Ein køddar ikkje med lærarar

Kåseri laget i 10. klasse. Noen nynorsk feil kan forekomme.
Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2012.11.13
Tema
Lærere

Å vere lærar er ikkje noko å kødde med. Det er berre dei som har ballar av stål, som tek lærarutdanninga. For dersom du ikkje har så harde og blanke ballar som det, er du ille ute. Du tenkjer sikkert at det ikkje kan vere sant, siden ein lærar har det så fantastisk som ein kan tenkje seg, men der tek du feil, og eg skal forklare deg kvifor.

 

Tenk deg at du står opp grytidleg om morgonen, ja faktisk så tidleg at dei første fuglane i hagen din blir forskrekka av å sjå deg, berre fordi du gløymde å rette dei siste prøvane til dei ufattelege slappe ungdomskoleelevane Du går ut i den gamle og stygge morgonkåpa di, hentar deg ein kopp kaffi, og set deg ned. Der sit du og gir berre karaktereren 4 heilt til du kjem deg i dusjen, kor du får stått i heile 2 minuttar. Idyllisk. Veit du forresten kvifor alle lærarar ser så strenge ut? Ja, det er fordi dei stressar så mye at dei aldri rekk å skifte ansiktsutrykk etter dei har hørt vekkjarklokka ringe langt inn i øyregongene deira. Derfor går dei alltid rundt og ser sinte ut. Ein skulle tru det var derfor alle lærarane har rynker.

 

Lærarane går rart. Ein kan sjå på lang avstand at det er ein lærar som kjem imot deg. Veit du eigentleg korleis dei går? Dei går som om dei ville døy av å gå sakte. Dei hastar bortover som rotter på rømmen, einaste forskjellen er at dei i tillegg ber på fleire tonn bøker og notatar. Eg trur at lærarane har eit veddemål, den som går sakte, taper.

 

Du må ha ei utruleg bra tolmodigheit om du skal bli lærar. Dersom du er av den typen som skrik for ingenting, trur eg ikkje du hadde lykkes som lærar. Du kan jo tenkje deg sinnet du får om du skulle ha klikka mentalt på alle elevane sida ingen var gode nok. Eg trur kanskje ikkje rektoren hadde likt det.. eller nokon personar i det heile teke.. Som lærar vil ein allid prøve å hjelpe elevane sine, men eg trur ikkje noko på det, eg trur alt eigentlig berre handlar om status. Eg har nok sett dei der dei sit på lærarrommet sitt, og skryter og bablar om sine eigne elevar og kor flinke dei er. Det er også dei lærarane som sit for seg sjølv og snakkar om kva dei har på nistematen, da kan ein jo tenkje seg korleis elevane deira er.

 

Som eg alltid har visst, finnast det fleire typar lærarar. Ein har dei vanlege lærarane, dei er som regel dei leiaste og tristaste lærarane. Dei går rundt og hatar jobben sin, og elevane, dei gir aldri betre enn 4. Ein har dei litt uvanlege lærarane, det er dei som er noko heilt for seg sjølve. Dei er spesielle med andre ord. Dei kan ha alt frå unormale lærermåtar, til humørsvingningar. Frå eiga erfaring veit eg om ein lærar som har forferdelege humørsvingningar, eine timen er ho blid og glad, og i den neste er ho djevelen sjølv. Hu er ikkje lett å forstå seg på. Til slutt har ein de heilt ille og hjartelause lærarane. Dei er rett og slett djevlar heile gjengen. Dei går rundt i gangene med eit blikk så vondt, at det borer seg inn i hjernen og ein kjenner smertene vekse. Dei hatar alt og alle, til og med seg sjølv. Når dei har klassetimar, går dei rundt i klasserommet og piskar alle som ikkje jobbar. Hmm.. Det hørast ut som klassestyraren min.
Det er veldig rart kor knyta du blir til lærarane dine. Du må jo møte dei kvar einaste dag i veka, nærmare sagt 24/7! Du har jo også både kranglar, gleder og grufulle hendingar med lærarane dine, akkurat som med dine eigne foreldre. Eit helvete med andre ord.

 

Så som du kanskje har forstått, må ein ha ballar av stål for å vere lærar. Etter alt ein opplever og utifrå gjeremål som ein lærar har, har eg respekt for dei. Du kan jo berre tenkje kor mye dei må gjennom. Eg veit eg aldri hadde takla det, i alle fall.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst