Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Den merkelege turen – på jakt etter det ukjenteSkriv ut Utskrift

En hyttetur i høstferien uten foreldre.

Karakter: 6 (10. klasse)

Nynorsk - FortellingForfatter: Anonym



Alle hjalp kvarandre med å ta bagasjen ut av bilen. Mens eg sa ha det til far, tok dei andre med bagasjen sin inn på hytta. Endelig var vi 16 år, gamle nok til å dra på hytta aleine. Da bilen til far var ute av syne, tok eg sakene mine og følgde med dei andre inn på hytta. Det var iskaldt inne, men det er jo ikkje så rart, det var jo vinter. Vi fann fram pledd og fyrte i peisen i stova. Etter litt vart det godt og varmt. Louise fann fram litt snop og Andreas lagde varm sjokolade.  Medan dei gjorde dette, redde Malin, Nikolai og eg sengene våre.

 

Etter omtrent ein halv time sat alle i sofaen framfor peisen med ein kopp varm, rykande sjokolade. Det er utruleg kor lenge vi har halde saman, Louise, Malin, Nikolai og eg. Vi møttest i barnehagen og har vore vener sidan det. Andreas er ny i gjengen, men det kjennest som han er den manglande puslespillbrikka. Etter at han og Louise vart kjærastar, vart han raskt ein del av gjengen. Etter det har vi aldri krangla om noko.

 

Vi hadde gledd oss til dette. Ein heil haustferie til å stå på slalåm! Hytta ligg heilt nede ved slalåmheisen. Det er nesten ingen som kjem opp hit meir, så det er ingen kø i heisen. Den einaste andre her oppe er vel vaktmeisteren, det er han som styrer heisen.

 

Neste dag var vi tidleg oppe. Då var det berre på med skiene, ta heisen opp, og sette utfor. Det var flott å køyre på nysnøen. Det er lenge sidan eg har køyrt slalåm, men eg har framleis godt tak på det, i motsetning til Malin som knapt klarar å stå oppreist på skiene. Ho har alltid hatt litt problema med slalåm, men det brukar å gå bra. Louise og Andreas tok på seg oppgåva med å hjelpe henne.

 

Nikolai og eg hadde konkurranse om kven som kunne køyra fortast ned til heisen. Eg vann. Etter nokre fleire timar i bakken, tok vi oss ein pause. Vi gikk inn i hytta alle saman, og tok oss litt mjølkesjokolade. Det var godt med noko søtt etter ein lang dag i bakken. Malin hadde fått dreisen på skiene igjen, så vi bestemte oss for å ta den svarte løypa.

 

Vanlegvis køyrar vi dei raude bakkane, då hoppar vi av heisen før det veldig bratte partiet kjem. Men ikkje denne gongen. No skulle vi heilt opp på toppen. Etter fem minutt i heisen var vi på toppen. Nikolai byrja å køyre utfor, og eg følgde etter. Det tok ikkje lang tid før eg hadde tatt han igjen. Ikkje fordi eg køyrer fortare (noko eg forresten gjer), men fordi han hadde stoppa litt på venstre sida av bakken.

 

Først skjøna eg ikkje kvifor han hadde stoppa, men så såg eg dei raude flekkane i snøen. Nikolai såg spørjande på meg. Eg berre trakk på skuldrene. Malin kom køyrande og heldt på å køyre rett inn i meg. Ho byrja å kjefte på meg. Så såg ho blodet i snøen. Det vart veldig stille, ingen visste kva dei skulle seie. Andreas og Louise kom køyrande, og avbraut stillheita. Dei såg ikkje blodet, og lurte på kva vi hadde stansa for. Malin peikte på blodflekkane i snøen, som forsvann innover i skogen. Andreas sa at han fekk ei dårleg kjensle, og ville berre køyra vidare, men vi andre ville utforske. Det vart fire mot ein.

 

Eg vet ikkje heilt kva vi venta å finne. Instinktet mitt fortalte meg at vi skulle snu, men det var så spennande. Ingenting sånt hadde skjedd oss før. Alt hadde vore normalt og keisamt. Det var tid for litt «action». Truleg var det nokon som hadde køyrt inn i eit tre og skada seg. Eg trur det var det vi alle tenkte.

 

Etter som vi gjekk, vart det større og større avstand mellom blodflekkane. Så stoppa dei. Vi spreidde oss omkring for å finne fleire blodflekkar, men det var ingen der. Plutseleg høyrte eg eit skrik. Det var Malin. Eg sprang så fort eg kunne bort. Det var eit lik. Kroppen låg i ein unaturleg stilling på magen. I ryggen var det to kulehol.

 

Dei andre kom bort. Vi såg sjokkert på kvarandre. Alle forta seg tilbake til der vi hadde tatt av oss skiene. Vi køyrde så fort vi kunne ned bakken. Da alle var komne ned, sprang vi inn i hytta og låste døra etter oss. Vi avtalte at vi skulle samle oss i stova, etter at vi hadde sjekka at alle vindauga var låst. Da eg gjekk inn i stova, drog nokon meg bakover og eg kjente ein uuthaldeleg smerte i magen. Eg sank ned på golvet og kjende knivbladet i magen min skjera enda meir.

 

Eg såg meg omkring i stova. Louise, Nicolai og Malin var dei einaste eg såg. Kvar var Andreas? Eg klarte ikkje å halde augo opne lenger. Det gjorde så vondt i magen. Eg tvang meg sjølv til å opne augo ein siste gong. Eg høyrde ein enkelt bankelyd. Andreas hadde funne eit balltre og slått ned mordaren med det. Eg smilte for meg sjølv og så vart alt svart.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish