsel for å bli drepen, slått eller misbrukt. Ein slik plass utan desse tinga er jo nesten paradis. Men eit slikt paradis var det ikkje der dei budde.

 

Dagen hans byrja med eit pisk på ryggen og eit spark i brystet. Han reiste seg automatisk opp, gjekk ut i den smale gangen med rett rygg og blikket rett fram. Der stod allereie mange gutar på rekkje og rad langt bortover. Dei var i alderen 3-4 år opptil 14-15 år. Alle me det same stive blikket rett fram, og redselen for kva denne dagen skulle bringe fram. Sjefane gjekk rundt i gangane, sørgde for at alle var stått opp, og leverte ut gevær og bomber.

 

Når han stoppa med den lille guten, såg han på han og smilte, «Du gjorde ein god jobb i går, utmerka arbeid. Fortsett slik!» Han såg på sjefen sin og nikka, me det same strame andletet. Ein ny dag hadde kome for han, ein ny dag med blod og elendigheit. Men denne dagen skulle bli annleis, sjølv om håpet hans for at det var noko betre for han der ute hadde bleikna for lenge sidan, så betydde det ikkje at sjansen ikkje var der. Den nærma seg meir enn han trudde.

 

Oppdraget denne dagen var som alle andre dagar, drep så mange som du kan. Mottoet deira var; DREP, LAG REDSEL! HER ER DET BLODJEGARANE SOM BESTEM! Dei måtte drepe folk bare fordi sjefane deira skulle bestemme over alle, dei trudde dei kunne ta over verda på denne måten. Og viss soldatane, dei som drap, ikkje følgde ordren som dei fekk blei dei anten piska eller slått i hel. Det var beinhard disiplin.

 

Når han og nokre titalsgutar kom til den landsbyen der dei skulle bombe og skyte folk, stoppa den lille guten opp. Dei hadde ikkje forventa motangrep, men midt imot dei stod det nokre andre gutar med dei same strame andleta og gevær og bomber. Han kjende eit trykk mot magen, og falt ned på bakken.

 

Han kunne ikkje sjå noko. Alt var mørkt og forvirrande. Det lukta brend jord. Han klarna blikket, og der såg han noko. Det var skarpt og lyst, han kjende seg lett og glad. Som om noko tungt hadde blitt lyfta frå skuldrene hans. Han følte ikkje hat, kulde eller elendigheit. Han følte seg fri, glad og håpefull. Lufta var varm, god og lett. Han såg ned på ei jord. Hatet var borte. Redsla var borte. Menneske i alle slags former og ulikskap hang saman i ein ring og smilte. Dette var paradis. Og han var endeleg fri.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish