Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Einaste utvegSkriv ut Utskrift
Et dikt om mobbing.
Nynorsk - DiktForfatter:


Kva skjedde da ei lita, ung jente

fekk verda og alle imot seg?

Og kva som til slutt hende...

Sitt ned, så skal eg fortelja deg

Ho går omkring heilt aleine,

Men er det det ho eigentleg vil?

Ho seier ikkje det ho meine..

Ho prøvar alltid å vere snill...

Alle seier at ho skal vere stille,

at ho berre kan ha seg vekk..

Litt nærkontakt, det var det ho ville,

men alltid var det dei som gjekk..

”Kva er det som er gale med meg?”,

ho spør seg nok ein gong..

Ho står attmed spegelen og ser på seg,

ho er da lita, slank og ung...!!?!

”Kva er det dei ikkje lik´?”

Ho prøvar jo å vere som dei andre..

Ho har da likedan kledning og slik,

sjølv personlegdomen har ho greid å forandre...

Men blikka dei sendte, og smerta det gav,

kjensla at ho ikkje blei godteke,

og alle dei utruleg stygge orda dei sa,

der dei sto i klynge, leande og peke...

Det var som ein stor stein i hennes mage,

og klumpen i halsen var like stor...

Det er utruleg kor mykje eit menneske kan skade..

Er det noe rart det er krig på jord...?!??!

Ingen visste korleis det var,

Om kor mange gonger ho hadde grini for dette,

Kor mange gonger ho fekk eit grinete svar,

Høre ho var ubrukeleg... Du kan alltids gjette...

Kva var det som var feil da?

Ho var jo akkurat som dei!

Men mobbinga ville inga ende ta,

og no starta ho bli temmeleg lei...

Alle vende seg imot ho,

ville ikkje ha noko med ho å gjere..

Alle berre såg på ho og lo..

Kor grusomt kan eit menneske vere...?!?!?

Så ho gjekk der alltid aleine,

og ho var alltid så trist..

Ville nokon hjelpe ho no, var dei for seine..

Kva skulle ho gjere? Dei skulle ha visst....

Ho sette seg ved pulten, og nynna på ein song,

skreiv eit avskjedsbrev til sin far og mor...

...mens tårane rann for siste gong..

Sjølvmord – einaste utveg frå helvete på jord...




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish