Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Ei maskeSkriv ut Utskrift

Et essay om hvordan det er å leve bak en maske.

Karakter: 5 (tentamen, 10. klasse)

Nynorsk - EssayForfatter:



Ein god stund har eg gøymt meg bak ei maske, og der er eg trygg. Eg lever eit liv i det skjulte. Eg gøyme meg bak ein solid mur. Her er ingenting farleg, her kan ingen røre meg. Dessverre stenge eg alle ute med den muren, eg er fanga i eit fengsel. Alle er eit lite egg, nokon veljar å bygge ein mur rundt seg. Alle har ein kjensle dei velje å vise framfor dei dei har, og min er sinne. Eg er sint, og eg blir lett irritert. Eg vel å ikkje vise at eg er sårbar, for da kan folk utnytte det. Eg likar ikkje å vise at eg er sårbar, so eg gøymer meg. Inni egget, bak muren og innafor masken.

 

Mange tek på seg ei maske, for å skjule seg sjølv. Dei lagar seg eit nytt ansikt, eit ansikt dei viser verda. Når du ikkje er sikker på deg sjølv, eller på at alle kjem til å godta deg slik du er tar mange på seg ei maske. Dei gøymer seg bak ein fasade dei sjølv eller andre har laga. For nokon er det fortida, for andre er det korleis dei er eller ser verda. Veldig få likar seg bak fasaden, men dei trur ikkje at dei blir godtatt om dei viser seg sjølv. Dei er trygge bak fasaden.

 

Ei maske er trygg, bak den kan ingen røre deg. Der vil ingen sjå kven du eigentleg er. Om du tar på deg ei maske kan er du den mest perfekte person du nokon sinne vil bli. Alle har tankar om andre, ikkje alle seier dei høgt. Og mange er redd disse tankane, eg er blant dei. Slik verda er i dag, skal alle være perfekte, men eigentleg er ingen det. Ingen er perfekte, vi bare latar som. Gode karakterar, bra jobb, ein fin heim, mykje pengar. Alle skal være plettfrie.

 

Kvifor er det slik? Kvifor kan ikkje folk være seg sjølv, utan å være redd for kva andre tenker og meiner om dei. Som ein klok mann eingong sa «Fordommer er de lenker som holder menneskeheten fra hverandre». Med dette meinte han at alle tankane vi har om kvarandre helde oss skilt, gjer at vi ikkje ynskjer å helde oss ilag med kvarandre. Eg har merka dette, og eg er sikker på at eg ikkje er den einaste.

 

Jo meir du har å skjule for omverda, jo høgare byggje du muren og jo meir solid er muren. Ikkje alle klarar å byggje muren solid eller høg, men likevel held muren. Om ikkje anna so helde den det verste borte frå deg. Mennesket har blitt samanlikna med ein blome. Når den har blitt knekt, vil den ikkje blomstre igjen. Om du ser godt etter, kan du sjå i augna til ein person at dei har blitt knekt. Det blir sagt at auga er sjelas vindauge, at når ein ser i auga på folk kan du sjå inn i sjela deira. Dei blir aldri dei same igjen etter at dei blir knekt. Eg er ikkje den same som eg eingong var, og eg kjem aldri til å bli den same. Ingen kan gå tilbake i tida og endre på dei vala som har vorte teken, vi må bare lære oss å leve med dei. I slike situasjonar har mange valt å ta på seg ei maske, slik at dei kan late so enkelte val aldri blei tatt.

 

Når alt rasar saman rundt dei har alle forskjellige måtar å takle situasjonen på, og mange gjør dårlige val då. Eg er ein av dei. Dei dårlige vala blir sett ned på av andre, av dei som takla ting beitre. Alle gjere feil ein gong i livet, men likevel ser dei ned på andre sine feil. Dei ynskjer å ta fokuset vekk frå sine eigne dårlege val. Barndommen setter stort preg på ein person gjennom heile livet, og nokon vel å gøyme den. Ikkje alle er like, ikkje alle har same oppvekst eller like meininga, men det er slike ting mange ynskjer å skjule.

 

Dette er ein vanskeleg oppgåve for meg, for eg slit med nettopp dette, å være innestengt i mitt eiget fengsel. Eg har gøymt meg bak denne muren, bak fasaden altfor lenge. Eg veit ikkje lenger kven eg skal være, kven eg eigentleg er. Eg har gløymt kva eg eingong meinte, fordi eg har vært nøyd til å gjømme meiningane mine. Ikkje alle av mine meiningar er godtatt av alle, og i samsvar med meg, har dei blitt fanga bak ein mur. På toppen av muren er det eit hol, alt som treffer muren blir liggande rundt den. Det bygger seg opp rundt muren. Til slutt kommer det over muren, og begynner å falle ned på egget inni. Da faller muren samtidig. Min mur har begynt å falle saman. Eg får ned mine tankar, mine kjenslar ved å skrive dikt. Og medan eg skriver om dikt og kjensler no, kan eg likegjerne ta med litt av eit eg har skrive:

 

«The rain is out there,

And my scares are here.

I need someone now,

But there is no one here.

 

There is so much pain,

There are so much dark,

Can’t anybody light it up?

Can’t anybody help me?

No, because there is nobody here»

 

Eg burde nok ikkje ha skrive på engelsk, men det får så være. Det diktet handlar om korleis det er å være innestengt i seg sjølv, korleis det kjennes å ikkje klare å sleppe nokon inn. Det sliter på kroppen, og på psyken. Den store utfordringa er ikkje å byggje muren, men å komme ut frå fengselet med heva hovudet. Å rive ned muren, bryte ned fasaden og stå frem som den personen du er, vil være den største utfordringa du vil møte etter å ha laga ein fasade. Alle har en fasade, men ikkje alle gøyme like mykje bak den.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish