Du er nydeleg
du har så fine auger
du har så vakker munn
du har så mjuke kinn.
Kvifor
kan eg ikkje halde handa di
når nokon ser oss?
Kvifor
kan eg ikkje stryke kinnet ditt
når nokon ser oss?
Kvifor
kan eg ikkje kysse munnen din
når nokon ser oss?
Når me elskar ønskar eg
at me var dei einaste menneska i verda.
Då ville det me gjer i lag
vere vakkert utan maske.
Og du ville ikkje vere redd
for å halde handa mi
for å stryke kinnet mitt
for å kysse munnen min.
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekstRegler / Personvern | Kontakt oss
© 2004-2024 Daria.no - Mathisen IT Consult AS