Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
17. mai er vi vel glad i?Skriv ut Utskrift
Kåseri om 17. mai-feiring.
Nynorsk - KåseriForfatter:



”Ja vi elsker dette landet” har vi i fleire veker trent på å syngje reint, fint og flott. Og om flagget vårt i raudt, kvitt og blått.

Alle som kan lese dette, kan i alle høve eit vers frå den songen eg no tok til å skrive.

 

Ein stor del av Noregs innbyggjarar veit òg kvifor vi syng denne songen på nettopp den 17. mai – og ikkje på den 12. oktober til dømes.

Eg kan seie så mykje som at Noreg hadde vore berre i samband med Danmark heilt sidan 1500-tallet. I 1814 blei vi ”seld” til Sverige, men vi fekk vår eigen grunnlov som vart underteikna den 17. mai 1814. Grunnloven inneheld dei grunnleggjande lovane her i landet.

 

Kort og godt, kan vi altså seie at vi feirar den syttande mai fordi ein gjeng med menn sat seg ned og fann opp reglar. ”Hurra for reglar!”, liksom.

 

Sjølvsagt er det ikke berre det som ligg under no i dag, vi feirar først og fremst for å vise kor ustanselig glade vi er i landet vårt, og for at vi får lov til å bu her. Og sjølvsagt for at ein eldre herre med blått blod og kan hans med hattar nok til alle i Kina skal få vise fram terrassen sin.

 

Er det alt vi gjer? Nei, da. Vi går i, eller ser på, tog. Og på 17. mai går det alltid eit tog, heilt utan avsporingar!

Toga er fylt med glade ungar, bakfulle russ og lærarar som for ein gongs skuld let elevane sine rope så høgt dei kan. For dette er barnas dag.

 

På sidelinja står mødre, som i fleire veker har diskutert med sine venninner om kva for bunad som er finast, vatnkjemma fedre med ein raud, kvit og blå rosett på brystlomma på den møll-ete dressen og fotoapparatet i handa, besteforeldre med gnagsår og vondt i ryggen, og grinete småsysken.

 

I folkehavet kan man sjå ikkje så få flagg og skulefanar. Seksåringar som knapt kan seie ”Hurra!”. Ungdommar som man til vanleg ser med ”saggebukser” og hettegenserar står fram i dress, nystrøket skjorte og slips, truleg etter intens kamp med mor.

Slik går dei pent og pynteleg i toget, eit tog som NSB berre kan drøyme om!

 

Den gamle tradisjonen med 17. mai-tog er ikkje like gammal som Grunnloven. Det fyrste toget gjekk i Trondheim nokre tiår seinare, rundt 1830. Men toget kunne ikkje ha vore like artig å sjå på som det er i dag. Det var nemleg berre byens fremste menn som fekk gå.

 

At NRK kan nytte halvparten av dagen til å sende frå barnetoga, kan dei takka Henrik Wergeland for. Han var ein snill mann som kjempa for at også dei aller minste fekk ta del i denne gledesdagen.

 

Når barnetoget endeleg er over, kan familiane ta ein velfortent pust i bakken, etter timelang marsjering på brostein og det som verre er.

 

Denne pausen nyttast ofti til at barna skal få ete sin fleksible iskvote, slik at dei kan søle kvalitetsvarar frå Diplom-Is på den godt brukte dressen til far.

Dimed blir far mildt sagt forbanna, og skrik tabuord, som eg ikkje tør skrive, i frykt for å måtte bu i utlegd resten av mitt liv!

Etter ein ti minutters lang overhaling, begynner minstemann å grine, far angrar og kjøper gassballong.

 

Når den femte gassballongen ein time seinare har floge av stad, må dei ut og sjå på eit nytt tog, med byens organisasjonar, sangkor og korps.

 

Eit par timar seinare kan dei endeleg gå heim, far kan ta av finbuksa som har vorte så trang sia sist 17. mai, mor kan kaste steika i ovnen, og bestefar kan setje seg ned og mimre om då dei gjekk i syttande maitog i smug under krigen.

 

På nyheitane fortel dei om jordskjelv i Egypt og om skotveksling mellom israelerar og palestinarar, og det er full semje i stove om at det fins ingen betre plass å bu enn i Noreg.

 

Så kan dei leggja seg, og dei har framleis ”Gammal Jegermarsj” sitjande fast i øyret. No kan dei drøyme så vakkert om Noreg, heilt til dei vaknar neste dag og ergrar seg over kor dyrt og kaldt det er i Noreg, og seier som Odd Børretzen: ”Noreg er eit fint land å reise frå!”

 

Eg vil seie:

”Blant alle lande i øst og vest,

er fedrelandet mitt hjerte nest!”

HURRA!




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish