Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Ein kropp full av merkerSkriv ut Utskrift

Ei jente som står ovenfor et stort valg - nemlig sitt eget liv.

Karakter: 6 (10. klasse)

Nynorsk - NovelleForfatter: Anonym



Ho haldt silkekjolen hardt mot brystet samtidig som ei varm tåre møtte det iskalde andletet. Pusten gjekk usedvanlig fort, men eit augeblikk lukka ho auga og tok eit djupt andedrag. Hendene skalv fortare for kvart sekund, ho la silkekjolen ned på det harde golvet før ho knyta hendene godt fast rundt gelenderet.

I det ho opna auga møtte ho eit snev av frykt. Ho førestelte seg at han sto framfor ho, med det same uttrykket som alltid, før han slo ho. Auga blei pressa igjen og frykta spreidde seg til heile kroppen. Munnen hennar forma orda «vær så snill pappa.» Det var tydeleg at ho var opprørt. Ved sidan av silkekjolen låg det eit bilete som ho stadig såg på.

Alle løgnene ho hadde fortalt. All smerten ho hadde opplevd. Om eit lite augeblikk var alt over, kvart eit andedrag kunne vere det siste. Ho opna auga for å beundre verden ein siste gong, nedfor hadde ein mengde av folk samla seg. Ei dame haldt framfor auga på den unge guten hennar mens ho gispa. De stirra opp mot henne med eit forvirra fjes. Ei blåklokke fanga blikket hennar, hovudet var bøygd mot bakken. Ingen ville lagt merke til blåklokka viss den var omringa av andre planter, men når den sto aleine var det umuleg å unngå og sjå den.

Ho snudde seg mot døra. Refleksjonen av andletet i vindaugsglaset var det einaste ho kunne sjå. Det blonde håret låg dødt over skuldrene hennar. Auga var mørke og triste. På halsen såg ho eit blått merke, ho strøyk handa over det før ho løfta opp biletet som låg på bakken. Ei tåre møtte overflaten, ho var kjapp til å tørke den vekk.



Bilete haldt ho gjømt i handa i det ho snudde seg mot folkemengda igjen. Ingen la merke til at ho lista seg over på den andre sida av gelenderet. Vinden tok tak i håret hennar og delte kvart eit hårstrå. Igjen knyta ho hendene godt fast rundt gelenderet. Avstanden mellom bakken og balkongen var høg. Ho konsentrerte seg om pusten, og let brystet heve seg.

Kalenderen viste at det var 14. juli, ein heilt alminnelig dag. Jenta strakk handa gjennom gelenderet og grep tak i silkekjolen. Ho stirra lenge på den mens tankane strømte gjennom hovudet. Første gang ho brukte silkekjolen var i bryllaupet til foreldrene, i dag var det nøyaktig seks år sidan. Ho hugsar framleis kor stolt ho var i det dei gjekk opp kyrkjegolvet med hundre blikk retta mot dei.

Ikkje mange år seinare var dei med i ei dramatisk bilulykke. Livet til mor hennar gjekk tapt, det var her faren begynte å oppføre seg som eit monster. Det starta smått, men utvikla seg raskt. Nå sto ho her, med bare føtar, og ein kropp full av merker. Ho hadde levd fleire år bak ein fasade av løgn.

Bilane raste under henne og folkemengda hadde blitt større. Noen var rolige og prøvde å kontrollere situasjonen, andre skreik, hylte eller kviskra. Det var kviskringa ho høyrde. Stakkars jente, nokon må gjere noko. Trur du ho er sjuk? Kva kjem ho til å gjere? Orda omringa ho. Ho tok eit djupt andedrag, lukta av svidd asfalt fekk ho til å grøsse. Ho knep auga hardt igjen før ei tåre sakte trilla ut av augekroken. Håret svevde gjennom lufta, vinden løfta genseren, men kjolen haldt ho framleis tett inntil kroppen.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish