Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
En født forbryters dagbokSkriv ut Utskrift
Analyse av novella 'En født forbrytars dagbok' av Johan Borgen
Nynorsk - Analyse/tolkningForfatter: Anonym




Historia utlaupar ein stad på landet, mogleg i Danmark og truleg før vatnklosetta kom og handlar primært om ein liten gut sine tankar om kvardagen. Vi fylgjer guten frå han sit i vogna og trur han er større enn systra si, og til han kan gange og plutseleg er mindre enn ho. Han bur i eit hus saman med systra, foreldra deire og ein gamal bestefar som bur på loftet. Guten trur bestefaren er ein stokk- og dette er eit resultat av korleis faren til guten kjeftar opp når bestefaren dunkar med stokken på loftet hvis han treng noke. Faren klagar over at no dunkar bestefar igjen. Dette er eit eksempel på korleis guten heile tia misoppfattar verda kring seg.

Novella er skreve i 1 persons synsvinkel gjennom heile vegen og gjer at vi ser verda gjennom gutens auge, og fleire gonger må lesaren tenke sjølv over kva forfattaren meiner eller sette seg inn i eit barnesinn. Dette gjer historia spennande og annleis . Teksten er bygd opp på ei veldig spesiell måte og det er inga reell samanheng i den . Forfattaren hoppar frå hending til hending og lar lesaren sjølv tenkje seg til kva det er guten no har mistydd.

Til dømes etter at han har besøkt bestefaren, som han kallar den gamle mannen på loftet (bestefaren er jo ei stokk!) : ”Eg skal få lillesyster med på loftet når eg er ordentlig blaut i buksa. Eg vil ha ris. No har dei sagt det mange gongar”. Slike små hopp finn vi gjenom heile historia,som man kan seie her innehaldar tilbakeblikk. Og så begynner då også fortellinga i same stil, ein slags ”in medias res”. Den startar overraskande med setninga ”Bestefar er ein stokk!”, og på det tidspunktet er det ikkje godt å vite kva forfattaren meiner med det.


Vi får ikkje vite mykje om omgivelsane eller personane rundt guten, kun hans små beskrivingar av farens banning og moras mjuke hals, bestefarens (stokkens) røde knottar og blanke kule. Altså er ikkje omgjevelsane viktige i teksten, den hjelper kun med på å gje oss lesarar eit blikk inn i gutens verdensoppfatting.

Vi får vite at foreldra er svært så oppgitte over sønens rampestrekar og dei går også så longt som å tilkalle ein barnepsykolog, som heller ikkje forstår seg på guten. Ho berre trur at guten har fått eit sjokk etter bestefaren døyr, noe guten ikkje forstår for bestefar står jo i kroken... Foreldra trugar stadig med ris når han til dømes har sete ild på utedoen, og i fleire andre situasjonar. Guten får ikkje ris og trur vel eigentleg at det er noke positivt så han fortsettar og gjere ting han ikkje får lov til.

Moralen i historia er ikkje lett å sjå, men hvis eg skal finne ein, trur eg det er at foreldre kanskje skal setje seg litt meir inn i kva barn tenkjer på og fylgje opp det man lovar (eller trugar) barna med. Eg har ei følelse av at foreldra ikkje tek seg tid til å høyre kva guten eigentleg tenkjer og meiner om ting kring seg, og unngår å inkludere ham i ”vaksenting” . At bestefaren døyr i historia virkar som heilt uviktig for guten (bestefar står jo i kroken enno...). Eg trur at sjølv om barn er små så skal man forklare seg etter beste evne kva som foregår og kva konsekvensane av at til dømes utedoen brenn ned er.

Veit ikkje om det er Johan Borgens meining men slik oppfattar eg fortellinga. Ellers finner eg historia både morosam og utfordrande, då man må tenkje mykje sjølv for å finne ei meining.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish