Utan mat og drikke, duger helten ikkje

Kåseri/essay om kosthold og kropp.

Karakter: 5 (nynorskeksamen, VG3)

Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2013.01.15

«Bli slank med lavkarbo!», «Heidi gikk ned tre kledestørrelsar med 30 days!», «Slik forbereder du deg til bikinisesongen», «Vil du bli kvitt påskeflesket? Vi visar deg korleis!»… Det er mykje man kan gjere for å oppnå drøymekroppen, og kvar dag blir det norske folk minna på korleis ein kan gjere det. Eg høyrer stadig vekk historier om folk som har gått ned både ti og tjue kilo og om folk som aldri eter søtsaker, men heller har funne ei fantastisk oppskrift på «sunne muffins». Kvifor er det slik at enkelte bokstaveleg talt vier sitt liv til fysisk aktivitet og sunt kosthold, mens andre titt og ofte tar seg ein sjokoladebit, og ikkje kunne brydd seg mindre om den såkalla «kosemagen» dei har fått? Handlar dette om helsa vår? Er det slik at nokon er meir bevisst på å halde seg sunne og friske, mens andre ikkje bryr seg? Er folk redde for å leggje på seg og bli feite? Handlar dette om å ha god helse, eller handlar det rett og slett bare om og sjå bra ut, om å bli akseptert av andre?

 

Med den kunnskapen vi sit på i dag om mat og helse, veit vi at kosthold og aktivitetsnivå spelar ein stor rolle for helsa vår. Du skal drikke 1-2 liter vann kvar dag, du skal ete 5 frukt og grønsaker om dagen, du skal ete seks små måltid om dagen og søtsaker/snacks skal man helst halde seg langt unna. Vi har også nok kunnskap til å vite at dei mest populære slanke- og treningsmetodane i dag ikkje nødvendigvis er spesielt sunne. I ein reklame frå Bama brukar dei langrennsstjerna Petter Northug for å få frem at ekstreme diettar ikkje er løysninga på eit sunt liv. Dei bruker den berømte «lavkarbo-dietten» som eit eksempel på ein diett som ikkje er særlig sunn. Denne dietten går ut på at man ikkje skal ete karbohydrata i det heile tatt, men bare ete reint fett. Eg kunne ikkje begripe korleis eg kunne gå ned i vekt ved å drikke ein kopp smelta smør om dagen. Men dette har tydeligvis vore veldig effektfullt, sjølv om reklamar har audvart om at det ikkje er sunt. Bokhandlane var fulle av lavkarbo-kokebøk og dagligvarebutikkane var heilt frie for smør. Ballen begynte etter kvert å rulle, og debatten var i gang. Er denne dietten bra for helsa vår? Det blei publisert artiklar om stakkars menneske som hadde blitt lurt; alt dei satt igjen med etter denne dietten, var tette blodårar og skyhøgt kolesterol. Eg meiner vi er desperate, vi gjør alt for å sjå bra ut og for å bli akseptert av andre. Det er tydeleg at det ofte er viktigare og vere slank, enn å ha god helse og fornuftige matvanar.

 

Det er ofte slik at usunn mat er billigare enn sunn mat, og det er eg ikkje særleg glad for. Eg er hybelbuar og mange gonger har eg opplevd at eg knapt har hatt råd til ein kartong med mjølk til tolv kronar og femti øre. Sidan eg ikkje har så mykje pengar å rutte med, er det lettvindt og billig å slenge ein boks med nudlar i mikrobølgjeomnen etter skuletid. Eg skulle jo helst sett at eg kunne reist på butikken og handla all slags frukt og grønsaker, og kanskje til og med fisk eller kylling også. For eg veit at det er veldig sunt og mykje betre enn Mr. Lees nudlar. Men sjølv om eg er ein fattig hybelbuar, er det satt forventningar til meg også. Forventningar om at eg skal ete sunt og halde meg frisk. Eg har fleire klassekameratar som sender meg dømmande blikk når eg kjem inn i klasserommet med ein fire-pk med kveitebollar til ti kroner og ei sjokolademjølk i handa. Sjølv sit dei der med ei stor skål med herleg salat og ei flaske vitaminvatn. Dei sit og bablar om at dei var tidleg oppe i dag, slik at dei rakk ein springetur før skulen begynte. Eg er andpusten fordi eg vakna ti minutt før skuleklokka ringde. Det er klart at det er forskjell på folk, og ulike oppfatningar om kor viktig det er og halde seg sunn. Men så lenge eg er student, vil eg nok fortsette å gå for dei rimeligaste alternativa. Men kva blir då resultatet av det? Vil eg til slutt rotne opp innvendig? Det er ikkje så lett å seie.

 

Fysisk aktivitet er noko alle veit speler ein stor rolle for helsa vår. Vi veit at det er viktig å bevege seg regelmessig for å få eit friskt hjerte og ein sterk kropp. Det er også viktig å få i seg protein, fiber, vitaminar, mineralar og meir til for at vi i det heile tatt skal orke å løfte ræva opp frå sofaen. Det skal vere ein samanheng mellom kor mykje vi trenar og kva vi stappar i oss. Eg trur neppe det finns mange personar som rett etter ei treningsøkt sleng seg ned framfor fjernsynet med ein pose potetgull. Men på den andre sida, så er det vel heller ikkje så lurt at personar som ikkje trener skal gjere det. For dei får ikkje sprunge vekk potetgullet, det vil bare leggje seg rundt magen deira, og dei vil bli feite. Og det er det vel ingen som ønskjer å vere? Uansett om vi vil det eller ei, så veit eg at feite menneske ofte blir sett ned på. Vi skal ikkje vere feite, vi skal vere sunne og slanke. Eg har aldri sett ein bikinireklame kor ei feit kvinne er avbilda, og det trur eg ikkje eg kjem til å få sjå heller. Er det slik at ein blir utstøtt om man ikkje lev opp til samfunnets forventningar? Det ser nesten slik ut. Men til sjuande og sist trur eg det viktigaste er å vere tilfreds med den ein er. Og eg trur det er viktigast at ein føler seg frisk og opplagt. «Utan mat og drikke, duger helten ikkje.» er det noko som heiter. Det ligg mykje klokt i den setninga, og uansett korleis du vel å leve, så trur eg du kjem langt ved å tenke slik.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst