Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
BlåveisSkriv ut Utskrift

Hvordan sporten jeg trener hjalp meg.

Karakter: 5+ (nynorsktentamen)

Nynorsk - NovelleForfatter: Anonym



Sveitten silar nedover panna. Gjennom håret, nedover det røde fjeset mitt. Gjennom augebryna, på augelokka og augevippane. Det svir da dråpa treff auge. Et augeblikk er eg uoppmerksam, da treff handa auge mitt.

 

For et år sidan, hadde eg ikkje turt noko av dette. Du kan på ein måte seie at eg har vekst som person. Eg har blitt mykje meir sjølvsikkar og eg går rundt med eit smil om munnen kvar dag, det er svært få dagar eg ikkje gjer det. På grunn av denne fritidsaktiviteten har livet mitt endra seg på svært kort tid.

 

I fjor var eg ein innelukka person, eg prøvde å «finne meg sjølv» som folk så fint seier. Venninnene mine gled eg bare meir og meir bort frå, utan at eg klarte å gjere noko med det. Eg har heller aldrig vore nokon tynn person og eg skamma meg når eg var saman med dei flotte venninnene mine. Eg skjønte ikkje korfor eg ikkje også kunne sjå pen ut som dei. Eg prøvde ut mange forskjellige typar klede og eg farga håret mitt konstant for å bli ein annen. Eg gikk frå brunt til rødt til oransje også vidare. Eg følte meg rett og slett ikkje vell i min eigen kropp. Det var ein svært tung periode i livet mitt.

 

Venninnene prøvde å involvere meg meir, men eg klarte ikkje å vere med dei. Eg var usikker på meg sjølv, sjenert og redd for å gjere noko dumt. Eg var som ein liten redd kameleon som bytta farge etter miljøet han kom til. I gymtimane på skolen, torde eg ikkje å vere med på forskjellige øvingar fordi eg innbilte meg at dei kom til å le av meg. Eg var i dårleg form, og eg klarte ikkje å vere med på øvingane fordi eg hadde vondt i ryggen og i knea.

 

Det ble ikkje bedre av å høre på jentene i garderoben, som snakket om seg sjølv og kor tykke og feite dei var når dei eigentlig så ut som pinnar. Det er meir kroppspress enn det man skulle tro på ei ungdomsskule, folk klaga på den minste feil ved seg sjølv og eg var lei av det. Kvifor kunne ikkje dei vere nøgde med seg sjølv, når dei allereie såg perfekte ut? Disse spørsmåla tenkte eg på kvar dag.

 

Ein dag var det ei veninne som ville ha meg med på en prøvetime i kickboxing, og eg ble villig med. Eg visste ikkje heilt kva det innebar, men eg ville sjå om dette var noko for meg. Eg hadde høyrt lite om det og var veldig spent.

 

Da vi skulle på vår fyrste prøvetime møtte vi spent opp i Nadderudhallen, med vann flaske og treningstøy. Rommet vi kom inn i var lite og firkanta, med speil på alle vegger. Det var røde og gule matter som golv, og de fire grå søylene i rommet var dekket med røde skumgummi puter. Det lukta sterkt sveitte og desinfiseringsmiddel.

 

Etter timen, var eg andpusten og sveitt men nøgd. Dette var noko for meg, det var en sport der eg trenet heile kroppen. Eg synes det var veldig gøy i tillegg. Eg begynte derfor saman med venninna mi. Eg tok ikkje treninga så seriøst som eg skulle ha gjort, men eg hadde det veldig gøy. Etter eit halvt år på nybegynnar, ville ikkje venninna mi meir, men det ville eg. Eg halt fram og eg tok treninga meir seriøst enn før. Eg fikk meg utstyr og gjekk vidaregåande kurs.

 

Folk på treninga var hyggelige mot meg og lo ikkje viss eg gjorde noko feil. Det var menneskar i alle aldrar og alle var ikkje super trenet. Eg ble meir open og ikkje så inneslutta. På dette halvåret gjekk eg ned 20 kilo, og alt ble plutselig mykje lettare og smidigare, eg kunne gjøre ting eg ikkje hadde klart før. Det kunne vere ting som kanskje høyres ut som bagatellar, men eg kunne for eksempel endelig ta beina helt inntil meg når eg satt i gangen og nokon skulle forbi. Eg blei ekstremt glad. Alle venninnene mine fikk eg tilbake og eg fikk lettare nye venner. Det var et lyspunkt i livet mitt. Tenk om alle kunne oppleve det same som meg, det ville gjort det lettare for mange jenter og gutar i heile ungdomstida.

 

Sveitten silar nedover panna. Gjennom håret, nedover det røde fjeset mitt. Gjennom augebryna, på augelokka og augevippane. Det svir da dråpen treffer auge. Et augeblikk er eg uoppmerksam, da treff handa auge mitt. Det smeller til, og eg hopper unna. Eg kjennar at huda rundt auget hovnar opp, har litt vanske med å sjå. Eg samlar alle resterende kreftar og slår tilbake. Ein skikkelig Blåveis.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish