Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Då demninga brastSkriv ut Utskrift

Sabotasjeaksjoner som får store konsekvenser i samfunnet. En stil jeg fikk 6 på i 10. klasse. Meget stolt av den, den er noe av det beste jeg har skrevet.

Nynorsk - NovelleForfatter: Anonym



23. april 1978

Det er tidleg på kvelden ein fredag utpå våren. Sola skin som om ho skulle ha betalt for det, og snøen i fjella smeltar i nitti. Elva fossar grøn og kvit ned gjennom dalføret heilt til ho renn ut i bassenget ovanfor den store demninga like ved Skaret. Herfrå går elva i tunnel ned til kraftstasjonen, der dei brukar vatnet til å lage elektrisk straum , slik at alle som vil, kan sjå naturprogram på fjernsyn. Og det er akkurat her, på bergknausen ved sida av demninga, at Sondre står saman med Reka og Nicholas og dei andre. Det har kome nokre vaksne karar for å sjå på, og det alle lurar på, er om vatnet verkeleg vil stige heilt opp til det raude merket. For om det gjer det, kan Noreg endeleg bli eit av dei store landa. Dette er bare starten, seier dei med peiling. Phillips fann akkurat eit stort oljefelt i Nordsjøen, og mange spår at det er olje verdt fleire billionar kroner på norsk sokkel.

 

Vatnet stig og stig, og da det nærmar seg den raude linja, stimlar menneskemassen seg nærare demninga. Jubelen står i taket, om det hadde vore noko tak. Folk spretter champagneflaskene, dei dansar og hoiar. Alle bortsett frå Sondre. Han føler at noko er gale, han kjennar det på gikta han aldri hadde hatt og mest sannsynleg ikkje ville få på mange, mange år. Han hadde vore ute å smugrøyka med Reka den førre natta. Sondre hadde nemleg sett nokre personar montere noko på innsida av demninga, men han hadde ikkje tenkt noko meir over det før i dag, når han tittar gjennom kameraet sitt, han hadde visst tatt eit bilete. Han kunne kjenne våte perler som trillar nedover kinnet sitt medan han ser for seg demninga som brast og det kalde, grøne vatnet som banar seg veg nedover, før det slukte heile byen han var blitt så glad i etter dei tre årene han hadde budd der.

 

Unge som gamle blir slukt av det frådande vatnet, medan dei desperat skrik etter hjelp. Sondre får ei kjensle av panikk, men han kan ikkje sjå at noko var gale. Han feirar saman med dei andre, og han fyrar for fyrste gong i sitt liv ein sigarett i full offentlegheit. Juridisk sett har han ikkje løyve til det, men han drit i det. Heilt sidan faren tok sitt eige liv, hadde han eigentleg driti i alt. Reka spør om han kan få bomme ein av sigarettane, Sondre har ikkje noko problem med det. Sola skuggar over, ho har visst fått lønnsnedsetting og ville ikkje skine like kraftig lenger. Med eit smell er idyllen over. Så blir alt svart.

 

29. mai 1978

Energiminister Håvard Lyngstad sveitta. Blitslampene gnistra, og fekk temperaturen til å stige mange grader, i kvartfall i hovudet til høgrepolitikaren som sat føre eit hav av pressefolk. Dei siste dagane hadde oljeplattformer, demningar, kolkraftverk og alt som forsynte Noreg med energi blitt sabotert. Ved sidan av sat dei næraste medarbeidarane hans samt statsministeren. Det var ein ung journalist der som energiministeren ikkje hadde sett før som først fekk ordet. ”Kven står bak dette?” sa han. ”Vi har fått nokre brev frå ein miljøorganisasjon som kallar seg Free The Earth , men vi kan ikkje seie noko sikkert enno,” svarte Håvard Lyngstad avvisande. Ei anna journalist, frå Morgenbladet spurte vidare: ”Eg har ikkje høyrt om denne gruppa, korleis kan dei stå bak noko så omfattande?" Energiministeren fortsette på den same avvisande måten: ”Vi kan ikkje bekrefte eller avvise noko enno.”

 

Det var ein lang pressekonferanse, og alle i regjeringa grua seg til ho. Den gjekk likevel ganske greitt, ingen av journalistane hadde fått ferten i den ubehagelege observasjonen norske etterretningsoffiserar hadde gjort.

 

Håvard Lyngstad sov ikkje mykje den natta, i staden låg han og strauk kona, Marianne i håret. Eiter nokre timar bestemde han seg for å ta seg nokre glas. Det var ein stygg uvane han hadde, men det gjorde han søvnig. Pressen hadde fått ferten i dette og omtalde han som ein alkoholikar, men han kunne ikkje seie seg einig. No, som han ofte gjorde, sat han i den mjuke lenestolen, drakk whisky og funderte. Det var eigentleg den einaste tida han hadde tid til slikt. Resten av dagane gjekk til brevveksling og møter. No funderte han, med glaset i handa, om han verkeleg var ein alkoholikar. Han fant ikkje noko svar, drikkinga hans gjekk ikkje utover økonomien, han var tross alt energiminister.

 

I underetasjen kunne han høyre at faksen jobba. Kven sender over eit dokument klokka 2 på natta? Han skjønte at dette var viktig og hoppa ut av stolen og løp ned trappa uten å tenkje på hans kjære som sov. Trappa knirka og dei hadde tenkt om å fikse ho, men det hadde blitt med tanken. I eit hjørne i det rotete rommet stod den gamle faksen og skreiv ut eit dokument. Håvard måtte traske over alskens skrot før han endeleg kom fram til maskina. Nummeret på skjermen viste at det at det var frå POT. Det gjekk tregt, men da dokumentet endeleg var ferdig, nappa han det til seg. Det var eit kort brev, på bare nokre linjer, men det var på russisk, så han kunne ikkje tyde det. Han fekk vente til seinare, og få ei russiskkyndig til å sjå på det.

 

Neste morgon sat han der, med whisky i heile fanget og skvatt da Marianne vekka han. Han kjente den varme handa hennes snike seg ned langs nakken hans, og han kunne merke at han fekk gåsehud, det var så behageleg. Han kikka på armen og så at klokka var mykje, altfor mykje. ”Eg må kome meg på jobb, hjelp meg,” sa han, og merka at han vakla da han endeleg hadde kome seg opp i ståande stilling. ”Du er full, Håvard, du kan ikkje dra på jobben i dag,” sa ho bestemt. ”Jo, dette er kanskje den viktigaste dagen i Noregs historie, edru eller ikkje, eg må på jobb,” sa han og smilte for seg sjølv, som om han akkurat hadde spilt ei god pokerhand.

 

Då Sondre vakna opp, var han fullstendig desorientert, men han skjønte etter ei lita stund at han var på eit sjukehus. Oksygentilførselen han hadde i nesa klødde og han drog han ut, i likskap med alle dei andre leidningane og apparata. Han var på vei opp av senga, då ein sjukepleiar kom inn og sa at han måtte leggje seg roleg ned i senga. Det var då han merka at han var svimmel, akkurat som i bakrus. Etter ei lita vurdering av moglegheitene sine, la han seg roleg ned. Det kom ein person som kunne vere ein lege, og han presenterte seg, men Sondre fulgte ikkje med, han fokuserte heller på ein person med dress i døra. Han klarte ikkje å se kven han var, men han hadde sett han før. Etter at legen kobla til oksygenapparatet i nasen, følte han seg betre og kjende samtidig igjen mannen i døra, det var energiminister Håvard Lyngstad. "Hei, eg er energiminister Håvard Lyngstad," sa han, og strakte fram handa. Sondre strakte ut si, men endte med å dra ut nokre leidningar. Det fekk bli ei verbal helsing. "Vi veit at du var ute natta før den fyrste demninga brast, kva så du?" sa han interessert. "Eg så nokre menn som monterte noko på innsida av demninga," sa han med hes stemme. Han merka at det var tungt å snakke og at munnen kjentes som ein ørken, han trengte ein sigarett. "Dei snakka russisk eller noko," fortsatte Sondre. Håvard Lyngstad sa noko som kunne minne om eit ok, og snudde seg og gjekk mot døra. "Kan eg bomme ein sigarett?" spurte Sondre idet Håvard var på veg ut. Håvard fiska opp heile pakka frå innerlomma, og kasta den til pasienten. Aninga til energiministeren vart bekrefta av ei 15-åring. Sovjet stod bak all denne driten.

 

Da han sat i bilen, angra han på at han hadde gitt bort heile røykpakka, var det noko han trengte så var det nikotin eller ein slurk frå lommelerka han hadde på innerlomma, men ho var tom. Han banna lavt for seg sjølv. Då han rusla over vegen til statsministeren sitt kontor, plaska regnet ned, og han merka hårgeleen renne roleg i små perler ned i augene hans. "Jøss, har du tatt deg eit bad?" sa statsminister Roar Børter da energiminsteren kom inn døra, med latter i stemmen og uten aning om kva han skulle høyre dei neste minuttane. "Kan vi gå inn på kontoret ditt?" svarte Håvard utan tyding av latter. Han bestemde seg for å vere kort og droppe formalitetane. Kontoret var smakfullt utsmykka, med persiske tepper og ei lysekrone i taket, samtidig som dei raude veggane gav rommet eit heimekoseleg preg. "Vi har nokre klare prov om kven som står bak sabotasjane," sa energiministeren og trakk pusten dypt og lukka augene før han fortsette: "Sovjet."

 

Roar Børter var ein kortvekst og rund mann og hadde vanligvis eit sjarmerande preg. I dag var det annleis. Han såg plutseleg tjue år eldre ut og hadde mista all sjarm. Han ringte rundt til dei næraste kollegaene og samla dei til eit hastemøte på kontoret sitt, kva det handla om kunne han ikkje si over telefonen. "Hei alle saman. Eg har nettopp fått ei urovekkande melding frå Lyngstad," sa han og titta bort på energiministeren sin. Med eitt såg dei alle meir interesserte ut. "Med tanke på sabotasjeaksjonane dei siste dagane, har vi fått nokre handfaste prov på at det var Sovjet som stod bak," sa han og såg på alle dei overraska politikarene. Ei nervøs mumling oppstod i den lille forsamlinga beståande av åtte menn. "Vi har blant anna eit vitneutsegn. Det store spørsmålet er om vi skal informere omverda. Vi har to val: Anten kan vi informere omverda og risikere omfattande sanksjonar og i verste fall krig, eller så kan vi fortsette å legge skulda på Free The Earth. Kva meiner de?" spurte han og sette i gang ein høglytt diskusjon. Etter fem minutt med roping og krangling roa han forsamlinga ned. "Vi tar eit nytt møte i morgon, då røyster vi over det. Husk at dette kan få fatale konsekvensar uansett kva vi bestemmer oss for."

 

Roar Børter sat på kontoret sitt heile natta og funderte på kva som ville bil konsekvensane i yttarste fall. Han frykta atomkrig, om forsamlinga bestemte seg for å informere omverda. USA og NATO ville som Noregs allierte se på dette som eit angrep på seg sjølv og mogleis erklære krig mot Sovjet. Om forsamlinga bestemde at dette skulle haldast hemmeleg for all framtid, vil dei folkevalde gå utanom sitt eiga folk. Statsministeren trudde at det ville komme ut uansett, at nokre journalistar ville grave slik som i Watergate-skandalen. Håvard Lyngstad var ikkje lenger i tvil om kva han skulle røyste i morgon, han kunne ikkje gå utanom dei som sørga for at han der han var. I eit vakent augeblikk kom han plutseleg til å tenkje på dokumentet han hadde fått på faks, og han skjekka posthylla si i den opplyste resepsjonen. Det lå eit brev frå POT der og han skjønte med ein gong at dette var det moglege gjennombrotet.

 

Da klokka var kvart over åtte, kom sekretæren hans inn døra, Det var ikkje eit vanleg møte, det var eit av de få som skulle forandre verdsbildet for alltid. Mennene som kom inn på møterommet så trøyte ut, det var tydeleg at dei hadde hatt ei tung natt. "Velkommen til dette møtet," sa statsministeren før han fortsette: "Lyngstad sa til meg at han hadde noko å seie før vi setter i gang med avstemminga. "Eg har ikkje så mye å seie, men eg vil at de skal se dette før vi sett i gang," sa energiministeren mens han delte ut brevet han håpa kunne overbevise forsamlinga. Alle blei forferda då dei laste:

 

"Den norske energiforsyninga er ein enorm trussel for vår tidligare dominans på markedet. Vi må for ein kvar pris forhindre at vestmaktene får den strømforsyninga. Som Sovjets statsminister gjer eg dykk fullmakt til å gjere kva som er nødvendig for å forhindre dette. Helsing, Vladimir Konszniakov." Fem minuttar seinare var dei einige, dei måtte informere vestmaktene om dette.

 

Ein gong på sommaren, 1978:

Sondre kunne kjenne den svale brisen i det lange håret. Han har traska rundt i dei øydelagte gatene i Oslo sentrum i dagevis, på leiting etter overlevande. Han har så vidt sett nokre personar i det heile tatt etter "Det store smellet" som han kallar det. Rundt han er det bare bygningsrestar med forbrente lik stikkande ut, og stanken er nærmast uuthaldeleg. Han veit ikkje kva som gjorde at akkurat han overlevde, men han er kvartfall ein av dei heldige. Nokre av dei få han hadde møtt, var som oftast i like ille stand som han sjølv, med brennmerker over heile kroppen og eit ansiktsuttrykk som utstrålte ei blanding av forvirring og frykt. Det store spørsmålet som svirrar rundt i hovudet hans er om det han så den natta for lenge sida hadde noko med dette å gjere.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish