Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Ja, du kan godt lese ogsåSkriv ut Utskrift
Kåseri om lesing, kloring, utdanning, kunnskap om mykje meir.
Nynorsk - KåseriForfatter:


Det er mykje ein kan få til. Alt ein har hugnad i, kan ein oppnå og alt ein vil oppnå har ein hugnad i. Slit du med noko du vil oppnå? Då må du for all del ikkje slutte og lese.

 

Å lese kan også vere eit stort seg vidare på din gudsforlatne veg. Lesing gjer deg nemlig smart og kunnskapsrik. "Kunnskap er makt" var det nokon som sa ein gong, kven som sa det bryr vi ikkje oss om no. "Har du kunnskap, kan du få til stort sett det du vil" var det nokon som sa ein gong, kven som sa det var meg. For med kunnskap veit du mykje. Veit du mykje, kan du gjere mykje, og då har du mykje å velje mellom. Du kan for eksempel verte statsminister. Men er du ikkje glad i formelle talar og politikk, kan du skrive dikt, bøker og romanar og til og med kåseri.

 

Er du til og med ein av dei som ikkje likar roping, masing, kloring og tramping frå foreldra dykkar; kan du alltid ta ei utdanning fort, tene pengar, kjøpe bil og kjøre av garde. Kva utdanning vil du då ta? Jo, då vil du naturligvis ta utdanning som ingeniør eller heismontør. Desse tenar altså veldig mykje pengar. Og om du ikkje visste det, er pengar veldig viktig i dag. Utan pengar hadde vi ikkje hatt bil, og du kunne ikkje utdanna deg som ingeniør eller heismontør.

 

Har det seg uheldigvis slik at du ikkje har kunnskap, då har du ikkje så mykje val. For utan kunnskap, kan du ikkje få til det du vil. Får du ikkje til det du vil, har du lite å velje mellom. Du kan bli heime og høyre på ropinga til forledene dine, legge vekk drømmen om ei god utdanning og bil, og få deg jobb på Rimi resten av ditt liv. Er du jente eller dame i denne situasjonen er sjansane større. Ser du fin ut, kan du gifte deg med ein mann som er både kunnskapsrik og rik. Denne mannen er då altså ein ingeniør eller heismontør.

 

Vil du ikkje skaffe deg kunnskap og utdanning er der også nokre alternativ. Du kan starte ei butikkjede som heiter "Lavpris"- utan å ha nokon lav pris - leige inn folk som gjer rekneskapen og alt anna som måtte til for deg og sitte godt tilbakelent i stolen medan pengane hamrar inn. Du kan også vere singel, hard på flaska og feste anna kvar dag, sidan fjeset ditt er på nyheiter ein gong i blant.

 

Er det vanskelig å få til det du vil? Då har du stort sett berre to ting å gjere; les eller lat andre lese for deg.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish