Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave


propaganda.net : Skole & Jobb
DrømmefangerenSkriv ut Utskrift
Bokmelding av Unni Lindell's Drømmefangeren. kort.
Nynorsk - Anmeldelse (bok, film...)Forfatter: Anonym



Kriminalroman, også betegna som ein psykologisk thriller.
Utgitt av Aschehoug.
Unni Lindell (f. 1957) debuterte med ein ungdomsroman i 1986. Etter det har ho skreve over 20 bøker.
Ho fekk Kritikarprisen for ungdomsromanen Sugemerket i 1994 (ei bok eg óg har lese), og fekk Rivertonprisen for Drømmefangeren i 1999. Viss du vil lese fleire bøker om Cato Isaksen, så kan du lese Slangebæreren (1996) eller Sørgekåpen (2000).

Mi meining:
Ei veldig god bok etter min smak. Du fekk eit innblikk i etterforskar, Cato Isaksens privatliv samstundes som du fekk vite kva som svirra rundt i hovudet til alle rundt han, inkludert mordaren.
Veldig intense skildringar av hendingane. Mordet som skjedde ganske tidleg i boka, vert skildra på ein måte som gav deg frysningar heilt ned i korsryggen.
”Skrikene hennes minnet om luft. De var tynne og lysegrønne, som regnet, og hadde festet seg i halsen.
Han enset ingenting rundt seg. Hun ville opp igjen. Hun hadde tydeligvis satt et stygt navn på døden.”

Cato Isaksen sitt privatliv er og ei stor sak i denne boka. Vi får vite at han er tilbake hos sin fraskilte kone, men at han forelskar seg i den litt spesielle kollegaen, Ellen. Vi får óg høyre om eks-sambuaren Sigrid, som ventar barn med den nye kjærasten sin.
Det blir nok lagt litt for stor vekt på etterforskaren enn det er på mordaren. Det blir litt lenge mellom kvar gong vi får høyre frå han. Men elles er det ei bra gjennomført bok.

Handlinga:
19 år gamle Therese Geber blir brutalt myrda og dumpa ein haustkveld i Oslo. Drapsmannen kallar seg Null Nalen.
Du skjønnar tidleg at han har jakta på ho lenge. Lesaren får nokre små glimt av og til, om korleis mordaren tenker. Han legg ut mange blindspor slik at det blir omtrent umogleg å peike ut kven mordaren er.

Therese sin familie blir ståande att utan nokon forklaring på kvifor dottera deira blei teken frå dei. Lenge blei det spekulert i at det var eit tilfeldig drap, men mordaren hadde lagt andre planar for dei.
Tvilling søstera til Therese, Tanja Geber, har det ikkje så godt etter at søstera forsvann. Ho lid av spisevegring og er eit svakt menneske. Ho hadde søstera til å forsvare ho og passe på ho.
Men no blir ho plaga av pustande tause telefonoppringingar, og ho oppdagar ein kikkar i leiligheten bort forbi dei.
Det blir eit kappløp med tida når Cato og resten av etterforskarane skjønner kva som foregår.

Eg anbefaler denne boka på det sterkaste. Når du først har kome i gang, er det vanskeleg å legge boka frå seg.
Er ikkje noko for dei yngste i familien, men til dei som liker spenning og liker å lese.

Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish