Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Anti-perfektivaSkriv ut Utskrift

Et forvridd syn på verden og mange psykiske problemer blir skildret i Anti-perfektiva.

Skrevet i 10. klasse på sidemål.

Nynorsk - NovelleForfatter:



Eit tre, eit lite tre på balkongscena. Huska i bakgarden svingar i vinden. Ho kviskrar namnet mitt. Eg vil ikkje vakne. Det er ikkje eit hus lengre, berre ei lukka framsyning, ei scene. Eit evig skodespel som aldri tek slutt. Eit heilt liv bak briljante ansiktstrekk og uoverkomeleg lykke. Dette er altså livet mitt. Eg er både glad og trist, og eg prøvar framleis og finne ut kvifor.

 

Munnvikane breier seg ut i eit strålande smil. Med hovudet høgt i solskinet vandrar eg gjennom opne gatar. Folk ser på meg, beundrar meg. Eg ser ham kome gåande og sommarfuglane i magen løpar løpsk. Dei grå auga får hjartet til å smelte. Kipen, spring eg mot ham med opne armar. Lepper mot lepper og det brusar i hovudet mitt. Likevel, ser han på meg med ei trist mine. "Kvifor er du ikkje meir glad for å sjå meg?" Eg pustar tungt, blunkar hyppig. Ser han meg ikkje? Ser han ikkje gleda i auga mine? "Du sa du skulle forbetre deg, at du skulle vise meire følelsar". Leppene mine skjelv, eg får ikkje fram eit ord. Eg klarer ikkje.

 

Korleis fikse noko som ikkje vil fiksas? Penselen stryk lange, vakre drag på lerretet. kvitt på svart. Det kjennes godt. Eg malar skuggar i mørket som strekk seg etter lyset. Plutseleg, vert dei kvite fargane raude, og finner meg sjølv fortapt i tankar, framleis med penselen i handa og ei stødig rørsle. Hovudet svulmar av informasjon, men kroppen held på som vanleg. Utan ei mine om munnen teiknar eg blodraude stripar over lyset og dei vakre fargane. Sjå på ansiktet mitt. Ser du kva som hender der inne?

 

Korleis fylle noko som ikkje vil fyllast? Eg kastar meg ned på bakken, breier meg ut i alt det kvite. Isingane kjennes godt på den bare kroppen. Med krum hand soper eg opp ei handfull kvitt pudder. Hjartet faller i brystet i det dei vakre krystallane forsvinn i handa mi. Tungpusta, soper eg opp ei ny. Enda ei. Eg legg ei kvit, forsvinnande diamant på tunga i håp om å redde det vakre. Eg tar ei ny. Enda ei. Det kjennes godt. Kroppen fylles med ro. Auga er fikserte på krystallane, huda isnande blå, kroppen skjelv i ekstase i det den fyllast. Med eit djupt komfortabelt sukk reiser eg meg opp, men vinden kviskrar rundt meg. Valdsamt sleng den seg rundt, tvinnar seg heilt inn i knoklane, inn i hovudet.

 

Eit tre, eit lite tre på balkongscena. Huska i bakgarden svingar i vinden. Ho kviskrar namnet mitt. Det er tid for å vakne. Det er ikkje eit hus lengre, berre ei lukka førestilling, ei scene. Eit evig skodespel som aldri tek slutt.  Eit heilt liv bak briljante ansiktstrekk og uoverkommeleg lykke.

 

Pulsen stig og eg bytter scene. Eg vandrar barføtt der vatnet druknar sanda. Utan nokon til å halde meg igjen, slepp eg taket. Brisen i lufta kviskrar rolig og ein båt passerar over meg. Eg finn ro under bølgjene i det eg søkk i det djupe havet. Ei hand strekk seg ned i djupet. Ikkje rør meg. Eit enormt ubehag fyller kroppen ved berøringa frå eit anna menneske. Kvifor forstår dei ikkje? Det einaste som alltid vil vere konstant i livet mitt er meg sjølv. Meg sjølv vil eg aldri miste. Eg vil aldri vere aleine.

 

Lange fingre glir nedover breie skuldrer, ei smal midje og elegante hofter, slik dei gjer kvar morgon. Fingertuppa tvinnar halvlangt blondt hår. Auga er festa med eit drømmande blikk på blå iriser så djupe som havet. Eg nynnar ei lita vise eg hugsar så godt; om ei tulle med auge blå, silkehår og med øyre små. Eg vaknar og let tankane søkke bort, langt under den rolige havoverflata i auga mine. Ikkje noko meir tankar. Eit strålande smil breier seg over ansiktet.

 

Ikkje noko meir Anti-perfektiva.

 

 

Notat til lærer: kanskje ikkje rette tida for å prøve noko nytt, men ikkje vær for streng med meg. Det virka interessant med ei novelle basert berre på tankar og eit forvrengt syn på verda. Håper du skjøner kva eg prøver å få fram og ikkje slår for hardt ned på poetisk språk, for eg HAR skrive ei novelle.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish