Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Er det typisk norsk?Skriv ut Utskrift
Kåseri om det som er typisk norsk.
Nynorsk - KåseriForfatter:



180 MINUTT I VEKA sit vi der. I klørne til lærarinna i eit lite rom i fyrste etasje i ei trist murbygning i midten av ein mellomstor norsk by på sørkysten. Persiennene er lukka mot verda på utsida – berre tynne striper av sol slepp igjennom og teikner lyse striper på den sjukehusmålte veggen og skin elevane rett inn i halvopne auge og heilt inn til hjernen. Her blandar ljoset seg med brotstykke av verb, kasus, direkte og indirekte objekt, bøyingsformer, omsetjingar og dialogar.

 

Felles for dei alle er at dei krev pugging og hardt arbeid om ein vil kome opp på eit anstendig karakternivå, og at timane og lærarane ikkje akkurat livar opp motivasjonen.

Elevane lagar skjema der dei kryssar av kor mange minutt som er att, medan overivrige, frankofile, anglofile eller germanofobe lærarar gestikulerer og forklarer dei innerste løyndomane i språka.

Det er noko eiga med lærarar i framandspråk. Dei vil så gjerne vere verdsvante, kontinentale, europavenlege – men under all sminken, dei upraktiske, elegant danderte silkesjala og draktene som på ei 20 år yngre dame ville verka snertne, klarar dei likevel ikkje å dekke over det faktum at dei eigentleg berre er heilt vanlege husmødre som synest at franskmenn er søte, og som kan hende ein gong i ungdommen kosta på seg ei språkreise.

 

Kva er eigenleg løyndomen bak Steven Spielbergs filmsuksess eller Clintons politisk suksess: Kva er det eigenleg som gjer at Spielberg alltid klarar å halde orden i alle manusa sine, og at Bill Clinton alltid har talene sine i korrekt rekkjefølgje under alle politiske møta og samlingar? Sjølvsagd måtte det vere ein norsk oppfinning bak - nemleg bindersen.

 

Noreg har god økonomi, takket vere havet sitt svarte gull. Og om ikkje akkurat olja er eit typisk norsk fenomen, så er i alle fall boreriggane det. Vi lagar norrøne namn på dei slik at kaksane frå utlandet ikkje har den minste tvil om kor oljen dei kjøper kjem frå, nemleg Noreg. Vi har til og med laga våre eigne seriar om nettopp livet på boreriggane. "Offshore" heiter ein av desse, og er typisk norsk. Serien handlar om vanlege norske menneske med normale norske problem, og dei arbeider på ein boreplattform. Pengane olja gir oss, dei brukar vi til å byggje nye flyplassar, pusse opp slottet eller lage opera. Ja, Noreg. Det er landet som prioriterer. Men oljepengane vert brukt til så mykje, for det er uendeleg av dei. Det meste av oljepengane blir brukt til å lage eit oljefond, slik at alle etterkommarane våre skal ha pengar til å klare seg gjennom livet. Ikkje bry deg om at det ikkje er meir olje att på jorda til den tid, berre det er pengar til borna våre så. Sidan vi er norske så skal vi visa kor flinke vi er til å tenkje langsiktig, tenkje på framtida og tenkje på våre etterkommarar. Vi er jo berre eit av verdas rikaste land, det ville vore for gale å bruka pengane på noko vi trong no, som skular og eldreheimar til eit eksempel. Nei, vi skal forran som eit godt eksempel for alle landa, slik at dei kan sjå opp til oss. Typisk norsk....... Det er ingen land som tek så godt vare på innbyggjarane sine som vi gjer. Berre du har litt vondt i kneet eller olbogen kan det hende helsevesenet ikkje vil pleie deg her i Noreg, og sender deg avgarde til Tyrkia for rehabilitering. Der kan du drikka deg full kvar kveld, det er jo det vi nordmenn gjer i "Syden". "Vi er norske og det ser du på måten vi drikk..". Men først må du kanskje stå nokre år i såkalla helsekø der du lærer at det er mykje strev bare for å sende ein person avgarde. Du skal væra takksam for at du i det heile tatt har sjansen til å få gjort noko med helseplagene dine.

 

Når folk har vore på ei reise langt, langt vekk, gløymer dei ofte å tenke over den viktigaste delen av heila reisa. Nemleg det å kome heim. Først da skjøner ein kor ein verkeleg har vore og korleis ein har hatt det.

 

Eg hugsar framleis ei historie eg las i Donald da eg var liten, kor Donald sjølv skulle til Syden. Han bestemte seg for å dra til flyplassen for å sjå korleis dei som kom heim hadde hatt det. Der fekk kan sjå at ei gruppe menneske, som hadde kome heim frå ein sydentur, var mykje gladare enn dei som hadde vore ein annan plass i Syden. Donald valde sjølvsagt å dra til den plassen kor menneska kom smilande tilbake frå. Det viste seg å ikkje vere heilt klokt. Det hadde seg nemleg slik at dei var glade for å kome heim! Ikkje fordi dei hadde hatt det bra. Langt i frå. Dei hadde rett og slett hatt det forferdeleg.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish