Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
DrittsekktvSkriv ut Utskrift
Om såpreopera og virkelighetstv
Nynorsk - TemaoppgaveForfatter:




Hotell Cæsar, Robinson ekspedisjonen, Baren og Big Brother er navn på store TV suksessar som har skapa mykje blest og oppstyr den siste tida. Men kan ein eigentleg omtale denne nye trenden og utviklinga innan slike reality program som suksessrik? Kva slags budskap og verdiar er det som blir formidla ut til dagens ungdomssamfunn gjennom denne ”vinn eller forsvinn” mentaliteten? Somme har gått så langt at dei kallar denne programforma for ”dritsekk-TV”.

Omar Mekki, ein skuleleiar frå Bergen, oppfordra før jul foreldra til å ta tilbake fjernkontrollen og dei ansvarlege TV-redaktørane til å sende program av typen "Hotel Cæsar" på TV 2 og "Robinson" på TV3 så seint på kvelden at born i grunnskulen ikkje vil bruke mykje tid på dei. Mekki argumenterer med at å baktale, vere utro og bedra i "Hotel Cæsar" og bløff, løgn, banning og uhemma flørting i "Robinson" og andre såkalla ”reality -TV- seriar river ned den verksemda skulen freistar å drive for å lære borna toleranse og samarbeid. Gjennom desse TV-seriane vert borna indoktrinert at det lønner seg betre å bruke egoistiske og ufine metodar enn å respektere og hjelpe kvarandre, slik dei lærer på skulen, mente Mekki. Rektoren fikk først støtte frå et fleirtal av kollegaene sine i bergensområdet. Nå har også leiarane i Lærerforbundet, Anders Folkestad, og i Lærerlaget, Helga Hjetland, samt barneombod Trond Waage sluttet seg til kritikarane sine rekker.


Henriette Lien, ein av stjernene i ”Hotell Cæsar”, meiner at ein burde ha 15. års grense på slike program. Ho framhevar at serien ikkje er meint for barn og at ho aldri ville latt sine eigne born sjå på ”Hotell Cæsar”.

Med det motsette syn uttaler medieviter Alex Iversen seg til pressa. Han har skrevet hovudoppgåve om såpeoperaer og ”reality-TV”. Born som ser menneskjer oppføre seg dårleg på TV, byrjar ikkje sjølv å oppføre seg dårleg, det er ei logisk kortslutning. Han skjønner ikkje at nokon kan tru at ungar identifiserer seg med dei ”onde” i TV seriar som ”Hotel Cæsar”. Han seier at det er like tåpeleg som å vere imot eventyra våre, fordi borna kan kome til å identifisere seg med Per og Pål si asosiale åtferd. Påverkinga frå venner og familie er det viktigaste. Han meiner at utspelet frå Mekki er det kulturforskarane kallar ”mediepanikk” . Den oppstår når nye, populærkulturelle genrar gjer seg gjeldande. Slik var det og når filmen kom og båe jazz, rock, teikneseriar, TV, video, videospel og internett blei ramma av den same panikken. Reaksjonane er eit utrykk for sosial angst som skyldast dyptgripande sosiale og kulturelle endringar i samfunnet.

Søkarane til desse programma står i kø for å sleppe til på skjermen. Robinson ekspedisjonane har hatt 5000 og 3000 søkarar til dei to omgangane som vore sendt. Vet dei kva det inneber å vere med i slike ”dritsekk program” ? Vil utviklinga gå slik at ein må ty til meir og meir ekstreme verkemiddel for å halde på sjåarane, og kva inneber dette for framtidige deltakarar? Vert grensene for blygskap flytt slik at deltakarane må vernast mot seg sjølve? Dei er ofte unge og urøynde og kan kome til å ofre for mykje for sin ”C-kjendisstatus”.


Det er eit faktum at det er dei reklamefinansierte kanalane som går fremst når det gjeld å utvikle denne programforma. Dei har lite anna korrektiv enn sjåartala. På bakgrunn av dette kan ein vente seg meir ekstreme programinnslag for å halde på sjåarane si interesse.

Dette er ei relativt ny programform med ei eksplosiv utvikling. Forskinga omkring TV-programma si påverknad på born er ikkje eintydig nok til å trekke bombastiske konklusjonar om kor mykje eller lite skade dei omstridde seriane eigentleg gjer. Som på mange andre områder i livet må kvar enkelt sjølv gjere val ut frå dei verdiar en ønskjer å byggje sitt og borna sitt liv på.



annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish