Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Brannen Skriv ut Utskrift
Kort novelle med overraskende slutt...
Nynorsk - NovelleForfatter: Anonym



Nils låste opp døra og såg inn. Det var varmt og godt der inne, han kunne kjenne varmen slå mot ansiktet. Ute rasa den verste snøstormen på fleire år. Trafikken stod, derfor hadde han ikkje kome heim før nå. Klokka var ni, og han var kjempetrøytt. Då han kom inn på kjøkkenet satt kona han Oda i sofaen og las ei bok.

”Hei kjære, det var godt du kom! Middagen står på bordet”, sa ho.

Nils svarte med eit grynt og gjekk bort til bordet. Han håpa at Oda hadde laga pizza eller noko anna godt. Det fortente han etter denne harde dagen! Tallerkenen stod på bordet med folie over. Han tok folien forsiktig av.

 

Fisk!

”Eg såg i eit kosthalds blad at du bør eta fisk minst to gonger i veka. Du må kanskje varme den litt.”

Nils var veldig skuffa. Han klarte bare ikkje å eta fisk. Ein gong var han i eit selskap der han blei servert fisk. Det enda med oppkast og rare blikk. Han gløymte aldri den kvelden. Nils fortalte aldri dette til Oda, han sa alltid at han hadde vondt i magen når dei skulle eta fisk. Men viss Oda hadde tenkt å laga fisk to gonger i veka kunne han ikkje koma med fleire unnskyldningar. Nils tok med maten bort til søppelet og kasta den. Oda var oppteken med boka og merka ingenting. Nå var han sint, svolten og sliten , men han ville ikkje leggja seg endå. Ein kollega hadde sagt at det var Manchester United mot Chelsea på tv i kveld. Det var ein storkamp, alle skulle sjå den. Nils laga seg ein kopp med kaffi og gjekk ut av kjøkkenet. Han visste ikkje kva som venta han.

 

Oda hadde lagt ifrå seg boka, og såg på tv. Nils sette seg ved sida av henne.

”Kva ser du på?” spurte han.

”Hysj! Eg ser sesongfinalen av ”Frustrerte Fruer”. Dette må eg berre få med meg.”

Nils såg på klokka. Kampen begynte snart.

”Eg vil sjå fotballkamp. Alle på jobb skal sjå den!” sa Nils.

”Det var jo bare ei veke sidan sist du såg fotball. Du kan heller gå å skifte batteri på brannalarmen. Den er tom for straum.” Oda glodde på skjermen.

”Du er sjefen!” snøfta Nils, reiste seg og trampa bort til skuffa med batteri. Den var tom, og butikkane opna ikkje før neste morgon.

”Det er tomt for batteri, Oda!” ropa han.

”Gå til naboen og spør om du kan låne hjå han!” ropa ho tilbake.

Naboen var ein hyggeleg ungkar med store, tjukke briller. Det gjorde at auga hans blei dobbelt så store. Nils tok på seg jakka og traska ut i snøen. For ein fæl dag!

 

Sander høyrte at det banka på døra. Han hadde akkurat sett seg ned med ein kopp kaffi for å sjå kampen. Utanfor stod Nils.

”Hei Nils. Kom inn, det er så kaldt ute,” sa han. Nils kom inn, og fekk sjå fjernsynet. Han såg at Sander såg på fotballkampen.

”Kona ser ”Frustrerte Fruer”. Gjer det noko om at eg ser kampen?” spurde Nils.

Resten av kvelden satt Nils og Sander og såg kamp medan dei drakk kaffi. Dei høyrde ikkje at Oda banka på døra.

 

Klokka var nesten elleve då kampen var ferdig. Nils var kjempetrøytt då han takka for seg og gjekk heim. Ute rasa snøstormen og snømengda auka. Det var då han kom på at han hadde gløymd å spørje om batteria. Nja, det var jo bare for ei natt. Då han kom heim stod kona i døra. Ho var svært sint.

”Kvar har du vore? Eg har vore så redd. Kvifor låg den flotte fisken min i matavfallet?”

”Eh, eg såg fotballkamp hjå Sander, og høyrte ikkje at du banka på”, sa han så fint han kunne.

”Du kan sova på sofaen i natt!” ropte Oda, og gjekk opp trappa til soverommet. Nils la seg ned på sofaen, og sovna nesten med det same. Han fekk snakke med Oda neste dag.

 

Nils vakna midt på natta. Han høyrde smerteskrik frå loftet. Han hoppa ut av sofaen og spurta mot trappa. Han blei møtt av ein vegg med kolsvart røyk. Det hadde begynt å brenne på loftet.

”Nils, hjelp meg! Eg brenn opp!”

”Eg kjem, Oda!”

Nils tok eit godt drag med luft og hoppa inn i røyken. Den svei i auga og han kjende røyken fylle halsen. Han begynte å svimla og gjekk ned trappa igjen. Utanfor kunne han høyre sirenane til brannbilane.

Oda slutta brått å skrike. Nils visste at det var få sekund igjen. Han spring opp trappa igjen. Han kan ikkje sjå nokon ting. Røyken fyller hals og lunger. Auga skrik av smerte. Han føler at han blir kvalt. Nils kjenner at han begynner å miste bevisstheita. Då tek to sterke hender rundt han.

 

Brannmannen løfta Nils ut av huset og inn i ein sjukebil. Han ville ropa og skrike, men fekk det ikkje til. Ambulansefolka tok ein kontroll av han på staden og konkluderte med at han var i fin form. Dei sa at han hadde vore heldig. Nokre få minutt til inne der og han kunne fått varige skadar.

Nils fekk litt vatn til å reinska halsen med.

”Er Oda død?” spurde Nils. Ein brannmann kom bort til han.

” Brannen er slukt, og den øvste etasjen er totalskadd. Folka våre har funne henne, men det var dessverre ingenting dei kunne gjera,” sa brannmannen alvorleg. Nils såg mot det kvite huset, det røyka fortsatt mykje og taket var nesten heilt borte. Ut av døra kom det ein brannmann som bar på ein bylt. Alle visste kva som var i bylten. Nils løfta hovudet opp mot den overskya, mørke himmelen og skreik.

 

Nils vakna opp på sofaen. Han og sofaen var dynka i sveitte. For ein fæl draum. Han hadde drøymt at det hadde begynt å brenne. Han var så letta. Heldigvis hadde han vakna av skriket sitt. Vent litt. Skriket hans? Det var nokon som skreik oppe på loftet.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish